På kornet

Ann-Helén Langaker er seniorrådgjevar i seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning i Språkrådet.

Ann-Helén LangakerKva er det beste med jobben din?

Å arbeida saman med så mange kloke og engasjerte kollegaer som brenn for jobben sin. Det er utruleg inspirerande og gjevande. Og så føler eg meg enormt heldig som får lov til å jobba med noko så viktig som å følgja opp norsk språkpolitikk.

Kva for utdanning har du etter vidaregåande skule?

Eg er utdanna fagomsetjar med vidareutdanning i juridisk omsetjing og terminologiarbeid.

Kva var favorittfaget ditt på barneskulen?

Norsk, utan tvil. Eg hugsar at eg likte godt å gjera leseleksa og skriva stil. O-fag var òg eit spanande fag, særleg samfunnsfagdelen.

Kvifor er arbeidet med terminologi viktig?

Me treng eit norsk fagspråk for at norsk skal kunna vera eit samfunnsberande språk. Me kan ikkje ha ein opplyst og open debatt om til dømes klimaendringar utan eit oppdatert og levande norsk fagspråk. Eit oppdatert og tilgjengeleg fagspråk er avgjerande for at flest mogleg skal kunna delta i samfunnsdebatten, og for at politikarane skal ha eit godt grunnlag for å treffa kunnskapsbaserte avgjerder. Me lever i ei verd der både samfunnsdebatten og politikken vert stadig meir polariserte, og då er det særs viktig at kunnskap blir formidla på eit språk som er forståeleg.

Om du kunne velje eit anna yrke, kva for eit og kvifor?

Eg trivst så godt i jobben min, men om eg var nøydd til å velja noko anna, måtte det ha vore jurist eller samfunnsvitar.

Kva les du helst på fritida?

Eg les for det meste norsk samtidslitteratur og sakprosa. I helgene er Morgenbladet fast følgjesvein til morgonkaffien, og eg set òg stor pris på Dag og Tid og Klassekampen. Framtida er ei strålande avis for barn og unge, og eg les ho gjerne sjølv òg.

Kva er favorittermen din?

Likeverd. Meir sjølvforklarande og velklingande term skal ein leita lenge etter. Og så må eg få nemna feministisk synleggjeringsprosjekt, som har så fint og viktig innhald: ‘prosjekt for å synleggjere kvinners bidrag og innverknad på ei rekke arenaer, til dømes i historie og samfunn, tekst, vitskap og akademia i det heile’. Det er bra at me har ein norsk term for å beskriva dette høgst naudsynte arbeidet. Prosjektgruppa for fagtermar i kjønnsforsking har registrert begge termane i Språkrådets termwiki.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.04.2019 | Oppdatert:20.01.2021