Den store, ukjende språkpolitikaren

AV SYLFEST LOMHEIM

Jørgen Løvland (1848–1922) var i ein mannsalder ein av våre mest sentrale politikarar. Ved sida av statsminister Christian Michelsen var Jørgen Løvland den viktigaste aktøren under unionsoppløysinga i 1905. Det var han som leidde møtet med svenskekongen Oskar 2. i Stockholm den avgjerande dagen 27. mai i 1905. Då Michelsen danna regjering, vart han den første utanriksministeren i landet. Løvland sat i Nobelkomiteen i tjue år (mesteparten av tida som formann), vart stortingspresident i 1913 og var kyrkje- og undervisningsminister frå 1915 til 1920.

Me skulle tru at ein så sentral mann i det nye Noreg kom til å få eit ruvande ettermæle. Faktum er at Jørgen Løvland er lite kjend for dagens nordmenn. Heilt urettvist har han kome i skuggen av dei andre store namna frå tida like etter hundreårsskiftet. Kanskje har det vorte for trongt ved sida av kong Haakon, Christian Michelsen, Fridtjof Nansen og Bjørnstjerne Bjørnson? Biografien om han kom først i samband med hundreårsmarkeringa i 2005 for oppløysinga av unionen med Sverige. Då gav Samlaget ut Jørgen Løvland. Vår første utanriksminister av Per Eivind Hem.

Her skal me konsentrera oss om språkpolitikaren Jørgen Løvland. Han er sjølvsagt nemnd i dei språkhistoriske handbøkene våre, men me får liksom ikkje inntrykk av at han er ein av våre største språkpolitikarar i moderne tid, endå det er han. Truleg har ingen enkeltperson på så avgjerande vis påverka den norske språksituasjonen i førstninga av 1900-talet som han. Her er eit knippe av saker:

Kven stod bak at kongen og kronprinsen i 1905 fekk namna Haakon og Olav? Ifølgje statsminister Michelsen var det Løvland. Og som me veit, har dette vorte dei sentrale namna i kongehuset dei siste hundre åra.

Kven fekk gjennom stortingsvedtaket om å innføra sidemålsstilen i 1907? Det var Løvland, med støtte frå statsminister Michelsen.

Kven stod i spissen for arbeidet med å skifta ut unorske administrative nemningar (som amt) og geografiske namn (som Fredrikshald)? Løvland, særleg i dei åra han var undervisningsminister.

Kven var den sentrale mannen i arbeidet med å få gjennom rettskrivinga for riksmål og landsmål i 1917, den dei fleste reknar som den aller viktigaste rettskrivingsreforma på heile 1900-talet? Kyrkje- og undervisningsminister Løvland.

Det er liten tvil om at berre det Jørgen Løvland gjorde på området språkpolitikk, rekk lenge som livsverk.

Jørgen Løvland gjorde seg gjeldande alt i 1885, då Stortinget gjorde det kjende vedtaket om å gje landsmålet same status som «det almindelige bogsprog». På den tida var den unge læraren Løvland aktiv venstrepolitikar på Agder. Han dreiv den lokale kampanjen for landsmålet i Kristiansand. Til og med på nyttårsaftan 1884 arrangerte han møte på lærarseminaret i byen og fekk forsamlinga til å vedta ei fråsegn om landsmålet. Ikkje uventa valde Venstre-egdene han til tingmann i 1885, og i Kristiania-politikken hadde han så arbeidsplassen sin meir eller mindre uavbrote like fram til 1920.

Landsmålet frå tilbod til påbod

Det var då han var utanriksminister (1905–1907), han fekk regjeringa med på å innføra obligatorisk skriftleg eksamen i landsmål i gymnaset. Fram til då hadde landsmålet vore eit tilbod til dei utdanningssøkjande, no vart det eit påbod for alle som tok vidaregåande utdanning. I praksis førte dette til at me etter ei tid fekk ein embetsstand som hadde ein viss dugleik i begge skriftmåla.

Løvland måtte ut or regjeringa like etter. I dei tre åra frå 1909 til 1912 var han leiar i det nystifta Noregs Mållag. Organisasjonsmann var han ikkje, og protokollane frå desse tre åra er mangelfulle. Men det han ikkje gjorde i protokollane, det gjorde han på talarstolane. Ved å bruka namnet sitt etablerte han vørdnad for organisasjonen og gjorde sitt til å gjera landssamanslutninga for målsaka synleg.

«Umvølte paa norsk»

Etter eit mellomspel som stortingspresident frå 1913 til 1915 vart han kyrkje- og undervisningsminister i 1915. Det er som me kan ana kor han hadde sett fram til å innta denne posisjonen for å få sett ut i livet ein del av dei kulturpolitiske sakene han brann for. Først tok han tak i spørsmålet om stadnamn og nemningar på administrative einingar. Dette var ei sak som hadde vore under førebuing ei tid. Alt i 1900 hadde Stortinget uttalt ønske om at offentlege namn måtte «verta umvølte paa norsk elder umbytte med nasjonale namn, der det trengst, og bed Rikstyret (sic!) um aa gjennomføra desse brigdi». Løvland fekk fram innstillingar om dette i 1915 og 1916, førde i pennen av professorane Hjalmar Falk og Marius Hægstad. Diskusjonen om nemningane amt og amtmann gjekk høgt. Skulle ein velja fylke eller syssel? Skulle embetsmannen heita jarl, sysselmann eller fylkesmann? Per Eivind Hem kan avsløra at Løvland eigentleg tykte best om jarl. Fylkesmann meinte han var ein «mann frå fylket», slik bygdemann var ein «mann frå bygda». Som me veit, vart resultatet fylke og fylkesmann. I dag må me vedgå at likestillingsperspektivet hadde vorte betre ivareteke med jarl. Tora Aasland i Rogaland, Kirsti Kolle Grøndahl i Buskerud, Kristin Hille Valla i Oppland og alle andre fylkesmenn kunne ha vore «jarlar».

Det neste Løvland gjekk laus på, var namn på bispedømme, fylke og byar. For det første gjekk ordet stift ut, og bispedømme kom inn. For det andre fekk fleire av stifta nye namn. Løvland meinte at etter norrøn tradisjon skulle administrasjonsbyane gje namn til bispedømma, så han ønskte at bispedømma skulle heita Oslo, Hamar, Bjørgvin, Nidaros og Trums. Synet hans vann ikkje heilt fram – det vart Hålogaland i nord, ikkje Trums, og Agder i sør, ikkje Kristiansand. Når det gjaldt nye namn på fylke, ville Løvland helst ha hatt Romerike og Ringerike, men det vart Akershus og Buskerud. Han ville òg helst ha hatt Hålogaland fylke, men det vart Nordland. Elles vart Nordre Bergenhus til Sogn og Fjordane, Søndre Bergenhus til Rogaland, Smaalenene til Østfold, Bratsberg til Telemark – berre for å nemna fire.

Nye fylkesnamn

Dei nye fylkesnamna vart offisielle etter 1919, og jamt over vart dei tekne vel imot. Då stod det meir strid om bynamna. Dei styrande i Kristiania ville ikkje ha Oslo, men Stortinget skar gjennom og vedtok det. I Trondhjem gjekk det nesten på livet laus, men enden på bataljen vart kompromisset Trondheim, etter eit år med Nidaros. Den byen er altså den einaste i landet som har hatt tre offisielle namn på 1900-talet. Mange namn elles òg fekk tilbake tradisjonelle norske former – med nokre unntak. Verken Veslehamar, Vatsøy eller Tveitestrand vart vedtekne. Dei tradisjonelle danske namna vart ståande.

Frå ulming til glør

Om det ulma ein del i debatten om slike namn, var det for ingen ting å rekna samanlikna med gløden i målstriden. Dei landsfemnande organisasjonane for riksmålet og landsmålet hadde vore i aktivitet sidan først på 1900-talet. Å freista ta opp heile rettskrivingssituasjonen i form av ei samla rettskrivingsreform var å stikka handa beint i kvefsebolet. Det visste alle. Løvland gjorde det likevel. Han ville ha ei skikkeleg reform som skulle «åpne veien for en utvikling frem imot nasjonal samling på grunnlag av folkets virkelige talesprog». Dei som kan si norske språkhistorie, veit at her er det dynamitt i kvart eit ord.

Den rettskrivinga som vart vedteken gjennom kongeleg resolusjon i 1917, gjorde for første gong den sosiale sida av språkstriden synleg. Tidlegare hadde hovudspørsmålet i språkdebatten krinsa rundt det nasjonale: Skal skriftspråket vera dansk-norsk eller heilnorsk? I samband med reforma i 1917 endra språkstriden karakter. Frå då av har språkdebatten dreia seg om folkemål og bymål, om «dannede former» eller «vulgarisering», tradisjon eller ikkje-tradisjon. Sterke kjensler har vorte kvervla opp langs sosiale og ideologiske liner.

Reint konkret gjekk den nye rettskrivinga inn for å etablera utstrekt valfridom, både i riksmål og landsmål. Orda kunne ha berre éi form, eller dei kunne ha to former som var valfrie. Som berande prinsipp var dette både nytt og dristig. Bein og sein og gata og boka vart korrekte former ved sida av dei tradisjonelle ben og sen, og gaten og boken. Bru og tru og golv kunne nyttast, som alternative former til bro, tro og gulv.

På landsmålssida skjedde det ei tilsvarande tilnærming til folkemålet. Aasens boki vart erstatta med valfritt boki eller boka, ven vart til valfritt ven eller venn osv. Setninga vennen kasta boka over brua kunne etter 1917 altså vera både riksmål og landsmål. Ikkje rart at mange elles sindige nordmenn i åra etter 1917 meinte at det berre var eit tidsspørsmål før dei to skriftvariantane kom til å smelta saman.

Frå vår utkikspost i 2006 er det ikkje vandt å sjå at dei sakene Løvland arbeidde med – sidemålsundervisning, namn på administrative einingar, geografiske namn, reforma av riksmålet og landsmålet – er blant dei viktigaste språkendringane som har vorte gjennomførde dei siste hundre åra. Det kan òg sjå ut som at av alle dei saksområde han arbeidde med som politikar, var det språk og kultur som greip djupast i hjartet hans. Difor var det som det skulle vera, at den siste bolken hans som politisk aktiv nettopp vart dominert av å gje folkekulturen plass og innverknad.

Han var vel klar over at dei ikkje var problemlause, dei sakene han slost for. «Farerne ligger til alle Sider. Men naar man er forvisset i sit Sind og med sin Pligt, da er Gjerningen ikke saa tung,» skreiv Løvland til barndomsvennen Hans Faret, lærar på Hornnes i Setesdal. Jørgen Løvland tok sine plikter, han opplevde «farerne» og kampane. Men han opplevde som politikar sanneleg òg gleda over å sjå viktige saker gjennomførde.

 

-- Sylfest Lomheim er direktør i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter