Språkpolitikk er ikkje alltid språkpolitikk

Eit høgaktuelt tema i den språkpolitiske debatten i Noreg dei siste åra har vore tilhøvet mellom norsk og engelsk. Mange er uroa for at det norske språket vil tape domene til engelsk, det vil seie at engelsk kjem i bruk på heile samfunnsområde som før har vore norskspråklege.

AV RAGNHILD LJOSLAND

Eit område som det har vore peika på, er akademia. Etter andre verdskrigen har engelsk gradvis vorte det mest brukte framandspråket i forsking og høgare utdanning her i landet og i verda elles. Særleg i dei siste 20–30 åra har dette vorte merkbart. Til dømes var nær ni av ti doktoravhandlingar som vart leverte inn ved universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim i 2007, skrivne på engelsk. Det har også etter kvart vorte meir vanleg enn før med undervisning på engelsk, sjølv om norsk utvilsamt er hovudspråket i det meste av undervisninga.

På lesesalenAt vitskapsfolk tar del i internasjonale nettverk og brukar framandspråk for å kommunisere med fagfellar, er ikkje noko nytt. I riktig gamle dagar var det latin som hadde denne funksjonen. Men det nye er at universitetssektoren no er open for mange fleire enn før. Store delar av ungdomskulla tar høgare utdanning. Universitetet har vorte ein del av livet til mange fleire nordmenn enn før. Dermed har også spørsmålet om korleis språksituasjonen er, og kvar vi vil med språket i akademia, vorte viktigare.

Språkpolitikk i akademia

Det finst nokre språkpolitiske retningsliner å stø seg til for dei som arbeider ved universitet og høgskular. Fram til 2002 stod det ein paragraf i universitets- og høgskulelova som slo fast at undervisningsspråket til vanleg skulle vere norsk. Men i 2002 vart paragrafen stroken, og i tre år framover levde universitets- og høgskulesektoren i eit språkpolitisk vakuum. Frå 2005 byrja det derimot å skje ting, og ei rekkje instansar kom på banen med språkpolitiske initiativ: Både Universitets- og høgskulerådet og Språkrådet kom med framlegg til språkpolitikk for sektoren, og fleire av universiteta byrja å arbeide med å lage eigne språkpolitiske retningsliner for sin institusjon. Krona på verket så langt er stortingsmeldinga Mål og meining, som kom i 2008.

Vil det seie at spørsmålet om kvar vi går, og kvar vi vil hen med språket i akademia, no er avklart? Langt ifrå. Det er nemleg ikkje berre språkpolitikken som avgjer dette. Dei språkpolitiske retningslinene frå Universitets- og høgskulerådet, Språkrådet, universiteta sjølve og frå regjeringa i Mål og meining handlar eksplisitt om språk. Men det finst også annan slags politikk, målsetjingar og avtalar som har konsekvensar for språkbruken, og som ikkje er laga som språkpolitikk. Og det er det vi skal sjå nærare på no.

På sida av språkpolitikkdebatten

Vi kan byrje med eit eksempel frå Danmark, ettersom det viser problemstillinga svært tydeleg. Danmark var tidlegare ute enn Noreg med å utarbeide nye språkpolitiske retningsliner for universitetssektoren. Alt i mars 2003 kom det danske Rektorkollegiet med Sprogpolitik på de danske universiteter. Så kom Kulturministeriet med utgreiinga Sprog på spil i mai og Sprogpolitisk redegørelse i desember 2003. I 2004 kom først Rektorkollegiet med Internationalisering af de danske universiteter, så kom Undervisningsministeriet og Videnskabsministeriet med Redegørelse til Folketinget om styrket internationalisering af uddannelserne. I 2006 kom den danske regjeringa med Fremgang, fornyelse og tryghed. Strategi for Danmark i den globale økonomi. I dei tre dokumenta frå 2003 kan ein sjå ei bekymring for at aukande bruk av engelsk skal få negative konsekvensar for Danmark og for det danske språket. I dei tre dokumenta frå 2004–2006, derimot, er det ei meir einsidig positiv haldning til internasjonalisering. Bruk av engelsk vert her sett på som eit godt middel for å oppnå internasjonaliseringsmål. Skilnaden ligg i mandata til dei ulike dokumenta. Mens dei tre første dokumenta er skrivne som språkpolitiske dokument, handlar dei tre siste ikkje om språk, men om internasjonalisering, konkurranse og globalisering. Dei tre første har språkvitarar med i forfattargruppa, mens dei tre siste ikkje har det. Dette syner at det ikkje berre er reint språkpolitiske dokument som er relevante for den språklege situasjonen. Det syner også at det ikkje berre er språkvitarar som avgjer språkpolitikken. Kanskje vert det teke vel så viktige avgjerder i fora der språkvitarar ikkje er med, og der hovudvekta ikkje ligg på det språklege i det heile.

Slik er det også i Noreg. Sjølv om vi etter kvart har fått ein sunn debatt og gode språkpolitiske initiativ både på nasjonalt plan og ved universiteta, skjer mykje også utanfor desse foraa. Dei viktigaste stikkorda i denne samanhengen, internasjonalisering og konkurranse, treng ein ikkje leite lenge etter for å støyte på.

Nye ideal

I dei siste tiåra har det vakse fram nye ideal for universitetssektoren. Mens ein på 1800-talet ville bruke universiteta som ein reiskap for nasjonsbygging – ikkje berre i Noreg, men også i andre land – har dette mot slutten av 1900-talet og inn på 2000-talet langt på veg vorte erstatta av idealet om fri konkurranse. Universiteta kjempar mot kvarandre for å komme på toppen av internasjonale rangeringslister. Øvst ruvar dei vidkjende engelske og amerikanske universiteta, og norske universitet har så langt aldri vore å finne heilt på toppen. Men det tyder ikkje at ein ikkje kan sikte dit. Til dømes er NTNU ikkje snauare enn at dei har sett seg som mål å komme inn på rangeringslistene som eitt av dei ti beste teknisk-naturvitskaplege universiteta i Europa. Og universitetet sin strategi fram mot 2020 har like godt fått namnet «NTNU 2020: Internasjonalt fremragende».

Konkurransen gjeld både forsking og undervisning. Høgare utdanning er blitt lik ei vare, studentane er kundar, og universiteta er bedrifter som kjempar om kundane. Dette er utdanningsmarknaden. Som på andre marknader skal det vere mest muleg fri flyt på utdanningsmarknaden òg. I GATS-avtalen – ein avtale gjennom Verdsbanken om handel med tenester, som Noreg er med i – er høgare utdanning definert som ei handelsvare. Noreg er dessutan også med i Bologna-avtalen. Det er ein avtale mellom ei rekkje europeiske land, som skal gjere det lettare for studentar å reise til dei andre avtalelanda for å ta utdanning. Som ledd i Bologna-avtalen fekk vi i Noreg ein ny gradsstruktur, der lågare grad fekk namnet «bachelor», mens høgare grad vart heitande «master». Ideen bak Bologna-avtalen er at avtalelanda skal utgjere eitt einskapleg område for høgare utdanning, der studentane kan reise fritt og «shoppe» litt utdanning her og litt der. Dei skal kunne velje og vrake og setje saman dei beste delane til den utdanninga som passar dei best. Og det er då universiteta må vere på banen for å kapre «kundane», det vil seie dei flinkaste, helst, av dei mobile studentane.

Den språklege kvardagen

Men korleis skal Bologna-avtalen fungere språkleg? Skal dei mobile studentane lære seg språket i landet dei kjem til? Kan ein vente seg det når dei kanskje berre skal vere der eit halvt eller eitt år og dei i tillegg har tidspress på seg for å fullføre bachelorgraden sin på berre tre år? Eller skal ein heller satse på å bruke eit fellesspråk som «alle» kan – altså engelsk? Kva ligg i ordet «internasjonalisering»? Skal det vere noko fleirkulturelt og mangfaldig? Eller tyder det heller noko samlande på den måten at utdanningstilboda i dei ulike landa vert meir like – både i innhald og språkleg? I entusiasmen over den flotte visjonen som Bologna-avtalen er, ser det ut til at språkdiskusjonen har vorte gløymd. Bologna-avtalen er ikkje noko språkpolitisk dokument. Faktisk nemner ikkje sjølve avtalen språkspørsmålet med eitt ord. Dei språklege konsekvensane av avtalen har vist seg i kvardagen og er ikkje ein del av sjølve visjonen. I Noreg har det vorte teke som sjølvsagt at vi må tilby undervisning på engelsk for å trekkje til oss fleire utanlandske studentar.

I forskinga er det òg konkurranse og internasjonalisering som gjeld. Også på dette feltet står engelsk sterkt som fellesspråk, ikkje minst fordi forskarar har behov for å orientere seg om utanlandsk forsking og knyte kontaktar med utanlandske forskarar som er ekspertar på same spesialfelt. Konkurransen gjeld mellom anna utdeling av pengar frå EUs forskingspott. I namnet er alle EU-språka likestilte, men i røynda er det nærliggjande å bruke engelsk når ein skal sende ein søknad til ein komité samansett av ekspertar frå ulike land. Ein vert òg gjerne oppmoda til å ha med folk frå fleire land i forskargruppa, og igjen fell det gjerne naturleg å kommunisere i forskargruppa på engelsk og skape sluttproduktet på engelsk. Den språklege kvardagen vert altså styrd av andre omsyn enn vedteken språkpolitikk.

Det som tel

I konkurransetankegangen ligg det òg at mest muleg skal kunne målast og teljast. Til dømes vert alle vitskaplege publikasjonar i Noreg registrerte i det som på folkemunne heiter «teljekantsystemet». I dette systemet er alle tidsskrift og forlag – norske og utanlandske – sorterte i tre kategoriar: Dei som ikkje tel i det heile, dei som tel som «vanlege», og dei som tel som «toppen». Kvar publikasjon i eit av dei «vanlege» eller eit av «topp»-tidsskrifta eller «topp»-forlaga utløyser ein pengepremie. Premien er fleire gonger større for «toppen» enn for dei «vanlege». Meininga er at forskarane skal strekkje seg etter å få resultata sine på trykk i dei beste tidsskrifta eller hos dei beste forlaga, slik at kvaliteten på forskinga dermed aukar. Men dersom ein ser på lista over «topp»-tidsskrifta, er dei aller fleste av dei på engelsk. Det er dessutan ein regel som seier at for å telje må tidsskriftet ha ein internasjonal forfattarkrins. Det tel altså ikkje med dersom berre nordmenn skriv i det. For nokre fagfelt tel det heller ikkje dersom berre forskarar frå Norden skriv i tidsskriftet. Språket må dessutan vere eit som gjer forskingsresultatet «tilgjengelig for de fleste forskere som kan ha interesse av det», korleis no enn dette skal tolkast. For å finne ut kva for tidsskrift som skal telje på toppen, ser ein mellom anna på kor ofte andre forskarar frå heile verda siterer frå dette tidsskriftet. Data om kor ofte eit tidsskrift vert sitert, vert henta frå ein amerikansk database.

Då teljekantsystemet vart lansert, braut det ut ein lang mediedebatt, der nokre forskarar hevda at systemet favoriserer dei som skriv på engelsk. Ein får meir pengar for å skrive i engelskspråklege tidsskrift, sa dei, og dei peika òg på at det er nokså håplaust for norskspråklege tidsskrift å komme med blant dei mest siterte på verdsbasis og dermed på topplista. Motstandarane i debatten meinte at norskspråklege tidsskrift rett nok gjerne hamnar på det «vanlege» nivået på lista, men at sidan det skal vere lettare å få resultata sine publiserte her, kan forskaren også bruke mindre tid per artikkel. Han eller ho kan dermed få publisert fleire artiklar per år, slik at skilnaden i kroner ikkje blir stor. Ja, det ville kanskje lønne seg økonomisk å satse på å skrive på norsk? Likevel signaliserer heile systemet at ein helst skal publisere i dei prestisjetunge, utanlandske, engelskspråklege tidsskrifta, som t.d. Science og Nature, meinte hi sida. Nei, meinte dei andre, dette har ikkje noko med språk å gjere, desse tidsskrifta er rett og slett dei beste, og det er berre rett og rimeleg å oppfordre til å skrive i dei, for vi vil jo sikre oss framifrå forsking, vil vi ikkje?

Ein kan meine kva ein vil om «teljekantsystemet», Bologna-avtalen, internasjonalisering og «businessuniversitetet»; utvilsamt er det både gode og dårlege sider ved alt. Men i alle fall er det sikkert at språkvitarar og språkpolitikarar ikkje er dei einaste som har noko å seie for korleis dei språklege tilhøva er, og kjem til å verte i framtida.

 

-- Ragnhild Ljosland har doktorgraden i nordisk språkvitskap og har skrive om engelsk som akademisk språk i Noreg og om domenetap.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter