Leiar: Førestellingar om språket

Typisk 50-talshus! Slik kan vi kommentere bygningar når vi passerer. Ser vi på bilete, kan vi ut frå klesdrakta ofte plassere dei til næraste tiåret. Forskjellane er lett synlege, og verda har forandra seg.

Eit bandopptak av ein prat på 1950-talet trong ikkje avsløre noko typisk – utanom samtaleemnet kanskje. Språket er konservativt. For språkforskaren som skal prøve å slå fast noko om større generelle endringar, er 50 år ein svært kort tidbolk. Men opplevingane som kvar enkelt av oss har, kan vere annleis. Språket er jo ein klagemur.

Går vi frå lydarkivet til avisarkivet for å leite etter tidsbilete, ser vi nok lettare forskjellar. Men her òg er det typisk at det er ikkje språkendringane som slår oss; det slåande er endringa i moten for avisoppsettet. Nedover i spaltene anar vi nok at ikkje så mange hadde byrja å skrive begynne på nynorsk for 50 år sia, og færre hadde røynsle med erfaring. I Dagbladet les ein i dag om uka, og Aftenposten har slutta med nu, efter og truleg også å befordre passasjerar. Det brukte språket har tydeleg gått i retning av sams norsk, sjølv om ideologien har vore prega av noko anna. Prosaen har fått meir preg av det munnlege kvardagsspråket, og det har styrt både sjangerform, stil og bokstavering – uavhengig av retorikken.

I kulturen vår er språk viktig, og dermed er det også viktig å skape førestellingar om språk og å repetere mytar om språket. I Språkrådet får vi ofte høre om den ustabile norma, og ikkje få klagar over at "så mye er forandra sia vi gjekk på skolen". Men etter 1959 har lite skjedd som har hatt særlege praktiske konsekvensar. Den siste store endringa var i 1938, som er utafor horisonten for dei fleste nordmenn i dag. I bokmålet kom ei politisk "reversering" i 1981, men heller ikkje den tvinga folk til å leggje om språkvanane sine. Vi har hatt eit halvt hundreår med stor stabilitet i skriftnormene. Besteforeldra våre opplevde noko anna.

Å dokumentere den nære språkhistoria kan vere nyttig for å kunne overprøve mytane og å avsløre dei eller oss som lagar og formidlar ideologiar. Språkhistorisk kunnskap kan hjelpe oss til å reflektere over korleis vi bruker språket som kultur og ideologi.

 

Helge Sandøy

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter