Elias Blix og framveksten av det nynorske kyrkjespråket

AV TOVE BULL

I år er det hundre år sidan Elias Blix døydde. Han blei fødd 24. februar 1836 på garden Våg i Gildeskål og døydde 17. januar 1902 i Kristiania. Nynorsk-kronologisk høyrer han såleis til mellom dei tidlege målmennene. Målsaka møtte han alt i 1850-åra. Han var seminarist i Tromsø mellom 1853 og 1855, og fortel seinare i ein tale han heldt i samband med feiringa av 65-årsdagen sin i 1901:

Det var i 50-aari eg vart maalmann, etter at eg hadde fenge fat i Aasens grammatik og derav klaart sét at dette maal var det same som mitt eiget morsmaal, berre sét i vitskaplegt ljos og samanheng. Fraa den tid var eg altso maalmann med fullt medvitande – fyrr hadde eg paa ein maate vore det utan aa vita det –, og so tok eg saa smaatt til aa skriva maalet – ogso vers; eg hadde vel alt fyrre prøvt med dansk-norske vers; men det vilde ikkje gaa. Men paa maalet gjekk det snart som av seg sjølv.

Etter seminartida i Tromsø var han lærar nokre år før han drog til Kristiania i 1859. Der blei han student i 1860 og cand.theol. i 1866. I 1879 blei han utnemnd til ekstraordinær professor i hebraisk. Han var kyrkjeminister i Sverdrups Venstre-ministerium 1884–1888. Etter det gjekk han attende til professorembetet sitt.

Kyrkjeminister

Blix’ direkte politiske betydning er knytt til statsrådstida hans. Som kyrkjeminister var han den i regjeringa som formelt stod ansvarleg for å setje det såkalla jamstellingsvedtaket frå 1885 ut i livet, altså det vedtaket som sidestelte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog» som offisielt språk i landet. Hundre år etter, den 12. mai 1985, overleverte representantar for styret i Noregs Mållag eit målarstykke av Elias Blix til representantskapet i Stortinget for å minnast han som ein av fedrane til jamstellingsvedtaket. Slik sett har Blix spelt ei svært sentral formell rolle for utbreiinga av landsmålet/nynorsken i skolen og det offentlege språklivet. Kva rolle han spelte reelt for 1885-vedtaket, er derimot ikkje nærmare utgreidd.

Salmediktar og bibelomsetjar

At han har hatt umåteleg mykje å seie for det nynorske kyrkjemålet, er derimot heilt uomtvisteleg. Først og fremst som salmediktar, men også som bibelomsetjar. Den landsmålsutgåva av Det nye testamentet som kom i 1889, har han omsett store delar av. Han rakk også å omsetje om lag 50 av Davids-salmane før han døydde.

Salmane

Men først og sist er det salmediktaren Elias Blix ettertida minnest. Den første salmesamlinga kom i 1869, i første omgang anonymt. Da blei Nokre Salmar, gamle og nye gjevne ut på Det Norske Samlaget, som var skipa i 1868 med Blix som medlem av det første styret. Det vesle heftet inneheldt 13 salmar, 4 originale og 7 omsette. Alt året etter kom andre heftet, som inneheldt 27 salmar, av dei 10 originale. Tredje heftet kom i 1875 med 17 salmar, 14 originale. I dette tredje heftet finn vi fleire av dei mest kjende Blix-salmane, t.d. «Med Jesus vil eg fara», «No koma Guds englar» og «No livnar det i lundar». I 1883 kom dei tre hefta samla ut på Samlaget med tittelen Nokre Salmar. Andre rettade og aukade Utgaava. I 1891 kom Nokre Salmar. 4de aukade Utgaava, og no gav forfattaren seg offentleg til kjenne med «Dr. Elias Blix» på tittelbladet. Denne utgåva inneheldt i alt 150 salmar, 86 originale og 64 omsette. Tilfanget er her så stort og allsidig at det gjev salmar til heile kyrkjeåret.

Og det var nett dette som hadde vore målet for Blix: å fylle kyrkjeåret med salmar på landsmål. I den talen han heldt på festen som blei arrangert for han på 65-årsdagen, seier han:

Mi meining med aa gjeva salmarne ut paa landsmaal var det, at eg vilde prøva leggja salmarne og Guds ord i det heile rett nær inn til hjarta paa dei mange av vaart folk som talar eit maalføre som er langt meire nærskyldt med landsmaalet enn med bokmaalet; eg vilde at ogso me skulde prøva lovsyngja Krist paa vaar tunga.

Med salmane sine ville altså Blix «kristne» landsmålet og få det i bruk i kyrkja. Alt 4. mars 1892 blei Nokre Salmar autorisert til bruk i Den norske kyrkja ved sida av Landstads Salmebok. Denne autorisasjonen er eit særsyn i norsk kyrkjehistorie. Det er første og einaste gongen ei samling salmar, dikta og omsette av ein einskild person, er blitt autorisert til bruk i Den norske kyrkja.

Også etter autorisasjonen kom det nye Blix-salmar. I 1900 gav han ut ei samling Salmar og Songar med 50 nye salmar. Av desse er 44 originale og 6 omsette. Dessutan er her med 10 songar om heimstad og fedreland. Like etter at Blix døydde, kom det posthumt ut nokre nye salmar. Heile salmeproduksjonen hans er prenta i ei minneutgåve frå 1936, 130 originale og 76 omsette salmar, og dessutan songar og kvede.

Blix hadde eit klart bruksmål med salmediktinga si. Det ser vi òg av utvalet salmar han valde å omsetje. Det var først og fremst gamle kjende kjernesalmar, altså slike som frå før var mykje nytta og omtykte av kyrkjelydane.

Mottakinga

I hovudsak blei Blix-salmane godt mottekne, jamvel om han sjølv fortalde at han var blitt møtt med spott og lått for å dikte salmar på landsmål. Spott og lått er det likevel vanskeleg å etterspore i dei prenta meldingane av salmesamlingane hans. Dei var positive, jamvel om det meir er målforma enn form og innhald i salmane som blir diskutert.

Målforma

Målforma til Blix var aasensk i stort og smått. Blix høyrde ikkje til mellom dei som hadde behov for å lage ei eiga norm, eller tilpasse Aasen-norma til sitt eige talemål. Normeringspolitisk er han moderat og ein trufast Aasen-tilhengjar. Han var da også ein av Aasens nære venner.

Ei hjartesak

For Blix var det altså ei hjartesak å lovsyngje Gud på landsmål.

Som alt nemnt hadde han som mål å dikte så mange landsmålssalmar som mogeleg til alle sundagar og helgedagar i kyrkjeåret. Han hadde ein kvote å fylle: Kvar kyrkjesundag skulle ha minst ein salme, helst fleire. Ein god del av salmeproduksjonen hans ber såleis preg av å vere skriven med eit slikt formål for auga. Fleire av salmane er for fromme evangelierim å rekne. Men i rekkja av salmar er det somme som lyser; det er salmar som framleis er i bruk, som framleis finst i salmebøkene for Den norske kyrkja og for andre kyrkjesamfunn. Det er salmar som «No livnar det i lundar», «Gud signe vårt dyre fedreland», «Med Jesus vil eg fara».

Blix-salmane har ingen personleg eller individuell tone. Dei forkynner allmenne religiøse sanningar, med vekt på fellesskap framfor individualisme, på vanleg kvardag framfor høg helg. Dei fleste salmane har ein utprega bibelsk farge, og allusjonar til Bibelen finst i mest kvar av dei. Dei representerer ein vanleg folkeleg kristendomstype med røter attende til Pontoppidan og pietismen. Også det er med og forklarer kvifor Elias Blix er blitt ståande som ein av dei fremste og mest velkjende norske salmediktarane, og kanskje den mest sungne. Og det er med og stadfestar at Elias Blix er ein av dei som gjennom 100 år har hatt mest å seie for nynorsk kyrkjemål.

Kjelder

  • Tove Bull (Jæger) 1972: Dei første nynorske salmane. Ein idéanalyse av originalsalmane til Elias Blix. Uprenta hovudoppgåve, Universitetet i Trondheim.
  • Norsk biografisk leksikon (red. Jon Gunnar Arntzen), bd. I, Elias Blix (av Tove Bull), s. 369–370, Kunnskapsforlaget 1999.

 

-- Tove Bull er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Tromsø.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter