Ny lov, ny giv

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

Språkrådets arrangement Språkdagen 2020, som du kan lesa meir om i denne utgåva av Språknytt, blei ein suksess, i alle fall målt etter all merksemda. Den nye språklova, som er til handsaming i Stortinget, bør få like mykje merksemd, for det er nå han byrjar, den systematiske innsatsen for godt språk i heile samfunnet.

Ein generell lærdom eg vonar me alle kan ta med oss frå Språkdagen, er at godt og systematisk språkarbeid ikkje er noko som skjer av seg sjølv. Det må prioriterast.

Språkpolitikken må følgjast opp i alle krikar og krokar av det offentlege. Alle sektorar må ta sin del av ansvaret for at innbyggjarane i Noreg skal møta eit godt, oppdatert og forståeleg språk når dei er i kontakt med eller mottar informasjon frå det offentlege.

Diverre er det framleis slik at mange ikkje får oppfylt dei språklege rettane sine.

Difor skal me sørgja for at det blir lett for offentlege verksemder å gjera rett også på språkområdet. Då er det skikkeleg flautt å vera den verksemda som tullar det til med språkarbeidet.

Me skal visa fram dei gode døma. Me skal sørgja for at ingen synest det er greitt å vera den som bryt språklova og ikkje viser respekt for det språklege mangfaldet og dei språklege mindretalsrettane.


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.11.2020 | Oppdatert:25.01.2021