Filleonkel og filletante – kommentar til kommentarar

AV LARS S. VIKØR

I Språknytt nr. 4/2005 skreiv eg ein artikkel om filleonkel og filletante og bad om kommentarar og informasjon frå lesarane. Det har komme inn tretten kommentarar, blant anna med opplysningar om kva svararane sjølve meinte at desse orda tydde. Det kan vere interessant å summere opp mønstra i svara. Det er sjølvsagt inga vitskapleg gransking, men kan kanskje likevel seie litt om visse tendensar.   

Eg fann tre hovudtydingar av slektskapsorda på fille- i ordbøkene:

  1. syskenbarn til far eller mor
  2. inngifta onkel eller tante
  3. familievenn som ikkje er i slekt.

Alle desse tydingane var representerte i kommentarane.

Tyding 1 fekk fem «stemmer», alle frå Sør-Austlandet. Tyding 2 var det tre som kjendest ved, éin av dei berre sekundært. To av dei kjende òg tyding 3. Tyding 3 fekk, medrekna desse to, også fem stemmer. Både tyding 2 og tyding 3 var kjende i ulike landsdelar (Oslo, det indre Austlandet, Hordaland og Molde var representerte i svara). To av dei som svara, gav ikkje opp noka tyding, men konsentrerte seg om opphavet, som eg kjem til nedanfor.

Eg dreg ikkje andre konklusjonar av dette enn denne oppsummeringa. Men ein kan merkje seg at alle dei som svara, med eitt unntak, er fødde i 1930- og 40-åra. (Det eine unntaket er fødd tidleg på 60-talet, to gav ikkje opp fødselsår.) Eit spørsmål ein kan stille, er om dette tyder på at desse nemningane er på veg ut, noko eit par av av svararane òg er inne på.

Når det gjeld opphavet, peikar tre svararar på fransk fille «dotter, jente» som ein mogleg inspirasjon. Eg vurderte det da eg skreiv artikkelen min, men kom til at det var så lite truleg at eg lét vere å nemne det. Men i og med at opphavet kan sjå ut til å ha vore ei form for kreativ «språkleik» innanfor det norske byborgarskapet for om lag hundre år sidan, eit samfunnssjikt der det var ganske utbreidd å kunne fransk, kan ein sjølvsagt ikkje 100 % avvise at det kan ha vore eit samband. Likevel er det svært vanskeleg å sjå korleis dette sambandet kan ha arta seg.

Takk til dei som har gjort denne kommentaren mogleg: Yann Aker, Torun Berntsen, Else Breen, Hallgeir Dale, Bjørg Fjelltveit, Aud Steier Griem, Trond Hellemo, Sidsel Lydersen, Bjørn Melby, Bjørn Myhre, Svein Nestor, Kåre Sørby og Tor Ulset.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter