Altona og andre importerte  stadnamn

AV BOTOLV HELLELAND

Av dei kanskje fire–fem millionane stadnamn som ein kan rekna med finst, eller har funnest, i Noreg, er det ein namnetype som mange sikkert har stussa ved, nemleg namn som Altona, Frankrik og Jeriko. Når ein møter skilt med slike namn, kunne ein tru ein var heilt på avvegar. Men her i landet har me faktisk ei nokså stor gruppe stadnamn som er oppkallingar etter land, landskap og byar utanfor Noreg. Dei nordiske landa og Tyskland ser ut til å vera sterkast representerte, elles er heile Europa og Nord-Amerika godt til stades i det norske stadnamnlandskapet, ja truleg finn ein namn frå alle kontinent. Bak oppkallingane ligg det ulike opphav, og ofte er det vanskeleg å finna fram til motivet for dei. I alle fall viser desse namna at nordmenn har vore kjende med verda utanfor, og på ein måte kan ein sjå dei som eit uttrykk for tidleg internasjonalisering. Så vidt eg veit, har ikkje denne namnetypen vore utgreidd i nokon større mon, så ei systematisk registrering og gransking av materialet er ynskjeleg. Denne artikkelen er berre ein smaksprøve på eit tema som har mange interessante ingrediensar.

Eg kjem ikkje her inn på dei mange namna med eit utanlandsk namn som forledd, t.d. Danmarksplass og Rostockergata. Eg kjem heller ikkje inn på innførte namnemønster av typen Frydenlund, Marienlyst, Blommenholm og Rosenborg eller dei moderne City, Downtown og andre som til dels er laga etter mønster av utanlandske stadnamn.

Ikkje alle namn som ved fyrste augnekast synest høyra til denne kategorien, er lån utanfrå; t.d. er Eng(e)land ofte ei vanleg norsk namnelaging samansett av eng + land. Skotland er som regel laga til skot «framspring» + land. Men dersom desse namna har einstavings tonelag, er det ein indikasjon på at desse landa i vest er oppkalla. Mønsteret for Vittenberg, som finst fleire stader, ligg utvilsamt i det kjende tyske bynamnet Wittenberg, der Luther i 1517 slo opp dei 95 tesane sine på kyrkjedøra, men lokale tilhøve kan ha vore med på å motivera namnet. Vittenberg i Trøgstad meiner Kåre Hoel er gjeve med bakgrunn i kvitaktige flekker i berget, sjølv om namneforma har mønster i det tyske bynamnet. Det tyder at folk har oppfatta fyrsteleddet i Witten- som adjektivet kvit. Eit typisk norsk namn som Århus har som regel ikkje noko med det jyske bynamnet å gjera (der sisteleddet er ei omlaging av (elve)os), sjølv om den som gav dette namnet, kan ha tenkt i den lei. For Ålborg i Eidsvoll, skriftfest alt i 1320 i forma Alaborg, dreg Oluf Rygh inn det danske bynamnet som ein mogeleg modell, ettersom denne byen tidleg hadde kontakt med Noreg. Fyrsteleddet i det danske namnet er ål «fure, vassrenne».

Kjelder

Det ligg ikkje føre noko samla oversyn over dei utanlandske stadnamnlåna. Ein må såleis leita i ulike kjelder, og dermed vil resultatet verta noko tilfeldig. Ein møter ein god del av dei på vegskilt rundt om i landet, og endå fleire på kart, særleg om ein går inn på Økonomisk kartverk. På Internett kan ein søkja etter einskildnamn i det sentrale stadnamnregisteret til Statens kartverk (Norgesglasset). På Internett kan ein òg søkja i Oluf Ryghs Norske Gaardnavne (NG), eit verk som er særleg nyttig fordi ein der finn uttaleopplysningar og stundom kommentarar. Dei utkomne banda av Kåre Hoels Bustadnavn i Østfold (BØ) har ein god del oppkallingsnamn som ikkje er oppførte i NG for dei tilsvarande kommunane, og med meir utførlege forklaringar. Flest namn av denne typen finn ein likevel i Matrikkelutkastet av 1950, der ein kan søkja gjennom alle gardsnamn, bruksnamn og tomtenamn som var registrerte fram til ca. 1950. Nokre fleire namn finn ein spreitt i hovudoppgåver og andre stadnamnarbeid, og i setelsamlingane til namnearkiva. Dersom ein tek for seg eit oversyn over kristelege forsamlingshus, vil ein møta særleg mange bibelske stadnamn. Av 1950-matrikkelen går det fram at det oftast er misjonsforeiningar som eig eigedomar og bygningar med namn som Betlehem og Betel. Eit historisk interessant døme på bruken av Betlehem er dokumentert i ei kjelde frå 1668. Under garden Spissøya på Moster er det nemnt ein gjestgjevarstad Betlehiem, «som paa Grund af sin Betydning ‘Brødhus’ er anvendt som Navn paa et Gjæstgiversted».

Fordeling

Dei utanlandske stadnamnlåna er spreidde over heile landet, men likevel slik at dei finst noko oftare på Sør-Austlandet. Dette heng venteleg saman med at desse stroka ligg nærast ein del av dei landa namna er henta frå, og folk bur tettare her. Ein annan grunn kan vera at dei mange husmannsplassane i denne landsdelen var lettare mottakelege for slike namn. Ikkje sjeldan finn ein to eller fleire namn av denne typen i eit avgrensa område, som i Enebakk, der Altona, Hamborg og Lybekk ligg på rekkje på vestsida av vatnet Mjær, med Danmark på austsida og med Skåne lenger nord i bygda. Båhus og Skåne er grannenamn i Ringsaker, medan Hamborg og Lybekk ligg nær kvarandre i Trøgstad og i Aurskog. Østfold ser i det heile ut til å ha vore særleg mottakeleg for utanlandske oppkallingar, for i Rødenes førekjem Engeland, Frankrike, Slesvik, Pommern, Holstein og Meklenborg. På Nordberg i Oslo finst Holstein og Hamborg. Dette kan vera utslag av eit kontrasterande namngjevingsprinsipp. Elles er det eit gjennomgåande trekk at namna har vore nytta om småbruk og plassar. Mange av namna er ikkje lenger i levande bruk, og ofte er busetnaden som namna var nytta om, borte.

Dømesamling

Som nemnt er stadnamn frå dei næraste landa mest talrike, men ein vil sjå at fleire kontinent er representerte i det norske namnelandskapet. Danmark, Båhus, Lybekk og Hamborg er mellom dei mest populære. Her fylgjer eit utval (langt frå fullstendig) ordna etter grupper av land. Det er nytta den same  skrivemåten som i den kjelda som ligg til grunn (bortsett frå at aa er endra til å):

  • Nordiske land:
    Danmark, Fyn, Sverig/Sverige, Stokkholm, Båhus, Bahus, Kongel/Kongell, Skåne, Gottenborg, Jamtland/Jemtland, Island, Grønland, Finland, Åbo.
  • Andre europeiske land:
    Tyskland, Altona, Hamborg/ Hamburg, Holstein/Holsten, Lybekk, Oldenborg, Brandenborg, Meklenborg, Berlin, Vittenberg, England/Engeland, Skottland, Holland, Frankrig/Frankrike. Paris, Normandi, Bern, Portugal, Italia, Solferino, Pompei, Hellas, Golan, Balkan, Polen, Pommern, Russland, Moskau, Sibir/Sibirien, Petersborg/Petersburg.
  • Andre verdsdelar:
    Vinland, Amerika, Nyork, Florida, Chicago, Dakota, Canada, Kanada, Labrador, Kvebekk, Kvebæk, Afrika, Sahara, Durban.
  • Bibelske stadnamn:
    Jerusalem, Getsemane, Jeriko, Kapernaum, Nasaret, Betlehem, Betel.

Skrivemåte og uttale

Dei namna som finst i det offentlege kartverket, er normerte etter gjeldande reglar. I matrikkelutkastet og Norske Gaardnavne og andre kjelder vil skrivemåten variera etter skriveskikken i tida, slik at ein finn Baahus, Stokholm, Frankrig. Interessant er det at namn på ‑burg oftast er skrivne ‑borg, t.d. Hamborg, Petersborg. Men uttaleopplysningane i Norske Gaardnavne og annan munnleg tradisjon viser at namna er tilpassa det lokale lydsystemet, t.d.

/’bø:us/ for Båhus i Ringsaker,
/baus/ for Bahus i Fana,
/’ståkkhølm/ for Stokkholm i Våler i Hedmark,
/’høllstein/ for Holsitein i Spydeberg,
/’péttersbårr/ for i Petersborg i Løten (som òg kan vera ei heimleg laging med personnamnet Peter),
/’røsslann/ for Russland i Skjeberg.                          

Dei aller fleste utanlandske oppkallingsnamna er uttala med einstavings tonelag. Også landsnamna er til dels tilpassa i ein lokal uttale, t.d.
/’sværíe/ for Sverige,
/”frankrik/ (tonem 2!), /’frankrikji/ for Frankrike.

Lydlege tilpassingar som Hamborg og Petersborg av det utanlandske ‑burg viser at namnbrukarane har vore medvitne om det språklege innhaldet, sjølv om Kongel(l) av det svenske Kungälv viser at sisteleddet er endra til det ukjennelege. Derimot er sisteleddet i Lübeck tydeleggjort i forma Lybekk.

Namnemotiv

Som tiåring sat eg på med ein bil frå Lofthus til Øvre Eidfjord, og då me kom over brua til det flate lendet til garden Sæbø, sa sjåføren at «no er me komne til Danmark». Eg trur ikkje denne karakteristikken feste seg som namn, men han kunne vel ha gjort det om dei naudsynte føresetnadene hadde vore til stades. Mange namn av typen Danmark har opphav i assosiasjonar med flatt lende, gjerne relativt små flater med tanke på at Danmark er eit lite land. Namnet Grønland har ofte oppstått av di namngjevarane har funne staden særleg grøn, eller rett og slett for å gje eit rosande namn, men ein assosiasjon til namnet på den store øya har ofte spela med. For mange av desse namna kan ein tenkja seg opphavet til slike oppkallingsnamn utan at ein dermed kan fastslå sjølve tildrivet til namnet. Oluf Rygh gjev fylgjande informative omtale av namnetypen:

De fleste Lande i Europa og en Mængde af dets Byer findes derfor igjen i norske Gaardnavne; i den senere Tid ere ogsaa Navne fra Amerika komne til, som Kvebek, New-York, Chicago, Dacotah. Af indenlandske Navne have nogle bohuslenske Bynavne (Bahus, Kongell, Oddevall), uvist af hvilken Grund, været i særlig Yndest i 16de og 17de Aarh. Ofte vælges ogsaa Navne, som blive bekjendte gjennem Litteraturen, mythologiske Stedsnavne, Navne paa udenlandske Steder, som blive almindelig omtalte paa Grund af mærkelige Begivenheder, som nylig ere foregaaede der.

Om Jemtland på Vestre Toten seier Norske Gaardnavne at det er «ret ofte brugt som Namn paa Pladser og nyere Gaarde og er vel overalt Opkaldelse efter Jemtland i Sverige», utan å seia noko om kvifor. Bakgrunnen for dette og somme andre svenske namn kan vera at ein rydningsmann frå dei svenske stadene har slått seg ned her. Stundom kan det liggja ei hending bak. Dei mange stadene Altona, Hamborg, Holstein og Lybekk har venteleg fått namn gjennom den tette handelskontakten med Nord-Tyskland. Altona i Våler i Østfold held Kåre Hoel for oppkalling etter byen Altona i Holstein (no ein del av Hamburg), som låg under Danmark fra 1640 til 1866. Staden vart velkjend gjennom krigshandlingane og vart brend av svenskar i 1713. Margit Harsson reknar med at Holstein-namna vart tekne i bruk i siste halvdelen av 1700-talet av di norske soldatar var utkommanderte dit i perioden 1757–1763 fordi det var fare for krig. Det ser i alle fall ut til at store hendingar ute i verda, særleg krig, ligg bak ein del av oppkallingane. Det gjeld truleg Solferino (Røyken), som må ha oppstått straks etter det store slaget ved denne italienske byen i 1859 (dette slaget var sterkt medverkande til at Henry Dunant seinare grunnla Raudekrossen). Sameleis kan Sebastopol (Jæren) ha fått namnet under eller straks etter Krimkrigen 1853–56 (der Florence Nightingale gjorde ein stor humanitær innsats). Namnet Waterloo i Leksvik skal etter tradisjonen på staden koma av at ein mann derifrå hadde vore med på dette store slaget mot Napoleon i 1815.

Oppkalling etter amerikanske stader, som Nyork, Dakota og Portland, kan svært ofte knytast til dei norske innvandrarane på 1800-talet. Staden dei kom til i Amerika, kunne gi namn til plassen dei kom frå.

Tidspunkt

Ovanfor er det nemnt at Ålborg i Eidsvoll kan ha vore påverka av det danske bynamnet alt i mellomalderen. Dette kunne òg gjelda Gallis i Andebu, skrive i Galizo ca. 1400, som NG meiner må vera «Opkaldelse af Landskabsnavnet Gallicien i Spanien, som var vel kjendt i Norge i MA. paa Grund af de hyppige Valfarter til Apostelen Jakobs Grav i Compostela, efter hvem Landet i Norden oftest kaldes Jakobsland». Det siste namnet kan vera oppteke i gardsnamnet Jaksland i Røyken (NG 6 s. 172). Serkland i Våle kan vera ei mogeleg oppkalling etter det mellomalderlege norske namnet på landet mellom Eufrat og Tigris. Sjølv om desse forklaringane ikkje er heilt sikre, er det grunn til å rekna med at oppkalling etter utanlandske stader har førekome langt attende. Der ein har skriftlege kjelder, kan ein slå fast kor gammalt namnet minst må vera. Dei fleste namna som er nemnde ovanfor, skriv seg frå 1600– 1700-talet og frametter, og frå den tida er ein del av dei heimla i kjelder, t.d. fylgjande namn frå Spydeberg: Oldenborg i Spydeberg i 1655, Vittenberg i 1722 og Holstein i 1792. Nokre av dei bibelske namna kan vera fleire hundre år gamle, men dei fleste er truleg frå dei siste 100–150 åra, særleg gjeld det namn på forsamlingshus.

Litteratur

 

-- Botolv Helleland er førsteamanuensis i namnegransking ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter