Visste du at?

I Frankrike har kvart departement ein terminologiansvarleg

Fransk språkpolitikk slår fast at ansvaret for terminologiutviklinga i det offentlege skal liggje i fagdepartementa. Det inneber mellom anna at kvar statsråd nemner opp ein person som skal sørgje for at det vert utvikla fransk terminologi på fagområda til departementa.

Terminologiarbeidet i departementa skjer i samarbeid med instansar som Académie française, det franske akademiet for språk og litteratur, og AFNOR, det franske standardiseringsorganet. Eit eige presidentdekret fastset korleis arbeidet skal organiserast, og det finst ei årleg rapporteringsordning.

Nye fagtermar vert publiserte i mellom anna FranceTerm, ein termbase som inneheld terminologi på tvers av fagfelt og sektorar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.06.2020 | Oppdatert:20.01.2021