Fylke og heimfesting

I offentleg samanheng har fylka lenge vore oppfatta som dei einaste relevante einingane i den norske geografien når ein skal heimfeste ein stad, altså opplyse om kor staden ligg.

AV LARS S. VIKØR

Fram til i fjor heitte det Vinstra i Oppland, Ål i Buskerud, Ulvik i Hordaland, Førde i Sogn og Fjordane, Volda i Møre og Romsdal. Å opplyse om fylkesnamnet burde vere unødvendig i desse tilfella, for dette er såpass store og velkjente stader at folk vel stort sett veit kor dei er, i alle fall dersom dei kan geografien godt nok til å plassere alle fylka. Men det finst mange bygder som ikkje er så kjent for alle utanfor det aktuelle distriktet: Sollia i Hedmark, Uvdal i Buskerud, Høyland i Rogaland, Innvik i Sogn og Fjordane, Aure i Møre og Romsdal. Da kan det vere nyttig å plassere dei i eit større område.

Dei nye doble fylkesnamna er så upresise at dei er ubrukelege.

Etter fylkesreforma har NRK halde fram med å heimfeste stader, men skifta ut dei gamle fylkesnamna med dei nye. Vi ser stadig heimfestingar av typen Sollia i Innlandet, Vinstra i Innlandet, Ål i Viken, Uvdal i Viken, Ulvik i Vestland, Førde i Vestland, Innvik i Vestland. Som før blir det Høyland i Rogaland, Volda i Møre og Romsdal og Aure i Møre og Romsdal.

Problem med dobbeltnamn

Når ein skal heimfeste stader i nye fylke med dobbeltnamn, blir det vrient. Eit døme på det er «Tønsberg i Telemark og Vestfold». Det skjer i auga (øyra). Éin ting er at heimfestinga vel ikkje er nødvendig her. Ein annan ting er at Tønsberg, som vi alle veit, ikkje ligg i Telemark, men i Vestfold. Fylket «Telemark og Vestfold» består av to delar, området Telemark og området Vestfold, og byen ligg ikkje i begge områda. Problemet med dobbeltnamn gjeld for så vidt også gamle fylke som Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal: Førde er i Sunnfjord og Innvik i Nordfjord, altså ikkje i Sogn, og Volda er på Sunnmøre og Aure på Nordmøre, altså ikkje i Romsdal. Men dette er vi så vant til at vi ikkje reagerer.

Ein bør heimfeste stader i landskap i staden for i fylke.

Uansett blir heimfesting med nye doble fylkesnamn så upresise at dei er ubrukelege, særleg for dei mindre stadene. Da har vi eit godt alternativ, som NRK og andre bør innarbeide: Norske lokalsamfunn har meir presise heimfestingar, som dei har vore kjent for i hundrevis av år, dei tradisjonelle landskapsnamna. Landskapa er faste einingar i den norske geografien, med røter tilbake til mellomalder og vikingtid og lenger bakover, og landskapsnamna er i full bruk i dag. Det er dei tradisjonelle landskapa folk identifiserer seg med, i mange tilfelle langt meir enn med fylka, og dei blir ikkje endra eller fjerna frå medvitet til folk gjennom byråkratiske vedtak. Derfor bør heimfestingar av norske bygder, bygdebyar og andre lokalsamfunn no førast tilbake til den gamle praksisen med å heimfeste stader i landskap i staden for i fylke. Det bør heite Sollia i Østerdalen, Vinstra i Gudbrandsdalen, Ål i Hallingdal, Uvdal i Numedal, Høyland på Jæren, Ulvik i Hardanger, Førde i Sunnfjord, Innvik i Nordfjord, Volda på Sunnmøre, Aure på Nordmøre. Slik det eigentleg alltid har heitt.

Passar i vêrmeldinga

Det betyr ikkje at fylkesnamn som «Telemark og Vestfold», «Innlandet» m.m. aldri skal brukast, men som geografiske heimfestingar er dei uhøvelege. Ein bør bruke desse namna berre når det er snakk om fylka som administrative einingar, t.d. «fylkestinget i Telemark og Vestfold» o.l. – eller når ein omtalar heile det området som fylket dekker, t.d. når ein i vêrmeldinga sveiper over eit heilt fylke. Men når ein omtalar og heimfestar konkrete stader, må dei lokaliserast meir presist, og da er jamvel dei gamle fylkesnamna i mange tilfelle litt for romslege og upresise. Større og velkjente byar bør ein likevel kunne nemne utan å heimfeste dei; det er vanleg at ein seier berre Bergen, Sarpsborg, Kristiansand, Trondheim utan å nemne fylket attåt, og det bør ein halde fram med. Dei som ikkje veit kor desse og tilsvarande byar ligg, blir neppe særleg klokare om fylkesnamnet blir teke med.

Fylkesnamn som Trøndelag kan ein vere litt ambivalent til. Det er jo eit gammalt landsdelsnamn i seg sjølv, eitt av dei mest sentrale namna, med røter tilbake til førhistorisk tid, og slik sett uproblematisk. Samtidig kan ein seie at namna Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag blir meir presise og opplysande, for dei fortel betre kor Orkdal, Oppdal, Leksvik og Stjørdal faktisk ligg. Her burde ein kunne bruke begge heimfestingstypane alt etter kor nøyaktig ein vil vere i kvart konkret tilfelle.

 

-- Lars S. Vikør er pensjonert professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter