Årsmøte i Norsk språkråd

Førsteamanuensis Jan Olav Fretland vart vald til ny leiar for Norsk språkråd på årsmøtet 7. og 8. februar. Fretland tek over etter direktør Ola Haugen, som vart vald til nestleiar. Funksjonstida er eitt år.

Norsk språkråd har 38 medlemmer fordelte på éin bokmålsseksjon og éin nynorskseksjon. Rådsleiaren kjem annakvart år frå bokmålsseksjonen, annakvart år frå seksjonen for nynorsk. Jan Olav Fretland representerer nynorsk og er til dagleg førsteamanuensis ved Høgskolen i Sogn og Fjordane. Fretland er oppnemnd til Norsk språkråd av Det Norske Samlaget.

Språkkommisjon

Norsk språkråd gjorde på årsmøtet vedtak om å be regjeringa setje ned ein språkkommisjon som på brei basis skal belyse situasjonen for det norske språket i dag og i framtida. I framlegg til mandat heiter det at kommisjonen særleg skal drøfte forholdet mellom bokmål og nynorsk, utviklinga av dei to målformene, konsekvensane av internasjonalisering og press frå engelsk, norsk språk og moderne medium, situasjonen for språkbrukarar med innvandrarbakgrunn og språkkompetansen i samfunnet generelt.

Språkvern og språkstyrking

Sentralt i arbeidet til rådet dei neste åra står gjennomføringa av ein handlingsplan for styrking av norsk språk. Handlingsplanen tek sikte på å motverke press mot norsk språk frå engelsk. Rådet skal i år kartleggje bruken av engelsk i næringslivet og skal setje i verk tiltak for å styrkje bruken av norsk i undervisninga ved universiteta og høgskulane. Mellom anna ønskjer rådet å styrkje bruken av norsk terminologi og fagspråk i høgre utdanning. Rådet skal vidare i samarbeid med lærarar i grunnskulen og den vidaregåande skulen utvikle undervisningsopplegg som tek for seg engelsk påverknad på norsk. Norsk språkråd ønskjer også å dele ut stipend til studentar som skriv hovudoppgåve om emne som er relevante for handlingsplanen.

Rettskrivingsspørsmål

På årsmøtet drøfta bokmålsseksjonen eit framlegg om å ta inn ein del vanlege riksmålsformer i bokmål. Nynorskseksjonen diskuterte på si side eit forslag om å fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer som eit grunnlag for arbeidet med å få til ei fastare norm. Bokmålsseksjonen har tidlegare gjort framlegg om å oppheve dette skiljet i bokmål. Begge debattane heng saman med førebuinga av ei ny rettskrivingsreform for bokmål og nynorsk. Standpunkt til dei to spørsmåla skal takast på årsmøtet i 2003. Sakene går deretter til Kultur- og kyrkjedepartementet, som gjer endeleg vedtak. Meininga er at den rettskrivingsreforma Språkrådet har arbeidd med dei siste åra, skal bli ståande i all hovudsak uendra i mange år framover.

Andre saker

Årsmøtet fekk elles ei orientering om planar for større satsing på terminologiarbeid i sekretariatet, og rådet tok òg stilling til skrivemåten for ein del historiske og geografiske namn.

Dr.phil. Tove Skutnabb-Kangas frå Roskilde Universitetscenter heldt foredrag om nasjonale og internasjonale språkrettar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter