Samisk i høgare utdanning – nye nyansar i språkpolitikken

No image

AV JORUNN SIMONSEN THINGNES

Korleis kan ein styrkje norsk i møte med engelsk, samstundes som ein styrkjer dei språka som staten har ansvaret for? Ei gransking av språkpolitikk og språkval ved Sámi allaskuvla gjev nokre svar på desse spørsmåla.

Noreg treng ein målretta, ambisiøs og offensiv språkpolitikk som styrkjer norsk i møte med engelsk, samstundes som han styrkjer det språklege mangfaldet og dei språka vi har eit nasjonalt ansvar for (Lov om språk, prop. 108 L (2019–2020), s. 10).

Universitet og høgskular har ifølgje universitets- og høgskulelova ansvar for å vidareutvikle og halde ved like norsk fagspråk. Den einaste institusjonen som er unntatt dette ansvaret, er Sámi allaskuvla (Samisk høgskule), som har ansvar for samiske språk. I doktorgradsavhandlinga Å velje minoriserte språk. Språkpolitikk og språkval i akademia granskar eg språkpolitikk og språkval ved denne institusjonen. Datamaterialet er observasjon, intervju og styringsdokument. Å granske ein samisk institusjon har gjeve meg ei breiare forståing av språk i universitets- og høgskulesektoren. Funna frå granskinga utfordrar etablerte sanningar og utvidar perspektiva på språkpolitikk og språkval.

Sámi allaskuvla

Sámi allaskuvla ligg i Guovdageaidnu (Kautokeino). Han er ein særeigen institusjon i universitets- og høgskulesektoren ved at nærast all aktivitet ved høgskulen går føre seg på samiske språk, primært nordsamisk. Høgskulen er dels underlagd ein annan politikk enn den som gjeld for resten av UH-sektoren, men som statleg institusjon må Sámi allaskuvla halde seg til dei strukturane som gjeld andre institusjonar. Med strukturar meiner eg her særleg finansierings- og rapporteringsordningar knytte til undervising og forsking og til vitskapleg publisering.

Sámi allaskuvla er ein allsamisk høgskule som rekrutterer studentar og tilsette frå heile Sápmi, og han er akkreditert som urfolksinstitusjon. I tillegg til å skulle verne og utvikle samiske språk skal høgskulen vareta samisk kultur og levesett. Visjonen til høgskulen er at han skal vere eit «samisk og urfolksuniversitet der samisk språk høres og leses daglig, og der samenes og andre urfolks verdier og tankegang står i sentrum» (Strategiplan 20172021, 2016).

Rolla til engelsk

Når ein nyttar meir engelsk i utdanningssektoren, går det ut over bruken av andre språk. Fleire granskingar har vist at akademia er i skvis mellom eit ønske om internasjonalisering, som fører til meir bruk av engelsk, og eit ønske om å vareta nasjonalspråket slik at det kan sikrast som eit samfunnsberande språk. Denne situasjonen er dels eit resultat av at forskingspolitikken har internasjonalisering som mål, medan språkpolitikken vil styrkje norsk fagspråk. Men skapar bruken av engelsk vanskar for språk som ikkje tidlegare har hatt ein sentral plass i høgare utdanning, eller kan engelsk snarare vere ei støtte for desse språka?

Norsk kan vere meir trugande for samisk enn det engelsk er.

Den akademiske urfolksfellesskapen er med på å gje verdi til dei samiske språka og til arbeidet ved Sámi allaskuvla. Skal ein institusjon verte akkreditert som urfolksinstitusjon av organisasjonen World Indigenous Higher Education Consortium, må han oppfylle krav om bruk av urfolksspråk. Det synleggjer verdien språka har i urfolksfellesskapen. Sámi allaskuvla, som i den norske samanhengen er liten, er ein stor og viktig institusjon i den internasjonale akademiske urfolksfellesskapen.

Norsk som det trugande språket

Trugande og trugsel er ord som skildrar den auka bruken av engelsk i høgare utdanning. Granskinga mi ved Sámi allaskuvla nyanserer dette biletet. Som sett er engelsk ei støtte i det urfolkssamarbeidet som institusjonen er ein del av. Vidare syner granskinga at norsk og andre nasjonale majoritetsspråk i Sápmi kan vere vel så trugande eller meir trugande for samisk enn det engelsk er (jf. Tove Bull i International Journal of the Sociology of Language, 2012, s. 55–73).

Det at dei samiske språka er utsette for press frå norsk, er nemnt i språkmeldinga som vart lagd fram i vår. Granskinga mi viser korleis. Trass i at institusjonen er etablert som ein samisk høgskule, må han rapportere til styresmaktene på norsk. At sentrale dokument må vere skrivne på norsk, strir mot den politikken høgskulen ønsker å føre: Samiske språk skal vere hovudspråk og originalspråk, altså meir enn språk det vert omsett til. I dette tilfellet avgrensar krav frå staten høvet til å bruke samiske språk i sentrale dokument.

Det at tilsette ved Sámi allaskuvla kan oppleve at norsk språk utfordrar samiske språk, må sjåast i lys av fornorskingshistoria. Under fornorskingsperioden måtte brukarar av samisk legge vekk språket sitt. Den kanskje viktigaste arenaen for fornorskinga var utdanningssektoren, og denne sektoren er no like viktig i revitaliseringa av dei samiske språka. Det engelske språket, som har kome inn i biletet seinare, har ikkje hatt den same undertrykkjande rolla som norsk har hatt. Om ein set det på spissen, kan ein seie at norsk språk gjennom tidene har avgrensa urfolksaktivitet i Noreg, medan engelsk no legg til rette for slik aktivitet gjennom samarbeid med andre urfolk og urfolksinstitusjonar.

Samisk som vitskaplege språk

Sámi allaskuvla nyttar samisk, primært nordsamisk, i alle typar aktivitetar og alle typar publikasjonar, også vitskaplege. Forskinga ved institusjonen skal vere relevant for det samiske samfunnet. Det at forskinga vert formidla på samisk, er med på å utvikle samiske språk. Å publisere vitskapleg også på samisk er sentralt fordi det utvidar bruksområdet til språka. Ein parallell er diskusjonen om norsk fagspråk. Fleire har peikt på at det er ein reell fare for at norsk språk i framtida ikkje vil vere brukt i høgare utdanning og forsking. Bak målet om å motverke eit slikt domenetap ligg eit ønske om at norsk språk skal vere samfunnsberande.

Sámi allaskuvla spelar ei sentral rolle i utarbeiding av fagomgrep og såleis i revitaliseringa av dei samiske språka.

Det same ønsket ligg til grunn for målet om at dei samiske språka skal vere vitskaplege språk. Å styrke samisk fagspråk er også viktig for det fagspråklege krinsløpet (jf. Språkrådet i Språk i Norge, 2018, s. 50). Fagomgrep som vert utvikla og brukte i forsking, kan etterpå nyttast i lærebøker, i offentleg sektor og i nærings- og samfunnsliv. Sámi allaskuvla spelar ei sentral rolle i utarbeiding av fagomgrep og såleis i revitaliseringa av dei samiske språka, særleg nordsamisk.

Dobbelpublisering

Om ein skal arbeide for at dei samiske språka skal vere fagspråk samstundes som ein tar del i ein internasjonal fellesskap, kan ein publisere den same teksten på fleire språk. Samiske tidsskrift opnar gjerne for at forskarar kan publisere på både samisk og engelsk. Utfordringa er at dei fleste andre tidsskrift ikkje støttar dobbelpublisering. Det inneber at tekstar som alt er publiserte, til dømes på nordsamisk, ikkje vert vurderte for publisering på nytt på eit anna språk. Det same gjeld om teksten er publisert på engelsk i eit internasjonalt tidsskrift. Då har ein ofte ikkje lov til å omsetje og omarbeide teksten slik at han kan publiserast til dømes på nordsamisk. Det same gjeld publisering på norsk.

Den språkpolitikken som er god for norsk i akademia, er ikkje nødvendigvis god for samiske språk.

Dette er altså eit problem for bruken av fleire språk i akademia, men det er særleg presserande i den samiske konteksten sidan lesargruppa og moglegheitene for å publisere er avgrensa. Utfordringane som er knytte til publisering, viser korleis strukturar i akademia motverkar bruken av minoriserte språk, og dette er og bør vere eit viktig språkpolitisk tema.

Ujamt maktforhold

Språkpolitikken for UH-sektoren dreier seg i det store og heile om å verne og styrkje norsk i møte med strukturar som favoriserer engelsk. Samstundes er situasjonsskildringa ved Sámi allaskuvla ei anna enn denne – og når situasjonsskildringa er ei anna, er det behov for ein annan politikk. Ved Sámi allaskuvla er dei ikkje opptatte av å styrkje og verne norsk språk, og engelsk er ikkje sett på som ein trugsel i same grad som i den norske språkpolitikken. Situasjonen er ein annan i Sápmi, og dét er det dels tatt omsyn til i politikken ved at Sámi allaskuvla har eit særskilt oppdrag og ansvar. Samstundes er institusjonen underlagd mange av dei same føringane som andre UH-institusjonar, og han må nytte norsk i kommunikasjonen med det offentlege.

Høvet til å nytte samiske språk i publisering er også avgrensa. Funna frå granskinga ved Sámi allaskuvla gjer det tydeleg at språkpolitikken for UH-sektoren ikkje heilt fungerer i den samiske konteksten, og at språkpolitikk heng saman med forskingspolitikk. Den språkpolitikken som er god for norsk i akademia, er ikkje nødvendigvis god for samiske språk. Det betyr at språkpolitikken for høgare utdanning må nyanserast om han skal gje meining for heile UH-sektoren.

Sámi allaskuvla går inn for å endre eller vege opp for det ujamne maktforholdet mellom språk, og språk- og forskingspolitikken bør støtte dette arbeidet.

 

-- Jorunn Simonsen Thingnes er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.11.2020 | Oppdatert:25.01.2021