Pressestøtte og språkleg mangfald

AV ASGEIR OLDEN

Vi kunne sjølvsagt ha greidd oss utan ord som dagmamma og takgrind, men dei fleste av oss bruker dei som om dei alltid hadde eksistert. Det har dei på ingen måte. Begge, og mange fleire, har først dukka opp i eit stykke journalistikk. Om det er journalisten som har stole uttrykket frå ei kreativ sjel, eller om han eller ho rett og slett har laga det der og då, veit vi ikkje. Det vi veit, er at journalistikken er, og har vore, ein skodeplass for ordlaging, språklege eksperiment og nydanningar.

Ikkje alle set like stor pris på det som skjer i dette laboratoriet. Når det blir gjort feil, når dei språklege bileta både haltar og sprekk, når dei gamle orda blir sette inn i heilt absurde samanhengar, når dei nye orda er både lange og vrange, då rettar stilrettarane ryggen og går ut offentleg mot forfallet i språket.

I den mektige norvagiseringsdebatten greidde mange å gjere seg morosame over dei nye norske formene. Men i Dagbladet står det sjampanje og ketsjup, og i Aura Avis har det alltid heitt skåre og skåring. Vi skal hugse at noko sånt som to av tre trykte ord står i aviser. Kvar dag står det ein middels roman rekna i ordmengd både i den eine og andre av dei.

I Rogalands Avis kan barna kose seg på «glattå», i Øyposten på Finnøy heiter det «me», lenger nord er det «vi», i avisa Valdres har dei orden på den kløyvde infinitiven, medan e- og a-infinitiv fordeler seg greitt etter talemålet rundt om i landet.

Dersom dette ikkje er språkleg mangfald, så er ingenting det.

Pressepolitikk

Bak dette mangfaldet ligg det eit avislesande folk, folkenære aviser og eit pressemønster mange misunner oss. Inndelinga i lokalaviser, regionaviser, riks- og nisjeaviser fungerer mønstergyldig. Det einaste feltet der vi ser ut til å ha tapt, er dei såkalla nummer to-avisene, altså minstebrørne og småsøstrene i byar og somme kommunar. Talet på fleiravisbyar går stødig nedover og har gjort det i over 50 år.

Årsaka til at det i det heile finst slike, er det som somme vil kalle rammevilkår, andre pressestøtte. Frå 1969 har vi hatt statlege ordningar som på ulike måtar har prøvd å halde oppe pressemønstret i Noreg. Med unntak av nummer to-avisene er det vanskeleg å seie anna enn at det har vore ein heilt spesielt vellykka politikk. I dag er det rundt 220 aviser i landet. Berre våre nordiske naboar kan skryte på seg noko liknande.

Dei ulike statlege ordningane har endra seg mykje frå 1969 og kjem til å forandre seg i framtida også. Til nå er dette dei viktigaste tiltaka:

Momsfritak – norske aviser slepp å betale moms på sal av abonnement og aviser i laussal. Dette systemet har vore den største og mest stabile støtta til det norske pressemønstret. Økonomisk er momsfritaket i milliardklassen, og det gjeld alle aviser, rik og fattig, stor eller lita.

Den statlege annonseringspolitikken har gjennom tidene også vore ei kjekk ordning for mange. Etter visse reglar har kunngjeringar og stillingar vore annonserte i mange aviser, også dei mindre, og staten og ytre etatar har alltid betalt skikkeleg for seg. Denne politikken er i praksis borte nå, og heretter blir det dei store avisene som får gleda av statleg annonsering. For enkelte aviser, særleg i hovudstaden, vil bortfallet utgjere fleire millionar kroner årleg.

Sjølve pressestøtta, altså det som blir løyvt over statsbudsjettet, utgjer resten av den offentlege pressepolitikken. Dei siste åra har støttesummen vore rundt og i overkant av 200 millionar kroner årleg, i fjor nærare 240 millionar. Desse summane blir, igjen etter spesielle reglar, fordelte på ikkje mindre enn om lag 140 norske aviser. Fleirtalet av dei 220 får altså ei eller anna form for direkte støtte frå staten.

Grovt sett blir støtta fordelt på fire måtar:

Riksspreidde, meiningsberande aviser går av med hovudpotten. Dette er aviser som Vårt Land, Nationen, Klassekampen, Dagsavisen og Dagen i Bergen. Typisk for dei fleste av desse avisene er at dei er spreidde flortynt over heile landet. Dei blir rekna som spesielt verneverdige, nettopp fordi dei representerer mangfald, og støtta til dei har vore relativt lite omstridd.

Dei såkalla nummer to-avisene får nest mest. Aviser som Bergensavisen i Bergen og Rogalands Avis i Stavanger kunne neppe ha overlevd utan den direkte støtta frå staten.

I tillegg får dei mindre avisene ein del kroner, ikkje så mykje på kvar, men for mange er desse pengane forskjellen på liv og død.

Ein liten, men ikkje uviktig post på budsjettet er støtte til ein del utvalde publikasjonar. Den nynorske riksavisa Dag og Tid er eit døme, ho er dessutan eit døme på ei avis som aldri hadde overlevt utan kronene frå staten. Dei samiske avisene skal heller ikkje gløymast her. Vi hadde knapt hatt samiske aviser utan raus støtte.

Om støtta blei borte

Mange har spekulert på kor stor avisdøden ville bli utan støtta frå staten. Det er ikkje lett å seie, men vi kunne i alle fall ha avskrive dei såkalla riksspreidde meiningsberande med ein gong, kanskje med unntak av Vårt Land. Nummer to-avisene hadde ikkje hatt sjanse. Dermed var vi svært nær minus 20 utan vidare.

Kva som ville skje med dei minste lokalavisene, er det litt verre å spå om. Dersom ein ser på reine rekneskapstal, ville fråfallet ha blitt stort, minst tjue, i verste fall det doble. Men slikt kan ein ikkje påstå utan vidare, ettersom dei har vist ei fabelaktig evne til å justere kursen og leggje om i trongare tider. Men vi skal ikkje oversjå det faktum at godt over 60 aviser er blitt borte for godt også etter at pressestøtta blei innført. Likevel har vi altså fleire aviser i dag enn i 1969. Det tyder på at politikken har vore vellykka, ikkje minst etter at dei små avisene kom inn på budsjettet både med starthjelp og fast sum.

Skulle det verste skje – at den direkte pressestøtta og momsfritaket blei borte på ein gong – kan ingen heilt seie kva følgjer det får, men vi ville i alle fall fort kunne slutte å skryte av å vere det mest avistette landet i verda.

Det mangfaldige mangfaldet

Ein viss professor i nordiske språk ville neppe ha sakna dei avisene som blei borte, i det heile. Han finn berre feila i dei. Men dei som trur på språkleg mangfald, burde gråte ein skvett.

Språkleg mangfald er svært nær knytt til volum. Det er nesten ikkje til å unngå at ordvariasjon og uttrykksvariasjon har betre kår når mengda er stor, enn når ho er lita. Den norske pressestrukturen held oppe ein utruleg språkleg volumproduksjon, og innimellom finn du perlene. Som elles i naturen er det ikkje perler i kvart skjel, men det går i alle fall an å finne nokre.

I dagens språkklima og språkpolitikk er domeneforsvar eitt av nøkkelorda, altså at norsk blir brukt på alle livsområde, og at vi utviklar daglegord og terminologi som rett og slett er norske eller forståelege på norsk. Avisfolk kjem ofte tidleg i kontakt med nye fenomen og produkt, og det er ikkje få journalistar som strir den gode strid når dei skal skrive om dei. Sjølv om det definitivt også finst syndarar som ukritisk formidlar amerikansk fagspråk, blir det brøytt mykje nytt språkleg land i møtet med det moderne.

Ei vesentleg årsak til det er den utskjelte forenklinga journalistar driv med. For journalistar flest er lesaren ein viktigare person enn kjelda, så skal du føre lesaren inn i nye landskap, må du faktisk gjere lesaren kjend både med topografien og dei enkelte landskapsformene. Slik dukkar det opp nye ord, nye forklaringar, nytt territorium for våre kjære morsmål. Det er min alvorlege påstand at journalistikken er den største domeneforsvararen i norsk. Ikkje minst nisjeavisene skal ha ros og ære for den slags.

Eit litt anna domeneområde er variantar av norsk. Personleg frydar eg meg over dialektfarga språkbruk i avisene og synest at det godt kunne bli endå meir av det slaget. Men endå viktigare er det at dei tre infinitivsformene får leve i skriftleg nynorsk, at a-endingane faktisk blir brukte i bokmål, og at diftongane framleis blir haldne i hevd. Og der er det støtteavisene som held barrikadane. Rikspressa og dei store regionavisene er forbløffande einsretta og konservative, for ikkje å snakke om vårt store telegrambyrå, NTB, som har ei språknorm som frå tid til anna kan få Aftenposten til å framstå som reine rabulisten.

Men mest har nok den statlege pressepolitikken hatt å seie for nynorsken. Mystisk nok har ikkje kulturministrar og andre som forsvarer norsk pressepolitikk, brukt det poenget ein einaste gong, så langt eg kan sjå.

For eit minoritetsspråk som nynorsk er bruksmengda avgjerande. Utan folk som testar nynorsken ut på alle livets merkverdige fenomen, ville språket snart ha blitt marginalisert. Men slike folk finst, og i pressa finst det mange. Om lag seksti norske aviser bruker nynorsk såpass mykje at det viser att. Somme er reine nynorskaviser, andre språkblanda. Desse spenner over eit såpass vidt felt av tema og spesialitetar at vedlikehaldseffekten er enorm og nyskapingseffekten stor. I Vårt Land og Nationen kan du møte både allmennstoff og spesialstoff på nynorsk, i Bergens Tidende og Sunnmørsposten alt frå sport til juridiske tema, i dei store lokalavisene som Firda i Førde eit heilt komplett norsk språk frå kvar ei grend og kvart eit emne dei vel å skrive om, i dei aller minste avisene eit identitetsskapande, heimleg mål. Meir kan ein knapt krevje. Og ja, det er sant at det er mykje feil der, men det trur eg vi får oversjå i den gode saks teneste.

Det vesle vi har av nynorsk rikspresse, er heilt ut avhengig av statleg godvilje. Dei to sambuarane i Oslo, Dag og Tid og Nynorsk Pressekontor, produserer alt frå store mengder daglegprosa til kunstferdige og åndfulle tekster om tema som kan spenne frå fransk filosofi til norsk arkitektur, ja, jamvel humor. Utan dei hadde vi faktisk blitt fattigare. Eg veit jo at mange ville ha likt ei slik utvikling, men til nå har staten ikkje vilja det.

 

-- Asgeir Olden er redaktør ved Nynorsk Pressekontor.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015