Smakebitar frå termbasar

Electropedia

Kva heiter elektrotekniske termar som linked flux, magnetic susceptibility og spectral concentration på norsk? Og korleis vert dei definerte?

I den internasjonale termbasen Electropedia kan du søkje i over 22 000 termpostar innan elektroteknikk. Kvar termpost inneheld definisjon på engelsk og fransk i tillegg til termar på ei rekkje språk, frå tysk og svensk til japansk og arabisk.

Litt under 3100 av termpostane inneheld termar på norsk, både bokmål og nynorsk, og desse dekkjer område som t.d. elektromagnetisme, elektriske kablar og lys.

Det er den internasjonale elektrotekniske kommisjonen IEC som står bak Electropedia. Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) har samarbeidd med Språkrådet for å utvikle det norskspråklege innhaldet i Electropedia.

Gjennom fastsetjing av termar i Electropedia vert den elektrotekniske terminologien einskapleg, og ein sikrar presist fagspråk i m.a. tekniske standardar på området.

Innhaldet i Electropedia er tilgjengeleg for gjenbruk i ikkje-kommersielle applikasjonar gjennom XML-format.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter