Klarspråk

No image

13. oktober er den internasjonale klarspråksdagen. Med klarspråk meiner vi korrekt, klart og brukartilpassa språk.

For å illustrere kva som ligg i omgrepet klarspråk, kan vi sjå på ei setning som er døme på det motsette:

I samband med måltidssituasjonar blir kommunikasjon gjennom samtalar viktig.

I klarspråk fortel denne setninga eigentleg berre at det er viktig å prate saman under eit måltid.

Det burde kanskje seie seg sjølv at den klaraste og tydelegaste uttrykksmåten er den beste, men så enkelt er det ikkje. I det offentlege må det drivast jamt og målretta klarspråksarbeid, elles kan borgarane lett bli feilinformerte om rettane og pliktene sine.

Ein tekst frå det offentlege er skriven i klarspråk dersom mottakarane

  • finn det dei treng
  • forstår det dei finn
  • kan bruke det dei finn, til å gjere det dei skal

Klarspråk har etter kvart blitt eit godt kjent omgrep, og difor er ordet teke inn i fleire norske ordbøker.

Språkrådet har arbeidd systematisk med klarspråk sidan 2006 og samarbeider med Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi). Prosjektet «Klart språk i staten» vart avslutta i 2012, men viktige samarbeidstiltak som framleis består, er

Klarspråk er eit internasjonalt fagfelt. Plain Language Association International (PLAIN) er ein internasjonal klarspråksorganisasjon med medlemmer frå 25 land. Annakvart år blir det arrangert ein PLAIN-konferanse. I 2019 skal Noreg vere vertskap for PLAIN-konferansen.

Kvifor heiter det klarspråk og ikkje klartspråk?

I samansetjingar som består av adjektiv + inkjekjønnsord (klar + språk), er regelen at førsteleddet ikkje vert bøygd i samsvar med sisteleddet. Difor heiter det klarvêr (ikkje klartvêr) og klarsyn (ikkje klartsyn). Men det finst nokre mykje brukte unntak, slik som godtfolk, kaldtvatn og varmtvatn.

Synest du det er vanskeleg å skrive klart og tydeleg? Da kan du finne gode skriveråd her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.10.2018 | Oppdatert:03.08.2021