Oi, på nynorsk! – eit innføringskurs på nett

I Språkrådets nye nettkurs får du verktøy som gjer deg tryggare på å bruke nynorsk i arbeidskvardagen. Innhaldet i kurset er basert på det som usikre nynorskbrukarar strevar mest med, og som det samstundes er lett å gjere noko med.

Her er ei oppsummering av den viktigaste lærdommen i kurset:

Forvaltningsord

Litt likt, eller heilt annleis?

Somme forvaltningsord på nynorsk liknar litt på bokmålsorda, medan andre er heilt annleis. Det er inga skam å slå opp i ordboka!

Av og til er det greitt å bruke ord som sluttar på -heit, men det finst ofte betre alternativ:

  • kortare ord
  • ord som endar på på -dom, -leik, -skap
  • ord som endar på -semd, -løyse

Desse orda er nyttige å kunne: løyve, vilkår, rettleiing, verksemd, teieplikt

Verb

Bruk fortidstesten

Om du kasta terningen i går, så kastar du han i dag.
Om lampa lyste i går, så lyser ho i dag.

Alltid kortform i notid av j-verb!

fortelje: Else fortel om møtet med departementet.
spørje: Lars spør om referatet er klart.

Substantiv

Bøyingssystemet liknar på det som er i bokmål, men fleirtalsendingane er litt annleis.

Hovudreglane for substantivbøying:
ein rapport – rapporten – rapportar – rapportane
ei sak – saka – saker – sakene
eit møte – møtet – møte – møta

Det er først og fremst hankjønnsorda som skal ha endingane -ar og -ane i fleirtal.

Det viktigaste unntaket er hokjønnsord som sluttar på -ing:
ei stilling – stillinga – stillingar – stillingane

Pronomen og eigedomsord

Bokmål: dere – dere – deres
Nynorsk: de – dykk – dykkar eller dokker – dokker – dokkar

Språkføring

Ver konsekvent!

Fleire ord og bøyingsformer er valfrie i nynorsk, men du må vere konsekvent i bruken. Hugs spesielt å halde deg til éi ending i infinitiv, anten -e eller -a.

For å kunne handsame saka ber vi deg sende oss relevante
dokument.

For å kunna handsama saka ber vi deg senda oss relevante
dokument.

Hugs alltid hjelpeverb om du bruker passiv!

Ingen kan straffast for uhellet.
Alle blir kontakta når fristen er ute.

Bruk s-genitiv mindre enn i bokmål!

Ofte er det lurt å skrive om:
byråets nettside → nettsida til byrået
partiets program → partiprogrammet

S-genitiv er greitt i særnamn:
Elses kontor, Noregs idrettshøgskole

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter