Byggjer samhald med språklov

No image

Han vaks opp på biblioteket og snakkar fire språk flytande. På vidaregåande vart han plassert i innvandrarklasse med lettlese pensum. Nå har han lagt fram Noregs fyrste heilskaplege språklov.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Kulturminister Abid Raja nærast unnskyldar seg med det same han kjem inn i rommet.

– Nynorsk er eg ikkje så flink i!

Språkrådet er ikkje ute etter å teste nynorskkunnskapane til kulturministeren, men vi vil gjerne høyre meir om språklova, som han la fram i mai. Saman med lova kom det ei stortingsmelding som peikar ut område som er ekstra viktige for at språkpolitikken skal fungere. Opplæringssektoren, medie- og kultursektoren og IKT-politikken er nemnde som særlege satsingsområde i arbeidet med å tryggje norsk, samisk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Språkrådet vil få lovfesta oppgåver.

Ministerskifte og koronakrise

Det var ikkje sjølvsagt at språklova skulle bli lagt fram nettopp i 2020. Ei språklov har vore varsla heilt sidan stortingsmeldinga Mål og meining vart vedteken i 2008.

Men det vart Abid Raja som greidde å dra arbeidet i land. Den 12. mai 2020, på dagen 135 år etter jamstillingsvedtaket som sidestilte nynorsk og bokmål som offisielle språk i Noreg, la han fram språklova. På dette tidspunktet hadde Raja sete i ministerstolen i mindre enn fire månader. I mellomtida hadde også ein pandemi råka landet vårt.

– Under koronakrisen har det vore vanskeleg. Alt har vore stengt. Vi må koma med ulike kompensasjonspakker til kulturlivet. Heldigvis får vi også gjort ein del «normale» ting. Eg var nettopp i Snåsa for å leggje ned grunnsteinen til Saemien Sijte – Sørsamisk museum og kultursenter. Vi må jo halde fram med dei vanlege aktivitetane i departementet. 

Har du fått sett ditt eige stempel på språklova?

– Da eg vart minister 24. januar, var det allereie gjort mykje bra arbeid med språklova. Det har Trine Skei Grande og departementet mykje av æra for. Det var lagt eit grunnlag, men det var ikkje teke politiske avgjerder ennå. Så eg måtte få saka gjennom i regjeringa, og nå står vi samla om lovforslaget.

Ei sterkare lovforankring vil heve statusen til språkpolitikken. Abid Raja

Lova vart litt forseinka på grunn av koronasituasjonen, men ho vart lagd fram for Stortinget før sommarferien. Nå håpar kulturministeren at Stortinget vil handsama lova før jul.

– Eg er veldig oppteken av at vi skal få vedteke lova i år, slik at ho kan verke frå 1. januar 2021.

Må sikre at lova verkar

Vi veit at det er mange innbyggjarar i Noreg som ikkje får oppfylt dei språklege rettane sine i dag. Kulturministeren meiner at ei språklov både vil auke det allmenne språkmedvitet og gje Språkrådet meir autoritet.

– Ei sterkare lovforankring vil heve statusen til språkpolitikken. Gjennom språkpolitikken skal vi byggje eit einskapleg land. Eg er spent på korleis det går når lova skal drøftast i Stortinget, og eg er oppteken av at Språkrådet skal ha økonomiske musklar til å følgje opp språkpolitikken og språklova. Eg trur at språklova kan styrkje posisjonen til Språkrådet. Eg er glad for at lova slår fast at alle sektorar skal ta eit eige språkansvar, og at Kulturdepartementet skal ha eit koordineringsansvar.

Men korleis kan vi sørgje for at ulike sektorar tek ansvar for språket?

– Departementa har eit stort ansvar her. Mellom anna må departementa følgje opp arbeidet med norsk fagterminologi. Det er så lett å kopiere ord og omgrep som kjem frå utlandet, og som snik seg inn i språket på for eksempel oljeplattformer eller legekontor. Og plutseleg har språket i profesjonane fjerna seg frå språket i befolkninga. Vi må sørgje for at denne avstanden ikkje blir for stor. Vi har heldigvis mange arenaer som er viktige for å utvikle norsk fagspråk. Språkbanken til Nasjonalbiblioteket er viktig, biblioteka gjer sitt, skulane gjer sitt.

Språkleg mangfald er eit gode, ikkje eit problem. Abid Raja

Raja legg vekt på at vi må bruke det norske språket i alle samanhengar.

– Vi skal ta vare på norsk. Samtidig meiner eg at språkleg mangfald er eit gode, ikkje eit problem. Eg meiner det er svært viktig å følgje opp språkmangfaldet i skulen. Det gjeld ikkje berre bokmål og nynorsk. Vi må også styrkje dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Noreg har dessutan fått ei minoritetsgruppe med barn som har andre språk som morsmål. Nå får elevane språkpoeng frå vidaregåande skule når dei søkjer om opptak til høgare utdanning. Det er ein stor verdi å lære seg framandspråk. Men vi må aldri gløyme kva som er fellesskapsspråka i Noreg. Det er dei språka denne lova vernar om.

Likestilling mellom bokmål og nynorsk

I formålsparagrafen til språklova står det at lova skal fremja likestilling mellom bokmål og nynorsk, og at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket. Men i dag er det eit godt stykke att til reell likestilling mellom målformene. Offentlege organ bryt den gjeldande mållova stadig vekk.

Korleis kan ei språklov endre situasjonen?

Raja ser bort på statssekretær Gunhild Berge Stang.

– Vi må passe på at Gunhild blir verande i Kulturdepartementet etter valet!

Raja fortel at han er kjend med at det skjer brot på mållova.

– Eg meiner at det går fram av språklova at nynorsk som mindretalsspråk krev ekstra styrking. Det er ikkje nok å tenkje likestilling, vi må tenkje særhandsaming for å kunna oppnå likestilling. Eg er glad for at fylkeskommunane også skal ha plikter. Det er ikkje lenger berre statsorgana som skal svara på nynorsk eller bokmål til folk som skriv til dei. Det skal også fylkeskommunane gjera.

Språkmektig statsråd

Lat oss avslutte der vi starta, med dei manglande nynorskkunnskapane til statsråden. Raja fortel at han gjekk i vanleg norskklasse på barneskulen og ungdomsskulen. Men da han begynte på vidaregåande, meinte skulen at han skulle gå i innvandrarklasse.

– Dette forstod eg ikkje før eg vart vaksen: På den tida fekk skulen meir betalt for elevar i innvandrarklasse med særundervisning. Skulane fekk tilskot på grunn av oss. Og nynorsk var sjølvsagt heilt utelukka i innvandrarklassene. Eg hadde ikkje noko i ei slik klasse å gjera, eg hadde gode karakterar i norsk. Eg vaks nærast opp på biblioteket.

’Når ein bannar på urdu, høyrest det ut som om ein kastar blomar!’ seier vi på panjabi. Abid Raja

Men sjølv om sidemålsundervisninga har vore litt skranten, er kulturministeren meir språkmektig enn dei fleste. Han er fødd i Oslo og har pakistanske foreldre, og panjabi er morsmålet hans.

– Eg lærte fyrst panjabi, det er det mor mi snakkar. Far min ville også at eg skulle lære urdu, det er på ein måte «bokmålet» i Pakistan. Urdu er eit danna språk, medan panjabi er eit røft språk, mellom anna med svært fargerike bannord. «Når ein bannar på urdu, høyrest det ut som om ein kastar blomar!» seier vi på panjabi.

Norsk begynte Raja å lære i barnehagen da han var fire–fem år gammal. Dessutan snappa han opp ein del norske ord frå barne-tv. Etter kvart lærte han også hindi.

– Språk og dialekt rommar mykje kulturelt materiale og heng svært tett saman med identiteten vår. Om språket vårt skulle forsvinne, så vil ein del av landet vårt døy samtidig. Difor er det viktig å sikre norsk språk gjennom ei språklov.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter