Utviklinga i nynorsk 1950–2000

AV LARS S. VIKØR

Nynorsk hadde i 1950 ein turbulent periode bak seg med to rettskrivingsreformer som langt på veg flytta normgrunnlaget for språket, og ein årelang og opprivande strid om desse reformene. Denne striden var ikkje over i 1950, men den retninga som ønskte å byggje språket på former som var i fleirtal, i staden for dei historisk eldste formene, hadde fått overtaket. Striden heldt likevel fram til ca. 1960 og blussa sporadisk opp att seinare.

Den som les ei nynorsk sakprosatekst frå 1950, vil nok helst bli slått av kor lite som er endra sidan den tid – slike tekster kunne nesten heilt ut vore skrivne i dag og i høgda verka «moderat tradisjonelle» i forma. Det «store hamskiftet» i nynorsken skjedde mellom 1920 og 1950. Dei viktigaste endringane etter 1950, unnateke nokre stavemåtar, er at den stilistiske spennvidda er blitt større, rammene har vida seg ut. Men også stilnormene har vore gjennom langsame endringar, ikkje bråe omskifte. Skilnaden er større ulike nynorskvariantar imellom både i 1950-åra og i dag enn mellom «typisk 1950-nynorsk» og «typisk 2002-nynorsk».

Rettskrivingsendringar

Den største rettskrivingsreforma etter 1950 er den nye læreboknormalen, som kom i 1959. Den førte til større valfridom, og tilnærminga til bokmålet vart ført eit steg vidare. I formverket var dei viktigaste endringane at endinga -e, som hadde vore sideform både i infinitiv og i supinum av sterke verb, no fekk jamstilt hovudformstatus ved sida av -a respektive -i (vera - vere og vore - vori; tidlegare hadde det vore vera [vere] og vori [vore]). Viktig var det òg at e-verb der rota endar på -r, no fekk obligatorisk -te i preteritum mot tidlegare -de: førte, styrte i staden for førde, styrde. (Men i 1986 vart formene med -de jamstilte att.)

I lydverket var dei viktigaste endringane at mange ord med -ø-no vart «forfremma» til hovudformstatus (bølgje [bylgje], først - fyrst osv.; tidlegare bylgje [bølgje], fyrst [først]), at ord med -æ- fekk nye hovudformer på -e-: gjete [gjæte], seter [sæter] osv., og at ord med enkel -m- no fekk -mm- som hovudform (gammal, hammar, sommar – mens gamal, hamar, sumar vart degraderte til sideformer). Endeleg var det mange endringar i tilsvarande lei som gjaldt mindre ordgrupper eller enkeltståande ord (som mye, skole og søndag, som vart jamstilte med mykje, skule og sundag).

Etter 1959 har Språkrådet gjort fleire meir avgrensa endringar. Den viktigaste av dei var at frå 1982 vart det tillate å ikkje bøye perfektum partisipp, slik at ein no kan skrive han er spurt, dei er kjent – mens det før var obligatorisk med han er spurd, dei er kjende. Det enklare systemet har rett nok berre sideformstatus.

Endringar i bruken

Granskingane av utviklinga i faktisk nynorsk språkbruk ser ut til å stadfeste det inntrykket ein kan ha hatt når ein har følgt utviklinga som lesar og brukar, nemleg at dei fleste endringane frå 1959 er følgde opp i praksis og er blitt dominerande. Det gjeld særleg dei formene og formgruppene som er blitt einerådande i læreboknormalen, altså einaste hovudformer. Der det er valfridom i læreboknormalen, ser det ut til at dei tradisjonelle formene oftast har fått førerangen, med eitt viktig unntak: I infinitiv var truleg endinga -a (kasta) dominerande fram til om lag 1960, men deretter overtok endinga -e (kaste) og vart etter kvart den dominerande forma, jamvel om normalen likestiller -a og -e. Denne endringa kan ha komme av at mange følte at e-endinga var meir landsgyldig og allmennorsk, mens a-endinga delvis fekk eit stempel som «tradisjonell», delvis som typisk for det sørvestlandske a-målsområdet. Der har a-infinitiven halde seg godt, og han blir også brukt for å markere eit tradisjonelt (men ikkje svært tradisjonelt) nynorsk. I supinum av sterke verb dominerte -i (skrivi) i femtiåra, i alle fall i sakprosaen, men etter 1960 vann -e (skrive) terreng att. Former som kommi og skrivi har no mest status som språkpolitiske markeringsformer, særleg for søraustlendingar.

Tida etter 1970 var prega av sterk interesse for dialektane og ein viss reaksjon mot einsretta språkbruk. Derfor kom det i målpolitiske krinsar opp ein tendens til å tilpasse nynorsken til ulike talemål, i alle fall gjekk ideologien ut på det. Men det ser likevel ut til at mesteparten av bruken i praksis har nærma seg ei slags nøytral «midtnorm», som vi finn hos store nynorske tekstprodusentar som Samlaget og Dag og Tid. Regionalt har det vore noko større opning for dialektnære former, men jamvel der verkar det som om ei «midtnorm» når meir og meir ut. Samtidig finst det miljø der dei medvite dyrkar særlege versjonar av nynorsk, ikkje minst tradisjonalistiske variantar som peikar tilbake til 1917-rettskrivinga. Vi kan såleis seie at nynorsken i dag finst i ei prototypisk form som blir oppfatta som ganske nøytral eller umarkert, og i ulike markerte versjonar som knyter seg til regionar og til språkideologiar.

Ordtilfanget – normeringa

Spørsmålet om gode og dårlege ord i nynorsk var ikkje så sentralt i 1950 som det vart seinare, sjølv om det var klare oppfatningar om dette. Ord med opphav i dansk og tysk og utbreiing i bokmål vart rekna som indikasjonar på dårleg språkmeistring, og det var stort sett semje om det mellom dei ulike fløyene i rettskrivingsstriden. Likevel var det ei stadig gliding der tradisjonelle nynorskord fekk stempelet «puristiske» mens bokmålsord som tidlegare var avviste, vart meir godkjende (typen dempe, flykte, skjebne, smerte, stoff, støv). Under ordskiftet om læreboknormalen 1959 tok Norsk språknemnd opp dette og gjekk inn for ei varsam tilpassing til eit meir liberalt språksyn. Vi fekk ei dobbel utvikling:

Rettskrivingsordlistene for nynorsk tok frå utgåve til utgåve opp nye ord som redaktøren vurderte som tilstrekkeleg «nøytraliserte», samtidig som ordlistene stadig meir fekk autoritet som normerande også når det gjaldt kva ord det var «lov» å bruke. Dette auka usikkerheita for dei som skulle skrive språket, for det var ingen andre kriterium for «lovleg» og «forbode» enn om ordet stod i ordlistene eller ikkje.

Spørsmålet om ein skulle opne for ein friare ordbruk når det gjaldt ord målføra hadde felles med bokmål, men ikkje med nynorsktradisjonen, eksploderte i ein kraftig strid tidleg i åttitåra. Da sette Språkrådet ned eit utval som la fram meir liberale retningsliner på dette området, men framleis var det slik at Språkrådet skulle ha kontroll med ordutvalet i dei godkjende ordlistene. Nye ord måtte derfor vedtakast eitt for eitt av fagnemnda i Språkrådet for å få komme inn i ordlister. På nittitalet blussa striden opp att, og enda med at Språkrådet endra syn. I 1999 vart det vedteke nokre retningsliner som skulle gi klarare grenser for kva typar ord som ikkje skulle takast opp i ordlistene, og opna for at alle ord som ikkje vart råka av desse kriteria, skulle kunne takast inn. No skulle alt vere tillate som ikkje var forbode, mens det tidlegare hadde vore slik at det som ikkje var tillate (teke opp i ordlistene) skulle vere «forbode» (dvs. reknast som «feil» i nynorsk).

Ordtilfanget – bruken

Det er vanskeleg å seie noko sikkert om utviklinga av ordbruken i nynorsk; det er smått med vitskaplege jamførande studiar. Ein måte å «måle» utviklinga på er å lese eldre tekster og freiste å leggje merke til skilnadene. Sjølvsagt vil vi da finne allmenne skilnader som kjem av sjølve samfunnsutviklinga: Språket er fornya med store mengder ord som hører til nye kulturformer som vi i dag er fortrulege med, mens gamle kulturord har gått ut eller er blitt gammaldagse. Desse nye orda er berre unntaksvis danna i nynorsken, dei er i nesten alle tilfelle importerte, mest frå utanfor landegrensene og formidla gjennom bokmål.

Ser vi på det særnynorske ordtilfanget, har no mykje av det fått statusen «tradisjonelt» (ord som brennhug, brigde, dugleik, gaman, sutlaus). Slike ord blir gjerne nytta av bevisste språkbrukarar som signal på at dei er nettopp det og står på tradisjonsnynorskens grunn. Men mange slike ord har òg glide inn i det vi kan kalle det allmenne nynorske ordtilfanget, trass i at dei kan vere lite brukte i dialektane (ord som døme, framlegg, høve, lagnad, skilnad). Det finst stilistiske normer som tilseier kva slags ord som er akseptable i nynorsk, og kva som er bokmålismar. For enkeltord er det ofte vanskeleg å dra desse grenselinene, men ein del ord som spise, kun, heslig, hustru, skjebne blir nok framleis opplevde som sitatord frå bokmål. I prinsippet er det lettare å avgrense seg mot ord med visse prefiks og suffiks, det somme kallar «anbehetelse»-ord, dvs. ord som begynner på an- og be- og sluttar på -heit og -else. Etter kvart som desse ordelementa er blitt godtekne i stadig fleire ord, verkar dei ikkje lenger så fremmende, og an- og særleg be- har vel glide nokså godt inn i språket. Det er derimot truleg rett å seie at berre nokre få ord på -heit og særleg -else er allment aksepterte i bruken hittil trass i at normeringa har opna for dei.

Truleg vil vi framleis ha ein prototypisk nynorsk med eit visst standardordtilfang der nyare bokmålsnære ord berre gradvis og langsamt slepp inn, dessutan særlege variantar som er meir liberale på éin kant, og meir restriktive og tradisjonalistiske variantar på ein annan kant. Nynorsken lever i krysspresset mellom bokmålspåverknad og ein normtradisjon som yter motstand mot denne påverknaden, og i dette spenningsfeltet held han fram med å leve.

 

-- Lars S. Vikør er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter