Nytt siden sist

Språklov, språkmelding og terminologi

Regjeringa har lagt fram ei ny språklov til handsaming i Stortinget. Eit framlegg til språklov var på høyring i fjor. I høyringsfråsegna melde Språkrådet inn at det trengst ein eigen lovparagraf som kan gje offentlege styresmakter ansvaret for å utvikle og tilgjengeleggjere terminologi. Fleire andre organisasjonar peikte på det same behovet.

Ein slik paragraf er ikkje med i det nye lovframlegget. Derimot er fagspråk og terminologi mykje omtala i meldinga som følgjer med lovframlegget. Terminologi er t.d. vektlagt som ein grunnlagsressurs for utvikling av språkteknologi, automatisert sakshandsaming, kunstig intelligens og nye digitale løysingar i og utanfor offentleg sektor. Vidareutvikling av terminologi er også eit vilkår for levande fagspråk. Store termbasar som SNORRE, Felles datakatalog og Termportalen er omtala, og Termportalen blir vist til som ei særleg satsing for å styrkje arbeidet med fagspråk i universitets- og høgskulesektoren. Portalen skal òg gje alle sektorar og organisasjonar felles tilgang til all terminologi.

Prototypen av Termportalen vart utvikla ved Noregs handelshøgskule (NHH) og overført til språksamlingane ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2018. Språkmeldinga legg opp til at Termportalen skal vidareutviklast til ein felles, nasjonal portal der alle kan søkje på tvers av termbasar og finne terminologi frå ulike fagfelt og organisasjonar. I tillegg heiter det i meldinga at målet er å etablere eit eige fagmiljø i terminologi i tilknyting til Termportalen.

EAFT-konferanse utsett

På grunn av koronapandemien er konferansen til den europeiske terminologiorganisasjonen EAFT utsett til 25.—26. november 2021. Staden er den same: Dublin i Irland. Følg med på EAFTs nettsider for meir informasjon. 

E-læringskurs i terminologi- og begrepsarbeid

I slutten av april kom e-læringskurset Begrip begrepene! ­– et innføringskurs i terminologi- og begrepsarbeid. Kurset er laget av Språkrådet i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet. Det gir en innføring i begrepsanalyse, definisjonsskriving og termdanning og termvalg. I tillegg gir det en kort oversikt over hvordan du kan organisere arbeid med begreper og terminologi.                                                      

Kurset er åpent for alle, men det er særlig beregnet på fagfolk som trenger å analysere begreper og skrive definisjoner i forbindelse med digitalisering, og på fagfolk som underviser og forsker i universitets- og høyskolesektoren og trenger å lage norske termer. Det tar ca. 45 minutter å gjennomføre kurset. Du finner kurset her.

Fellesoffentlege omgrep

Digitaliseringsdirektoratet og Språkrådet arbeider med å definere fellesoffentlege omgrep som ‘organisasjon’, ‘gruppe’, ‘person’, ‘namn’, ‘adresse’ og ‘geografisk adresse’. Temaet vart diskutert i terminologiforumet 18. juni. Framlegg til definisjonar vert sendt på høyring etter sommaren.

Felles datakatalog har skiftet eier og adresse

Felles datakatalog logoI forbindelse med opprettelsen av det nye Digitaliseringsdirektoratet ble Felles datakatalog, som inkluderer Felles begrepskatalog, overtatt av Digitaliseringsdirektoratet. Felles datakatalog er også blitt slått sammen med data.norge.no og finnes nå på nettadressen www.data.norge.no. Felles begrepskatalog har i tillegg fått en egen registreringsløsning som kan brukes av virksomheter som ikke har en egen lokal begrepskatalog. Du kan lese mer om Felles begrepskatalog under «Smakebiter fra nordiske termbaser».

Oppskrift på harmonisering og differensiering av omgrep

I mai kom ein revidert forvaltningsstandard for omgrepsharmonisering og omgrepsdifferensiering på plass. Standarden viser korleis ein skal gå fram for å harmonisere omgrep på tvers av avdelingar, organisasjonar og land. Eit slikt arbeid kan vere aktuelt i samband med datadeling og -gjenbruk, lovarbeid, standardisering, klarspråk osb. Standarden viser også korleis ein kan skilje omgrep tydelegare frå kvarandre (omgrepsdifferensiering) dersom harmonisering ikkje er mogleg eller ønskjeleg.

Standarden inneheld fleire praktiske døme på korleis ein skal gå fram. Standarden er viktig for alle som driv med terminologiarbeid, til liks med andre forvaltningsstandardar frå Digitaliseringsdirektoratet og ISO-standarar tilgjengelege frå Standard Noreg.

Fagspråk på 1-2-3

I høst lanserer Språkrådet lynkurset Fagspråk på 1-2-3 – hvordan lage fagordlister i en fei!. Kurset er nettbasert. Målgruppa er universitets- og høgskolesektoren, som har et lovpålagt ansvar for å vedlikeholde og videreutvikle norsk fagspråk.

Lynkurset skal gi en kort innføring i hvordan man lager fagordlister, og det vil fungere som en inngangsport til e-læringskurset Begrip begrepene!, som er et innføringskurs i terminologi- og begrepsarbeid.

Forslag til ny lov om universitet og høgskular

Den 13. februar i år la universitets- og høgskulelovutvalet fram forslag til ny lov om universitet og høgskular. Lovutvalet føreslår å vidareføre ei eiga føresegn om ansvaret som universitet og høgskular har for å utvikle og vedlikehalde norsk fagspråk.

Norsk fagspråk er òg vigd eit eige kapittel i NOU-en (sjå kapittel 14 i NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler). Lovutvalet framhevar at det å ha ein levande norsk terminologi og levande norske faguttrykk er særs viktig på dei fleste område i samfunnet, mellom anna for å kunne trekkje forsking inn i norsk offentleg debatt. Lovutvalet peikar òg på at institusjonane som tilbyd høgare utdanning, må leggje til rette for og delta i å utvikle norske faguttrykk og norsk terminologi som kan brukast igjen i andre delar av samfunnet.

Språkrådet har levert ei høyringsfråsegn om lovforslaget. Du finn fråsegna her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter