Den fyrste lova på nynorsk

Før 1895 fanst det inga sams normaltid for heile Noreg. Kvar stad hadde si lokale tid. I 1894 vart log um sams normaltid fyr kongeriket Norig vedteken.

AV KJETIL AASEN

I 1885 gjorde Stortinget det såkalla jamstellingsvedtaket: «[D]et norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» Etter det tok det ni år før den fyrste nynorske lova, log um sams normaltid fyr kongeriket Norig, vart vedteken.

Årsaka til at ein ville innføra éi sams normaltid for Noreg, var omsynet til jarnvegen. Éi sams normaltid for heile Noreg ville gjera det enklare å planleggja rutetabellane. Den opphavlege lovproposisjonen som jarnvegsnemnda handsama, var på bokmål. Men saksordføraren var Marius Hægstad, som i 1899 vart utnemnd til den fyrste professoren i «landsmaalet og dets dialekter», og som i 1906 vart fyrste formannen i Noregs Mållag. Formannen i nemnda var Jørgen Løvland, seinare statsminister og formann i Noregs Mållag.

Hægstad sette teksten om til nynorsk. Det var lite usemje om sjølve innhaldet i lova, men det vart strid om målforma. Både i Odelstinget og Lagtinget vart det eit ordskifte om nynorsk i det heile var eigna som lovspråk. Somme argumenterte m.a. med at nynorsk var «let» og «mangelfuldt» og difor ueigna i lover. Dei nynorskvenlege argumenterte med at når jamstellingsvedtaket var gjort, laut det òg gjelda lovtekstar. Til sist vedtok Odelstinget lova med 44 mot 38 røyster og Lagtinget med 18 mot 10.

Sjølve lovteksten var ikkje lang:

«§ 1 Fraa den 1ste januar 1895 skal mideltidi fyr den meridianen, som ligg 15 gradar austanfyr Greenwich, vera det loglege klokkeslætte i Norig.

§ 2 Naar normaltid etter denne logi er innførd, og det daa maatte visa seg trong til aa byta um nokot klokkeslætte, som er nemnt i eldre loger, skal kongen kunna taka avgjerd um slikt umbyte fyr det heile land elder fyr einskilde landsluter.»

Det var ikkje før i 1916 at den neste lova med tekst på nynorsk vart vedteken, og det var ei endringslov til normaltidslova. I 1920 kom dei to neste sjølvstendige lovene på nynorsk. Frå 1920-talet og utetter vart nynorsk etablert som lovspråk, og det kom nye lover på nynorsk jamleg.

1. januar 2008 tok den nye lov om målenheter, måling og normaltid til å gjelda, og samstundes vart log um sams normaltid fyr kongeriket Norig frå 1894 oppheva.

 

-- Kjetil Aasen er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter