Granskingar av valfridomen i nynorsk

Ulike skriftspråk er meir eller mindre ortofone. I somme språk, t.d. finsk og italiensk, er samhøvet mellom språklyd og skriftteikn relativt tett, slik at dei som lærer å skriva språket, berre treng læra seg prinsippa for dette samhøvet, og dessutan sjølvsagt tilhøvet mellom sin eigen dialekt og standardspråket som ligg til grunn for skriftspråket. På den motsette ytterkanten finn vi språk som engelsk og irsk, der språkbrukarane lyt læra skrivemåten av så å seia kvart ord for seg. Di nærare denne ytterkanten eit skriftspråk ligg, di viktigare blir det med ei fast norm som mønster. Norsk ligg ein stad mellom desse to ytterpunkta, kanskje nærare eit ortofont system enn det idiosynkratiske engelske systemet. Når ein ser eit norsk ord skrive, kan ein nesten alltid utleia korleis det blir uttala. Men det motsette er ikkje alltid tilfellet. Ut frå uttalen i ein eller annan dialekt er det ikkje gjeve korleis ordet skal skrivast.

Nynorsk skriftspråk er ikkje basert på ei fast talemålsnorm, men talemålet har vist att i stadig større valfridom innanfor dei offisielle skriftnormalane på 1900-talet. Norma har heile tida balansert mellom to prinsipp: folkemåls- og einskapsprinsippet. Folkemålsprinsippet har språkleg fridom eller valfridom som sentralt omgrep. Dialektmangfaldet skal få koma til orde, bokstaveleg tala, for med stor valfridom i skriftnormalen kan ein skriva nær opp til talemålet sitt, og dermed meistra skriftspråket lettare. Dette pedagogiske momentet har alltid vorte understreka i normeringsdebatten. Nynorskbrukaren skal få overføra «hjartespråket» til skrift. Valfridomen gjev høve til nyansering og til å variera skriftformene etter stilkjensla til den einskilde. Det inneber identifikasjon, sjølvkjensla blir styrkt, uttrykksbehovet stimulert. Dette har vore sett på som noko særskilt og verdfullt ved nynorsken. For skuleborn som får så mykje bokmål inn frå alle medium, kan det letta skrivinga å «skriva som dei snakkar». Forsøk med lese- og skriveopplæring knytt til elevtalemålet har ført til at borna sjølve analyserer sitt eige talemål meir presist, og i den samanhengen er talemålsnære skriftspråksformer ein føremon. Forfattarar og til dels journalistar utnyttar den faktiske variasjonen for å gje språket sitt ein regional og til dels personleg farge, det same har folk som ikkje må følgja læreboknormalen, høve til.

Arbeidet for valfrie former har likevel ikkje berre hatt som mål å koma dialektområde og dialektformer i møte. Under reformstrevet på 1900-talet var det også klår politikk å samordna bokmål og nynorsk innanfor ei tilnærmingslinje. Det førte til at dobbel-/tilnærmingsformene auka (i begge målformer). I læreboknormalen frå 1959 er samnorsktanken sterkt framme. Men i realiteten var denne ideologien forlaten lenge før 2000-talet.

Også bak einskapsprinsippet står eit pedagogisk omsyn, ynsket om ei einskapleg norm, dvs. ei norm som bør vera enkel, klår og helst ha unntakslause rettskrivingsreglar, vera lett å læra og bli brukt på same måten av flest mogleg brukarar. Her er altså prinsippet at ved å redusera valfridomen gjer ein nynorsken enklare å bruka: «ein fast og fylgjestreng skrivemaate, ein som kann spara skulen, so mykje som råd er, for det skjeple og hefte det er, i vissa for nynæmingen, aa sjaa eitt og det same skrive snart paa ein maate og snart paa ein annan» (Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne, tillegg til Universitets- og skuleannalar 1899). Det er dei visuelle førebileta som fremjar skriveopplæringa, og når ein les, blir skriftbileta prenta inn. Sidan nynorsk viser att i skrift så mykje sjeldnare enn bokmål, er det då avgjerande at nynorskbrukaren ikkje møter mange ulike normvarietetar. Det krevst stor innsikt i eige språk å vita kva ein skal velja blant. Systemet med stor valfridom kan verke komplisert og vanskeleg, ein kan bli usikker, må stadig slå opp i ordlista og får ikkje utvikla eit snøgt, automatisert skriftspråk. Elevar hevdar at ordlister og ordbøker er innvikla å bruka på grunn av forkortingar, teikn og kodar, og for mange innfløkte allmenne reglar som står i føreordet i ordlistene, og ikkje i sjølve den alfabetiske lista. I slike tilfelle kan mangfaldet hemma i staden for å frigjera. – For dei som har nynorsk som sidemål, kan valfridomen verka overveldande. Med lite av både skriftleg og munnleg nynorsk i oppvekstmiljøet har dei ikkje stort grunnlag for å velja.

Ulike brukargrupper og brukarynske

I 2001 gjorde Åse Wetås ein del punktgranskingar på oppdrag frå Språkrådet. Målet var å finna ut kor utbreidd valfridomen er i ymse publisert og upublisert nynorskmateriale, korleis rettepraksisen er i m.a. skule, forlag og avisredaksjon, og korleis brukarane stiller seg til nynorsknorma. Wetås byggjer òg på tidlegare undersøkingar.

For elevar i ein læringssituasjon er den typen valfridom som aukar lyd–skrift-korrespondansen, eit gode (Hoel 1995). Berg (1999) peiker på at nynorskelevar meir enn bokmålselevar gjev uttrykk for at skriftspråket deira skal vera individuelt prega. Same undersøkinga ser ut til å slå fast at elevane ikkje får brukt valfridomen, fordi dei ikkje får undervisning i han, eller dei får ei lærarstyrt «norm». I ei anna undersøking frå 1999 (Holm) kjem det fram at lærarane uttrykkjer motvilje mot den vide rettskrivinga i nynorsk, samstundes som dei vedgår at dei manglar kunnskap om innhaldet i norma. Selback (2001) konkluderer med at over halvparten av respondentane i hennar undersøking (om lag 160 «vanlege språkbrukarar») er negative til valfridomen. Motsett er eit fleirtal av ei lærargruppe (Kulbrandstad 1996) positivt til den vide rettskrivinga. Ei undersøking frå 1997 (Vollan) trekkjer fram at lærarane ikkje får den jamlege og grundige informasjonen om rettskrivingsendringar som dei ynskjer, fordi skulane ikkje har råd til nye ordbøker så ofte som det trengst. Når det gjeld variantvalet, var ei gruppe informantar (16–89 år) mest avvisande til dei konservative nynorskformene. Andre undersøkingar viser at mange språkbrukarar ynskjer å skriva «nøytralt».

Ei felles standardspråksnorm er viktigare for journalistar enn andre brukargrupper, viser undersøkinga av Roksvold i 1999, men tv- og radiojournalistar ynskjer i sterkare grad valfridom enn andre journalistgrupper. Eit fleirtal av lærebokforfattarar og forlagsredaktørar ynskjer å velja former som ligg «midt på» (Mosling 1998). I ei anna gransking går det derimot fram at informantar som er positive til nynorsk, set pris på mangfaldet (Selback 2001). Dei er òg opptekne av at språket har ein identitetsfunksjon, og det er truleg med og forklarer aksepten av variasjon innanfor nynorsknorma. Rødningen (1999) er derimot inne på at stor normvariasjon gjer brukarane usikre, og talmaterialet hans (2000) viser at ein av fire som byter til bokmål hovudmål, gjer det fordi dei har problem med rettskrivinga i nynorsk. Den same grunngjevinga for å skifta frå nynorsk til bokmål gjeld 60 % av elevane i Årtuns undersøking i 1984.

Korleis er den faktiske variasjonen?

I Rettskriving hos nynorskforfattarar (1995) undersøkte Lars S. Vikør i kor stor grad valfridomen i rettskrivinga hadde vorte utnytta hjå ti nynorskforfattarar frå 1930-, 1950- og 1970-talet. Han peikte m.a. på at i-målet vart borte frå hans tekstkorpus frå og med 1950-åra. Pronomenformene som hadde vist stor variasjon hjå trettitalsforfattarane, var meir einsarta blant dei seinare generasjonane. Variasjonen i infinitivsendingane heldt seg. Vikør registrerte ein tendens til konsolidering av formbruken innanfor bøyings- og lydverket. Han omtala særskilt substantiv og verb med sideform utan j (bygge, sette, tenke osv.): Om lag halvparten av forfattarane i den siste generasjonen (frå syttiåra) brukte hovudsakleg j-lause former, og dei stod også tidlegare sterkare enn mange andre sideformer.

Åse Wetås (2001) undersøkte dei same einskildorda og bøyingskategoriane som Vikør la til grunn, og funna hennar stemmer for det meste godt overeins med hans. Formbruken i publiserte tekstar på nynorsk viste samla sett meir einsretting enn mangfald. Heller ikkje avismaterialet baud på større variasjon, for det viste seg å ikkje vera så vanleg at lokalavisene vel former som ligg nær den lokale dialekten. Medvite formval såg ut til å gjelda infinitivane og valet mellom me eller vi. Både i substantiv og verb var det ein heilt eintydig tendens til bruk av hovudformer. For verbformer utan j, [ringe], [bygge], var det noko større variasjon, jf. Vikør ovanfor, men hovudformene var også her i fleirtal. Når det galdt inkjekjønnsformene auge, hjarte, øyre, var det elles ein tendens til å blanda saman dei to bøyingsparadigma. Formbruken i upubliserte tekstar var jamt over mykje meir ueinsarta enn i det publiserte tekstmaterialet. Wetås fann ein god del fleire talemålsinnslag, arkaiske nynorskformer (i materiale frå eldre) og ulike andre former som ligg utanfor rettskrivinga. I tekstane skrivne av eldre menneske var sideforma på -i, [kui], av sterke hokjønnsord brukt, likeins langformer av verb (late) og kløyvd infinitiv. Desse formene var meir eller mindre fråverande i tekstane skrivne av barn og unge, som viste ein mest heilt eintydig bruk av hovudformer i bøyinga av hokjønnssubstantiva, og ein sterk tendens til bruk av e-infinitivar (sjølv om a-infinitiv òg fanst). Bokmålsinterferens fanst i begge teksttypane, særleg i det upubliserte stoffet. Undersøkingane viste større variasjon i lydverkdelen enn i formverkdelen, men tendensen til einsretting i formvalet galdt òg lydverket.

Korleis blir valfridomen formidla?

Mange undersøkingar viser at korkje elevar, lærarar eller andre har oversyn over den valfridomen som faktisk finst innanfor norma. Det viktigaste er her sjølvsagt den manglande kunnskapen hos lærarar. Elevar får ikkje den nødvendige rettleiinga om breidda som norma tilbyd. Andre undersøkingar viser òg til tilfelle der elevar som faktisk har lært seg kva dialektformer dei kan bruka, risikerer å få feil til eksamen fordi sensor ikkje kjenner alle sideformene. Dermed kan den mangelen på bruk av valfrie former som granskinga viser, rett og slett koma av at elevar ikkje «tør» nytta valfridomen av omsyn til konsekvensane.

Fleire av undersøkingane som Wetås refererer, viser at kjennskap til valfridomen i mange høve heller blir underkjend enn formidla vidare. Haldningane blant lærarar er svært varierande i dei ulike undersøkingane, og i fråsegner frå norsklærarar i det heile. Mange lærarar er positive til valfridomen, men dei opplyser likevel at elevane har problem med han. Andre er negative og ser på valfridomen som ei ekstra bør i undervisninga. Lærarar som sjølve er usikre på korleis det totale rettskrivingsbiletet ser ut, vel å formidla ei trong norm til elevane sine (Berg 1999, Holm 1999). Nokre lærarar etablerer private normer ut frå sitt eige språksyn, og desse normene vidareformidlar dei både gjennom klasseromspraksisen sin og når dei rettar elevtekstar. Somme av undersøkingane som er refererte i våre punktgranskingar, konkluderer med at både elevar og lærarar ynskjer ei homogen norm, og at dei fleste vel å halda seg innanfor dei trygge grensene i læreboknormalen.

Når det gjeld avisene, viser mange av redaktørane til at dei opnar for former som speglar den lokale dialekten. Samstundes insisterer dei fleste av dei på å halda på læreboknormalen som hovudmal for tekstproduksjonen. Wetås peiker på at dette kan verka som ein litt underleg strategi. Systemet med sideformer er nettopp med på å gje språkbrukargruppene høve til å velja dei formene som ligg nærast talemålet, men dei aller fleste avisene vel altså å ikkje nytta dette.

Ulike perspektiv på valfridomen

Når endringar i skriftnormalane anten har ført til større valfridom eller redusert han, har den viktigaste grunngjevinga oftast vore omsynet til norskopplæringa i skulen. Den særnorske ordninga med hovud- og klammeformer har vore eit kompromiss mellom dei ulike vurderingane av valfridom. Elevane har vorte skjerma mot å møta altfor mange skriftbilete i lærebøkene. Ei form ein har sett mange gonger før, lettar lesinga. Mange vil påstå at dette er ei idell ordning for eit ungt menneske i den første lese- og skrivefasen. Samstundes har den vide rettskrivinga i årevis vore tilgjengeleg for elevane når dei sjølve skriv, og for vanlege språkbrukarar elles. Men materialet Wetås (2001) har gått igjennom, syner at somme tykkjer formmangfaldet er for stort. I staden for at det opnar for bruk av individuelle og talemålsprega former, kjem det fram to tydelege tendensar for korleis folk opplever normer: Den eine er at valfridomen i den nynorske rettskrivinga ikkje blir utnytta, ikkje ein gong der slike former ville spegla dialekten betre enn hovudformene. Grunnen er såleis ikkje at nynorsken ikkje er dialektnær nok. Og det vanlegaste argumentet for nynorsk ved skulemålsrøystingar i utsette nynorskkrinsar, nemleg at nynorsken er det skriftmålet som passar best til talemålet på staden, får lite å seia i praksis, kanskje fordi lærarane ikkje formidlar innsikt i denne fridomen. Den andre tendensen er at brukarane er usikre på kva som er «tillate», og kva som er «forbode» i nynorsk. Uvissa om rett og gale blir vidare ein grunn som folk gjev opp for å skifta til bokmål som hovudmål. Mange ser det som ein mangel ved nynorsk at han ikkje er etablert som eit fasttømra skriftspråk. Jamvel om den offisielle valfridomen er like stor i bokmål, blir han ofte ikkje opplevd slik.

På den andre sida kan det vera ynskjeleg som skribent å få utnytta valfridomen i bøyingsformer og alternative skrivemåtar, der ein kan få fram ulike stillag, eventuelt signalisera språkpolitisk ståstad. Undersøkingar viser at dei som er mest positive til valfridomen, er profesjonelle språkbrukarar. Forfattarar ser det som eit høve til å utvikla ein personleg og særprega stil utan å gå ut over norma. Også andre språkmedvitne folk kan ynskja å utvikla sin personlege stil, eller å dyrka dialekten gjennom skriftspråket. For mange er valet av språkformer eit ynske om å visa regional tilknyting, ei markering av tilhøyrsle til staden der ein voks opp, eller eit ynske om å markera opposisjon til «det etablerte». Studiar med sosiologisk innfallsvinkel viser at nynorskbrukarar jamt over har andre kulturelle haldningar og verdiar enn bokmålsfolk. Mellom anna er dei meir opptekne av personleg prega språkbruk og mindre av at språket skal vere fullt standardisert og homogent. Valfridomen i rettskrivinga er såleis i samsvar med ein slik nynorskideologi; valfridomen er viktig ideologisk og symbolsk – sjølv om han ikkje blir utnytta så mykje som den vide rettskrivinga gjev høve til.

Litteratur:

  • Berg, Celia M. 1999: «La oss skrive slik det er naturlig og behagelig.» Om kjennskap og haldningar til den heterogene skriftnorma hos nokre avgangselevar i vidaregåande skule. Upublisert hovudoppgåve, Universitetet i Bergen.
  • Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne, tillegg til Universitets- og skuleannalar1899.
  • Hoel, Trude 1995: Rettskrivingsnormaler – til hjelp eller til besvær? En vurdering av «vide» og «snevre» rettskrivingssystem i skandinaviske språk. Upublisert hovudoppgåve, Universitetet i Oslo/Høgskolen i Agder.
  • Holm, Anne Brit 1999: Stebarnet nynorsk. Om holdninger til nynorsk i Larviksskolen. Upublisert hovudoppgåve, Universitetet i Oslo.
  • Kulbrandstad, Lars Anders 1996: Språknormering og pedagogikk. Valgfrihet i rettskrivinga – til hjelp eller forvirring. I Språknormering og språkbrukar. Artiklar frå seminar ved universitetet i Bergen, red. Helge Omdal, 101–116. Kristiansand: Avdeling for humanistiske fag, Høgskolen i Agder.
  • Mosling, Atle 1998: Språknormering i sakprosaen. Upublisert hovudoppgåve, Universitetet i Oslo.
  • Roksvold, Thore 1999: Fast språknorm eller valgfrihet i redaksjonen? I Helge Omdal (red.). 197–208.
  • Rødningen, Dagfinn 1999: Ottadalen – ein utforbakke til bokmålet. Språkproblem og språkskifte blant ungdom i Lom, Skjåk og Vågå. I Austlandsmål i endring, red. T. Kleiva et al., 246–258.
  • Rødningen, Dagfinn 2000: Nærskylde skriftspråk i kontakt. Interferensproblem og normering i norsk, sett i lys av ei undersøking om språkskifte i Ottadalen. I Maal og Minne, hefte 1, 2000: 65–84.
  • Selback, Bente 2001: «Det er heilt naturleg». Ei gransking av skriftspråkshaldningar. Upublisert hovudoppgåve, Universitetet i Bergen.
  • Vikør, Lars S. 1995: Rettskriving hos nynorskforfattarar. Norsk språkråds skrifter nr. 3. Oslo: Norsk språkråd.
  • Vollan, Magnhild 1997: Norsk språkråd og skoleverket. Norsklæraren 2/1997: 31–33
  • Wetås, Åse 2001a Undersøking av formbruken i ulike typar publisert materiale på nynorsk (upublisert).
  • Wetås, Åse 2001b: Undersøking av formbruken i ulike typar upublisert materiale på nynorsk (upublisert).
  • Wetås, Åse 2001c: Undersøking av rettepraksisen i skolen, i avisene og i forlaga (upublisert).
  • Wetås, Åse 2001d. Korleis opplever brukarane normsituasjonen i nynorsk? (upublisert).
  • Årtun, Tone Alise 1984: Skriftmålet i Sauda : med størst vekt på skulemålet. Hovudoppgåve, Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter