Litt om historia bak sidemålsstilen

AV KJELL HAUGLAND

Det var ingen liten siger målrørsla kunne innkassere i Stortinget våren 1907. For framtida skulle alle som gjekk opp til eksamen, dokumentere at dei kunne bruke begge målformene skriftleg, både landsmålet og «almindeligt bogmål». Kandidatane fekk to val: Anten kunne dei skrive ein eksamensstil på kvar målform, eller dei kunne bruke same målet i begge og skrive ein tredje, lett stil med forteljande eller skildrande innhald på den andre målforma. «Sidemålsstilen» var fødd. For å lette overgangen kunne skulane ved dei første fem eksamenane bruke attforteljing som tilleggsprøve.

Vedtaket var tverrpolitisk og avspegla også til ein viss grad språkstridens geografi. Eit stort fleirtal av Venstre-representantane, knapt halvparten av Høgre og alle sosialistane på ein nær stemte for. Det var ein klar tendens til at representantar som kom frå strøk der målrørsla hadde fått fotfeste, stemte positivt.

Med denne endringa i lov om høiere Almenskoler frå 1896hadde landsmålet fått eit solid fotfeste i eit skuleslag der sympatien for målet og motivasjonen for å lære det, var mildt sagt svak. Protestaksjonar frå skulane rett før saka skulle avgjerast i Stortinget hadde ikkje ført fram. Den 17de Mai, hovudorganet til målrørsla, slo fast at målfolket hadde vunne slaget, sjølv om avisa ikkje hadde noen sans for overgangstida med attforteljing. Det viktige var at elevane no måtte ta landsmålet på alvor og «bruke norsktimane til noko anna og betre enn å geipe etter norsken». Denne formuleringa speglar ei holdning som vi møter forholdsvis ofte i målrørsla på den tid: Gymnasa hørte by- og embetsmannskulturen til og var fremmende for målreising og bondens kultur – det norske. Derfor tok dei ikkje der i garden på alvor dei krava som alt var nedfelte i undervisningsplanen om kunnskapar i landsmål. Følgjeleg måtte det kontroll til i form av obligatorisk skriftleg eksamensprøve.

Det hende at også motstandarane på den konservative sida gav striden om landsmålsprøve ein sosial dimensjon. Morgenbladet meinte, da kampen var på sitt verste i april, at det heile bar preg av ein nemesis. Den forakta som «en forståelsesløs og ofte fersk bykultur» hadde møtt bondens språk og kultur med, bar no frukter: «Nu mener målmændene, at hævnens tid er inde.»

Slik var motsetningane land–by og bondekultur–bykultur ein undertone i kampen om obligatorisk landsmålsprøve til examen artium. Men han hadde fleire dimensjonar, ikkje minst politiske. Og han hadde eit langt forspel, tilbake til jamstillingsvedtaket i 1885.

Jamstilling og store voner

Da Venstre-fleirtalet i Stortinget i 1885 sette gjennom at «det norske folkesprog» i prinsippet skulle ha same status som bokmålet, hadde målfolket fått fundamentet dei trong, i arbeidet for å gje landsmålet plass i det norske skulesystemet. Og dei hadde også fått ein av sine frontfigurar i ein nøkkelposisjon, Elias Blix, minister for kyrkje- og skulesaker i åra 1884–1888. Forventningane til salmediktaren og bibelomsetjaren Blix i rolla som politikar var sjølvsagt store. Så vart da også vonbrotet desto større da departementet i eit rundskriv til gymnasa i 1887 formulerte krava til opplæring i det norske folkespråket: Elevane skulle kunne lese og gjere greie for innhaldet i litteratur på landsmål, men trong ikkje ha kunnskapar i grammatikken. Dette var for tynt og uforpliktande for Fedraheimen, avisa til målfolket: «No kan ein alltid synast, at noko er betre enn inkje. Men me målmenner er ikkje nøgde med det, no når me kunne fenget meir, hadde det vore litt meir age og litt meir tak med kyrkjeministaren.» Det Fedraheimen ønskte seg, var krav om formelle kunnskapar i landsmål og obligatorisk landsmålsprøve ved eksamen. Prøven var nødvendig for å sikre at målet vart teke på alvor i gymnasa, som «me veit hatar landsmålet».

Gymnasa var ei vanskeleg arbeidsmark, og dei fekk da også stort sett vere i fred for målfolket i åra framover. Men da ein ny lov om høgre allmennskular var på trappene ved midten av 1890-åra, kom også språkspørsmålet på dagsordenen igjen. I mars 1896, i ein artikkel i Den 17de Mai, som da var det nye hovudorganet til målrørsla, lanserte målmannen og venstrepolitikaren Marius Hægstad tanken om obligatorisk eksamensstil på landsmål. Saka vart drøfta på årsmøtet i Det Norske Samlaget og i Den 17de Mai. Meiningane i landsmålskrinsar var delte. Den politiske situasjonen var no langt mindre gunstig for målsaka enn ti år tidlegare, og faren for å gå på eit nederlag tilsvarande stor.

Kravet om obligatorisk eksamensstil på landsmål viste seg å vere heilt urealistisk da lovframlegget vart handsama av Stortinget våren 1896. Heller ikkje lykkast det landsmålsvennlege stortingsmenn å få inn i loven eit temmeleg utvatna kompromissforslag med krav om at det skulle krevjast «nogen skriftlig øvelse" i landsmål. Likevel – på eitt punkt fekk målfolket medhald: Elevane skulle sjølve få velje kva målform dei ville bruke til skriftleg eksamen. Men – og det var malurta i begeret – alle elevar, også dei som valde landsmål, skulle "gives fornøden øvelse i skriftlig brug af det almindelige bogmål».

Lærarskulen blir spydspiss

Det komande tiåret valde målfolket å konsentrere seg om lærarskulane, ikkje minst av taktiske grunnar. Siger her kunne i neste omgang brukast som brekkstong på gymnasa. På fleire måtar var lærarskulane (fram til 1902 kalla seminar) og gymnasa mot slutten av 1800-talet blitt sosiale og kulturelle motpolar. Mens gymnasa rekrutterte sine elevar først og fremst frå byborgarlege miljø, var lærarskulane blitt vegen til karriere for teoretisk interessert bondeungdom. Bygdene var inne i svære omformingsprosessar både økonomisk og kulturelt og trong kunnskapsrike leiarar – ei rolle som lærarane tok på seg med glede. Og deira språklege og sosiale markør i store delar av landet var landsmålet.

Alt frå slutten av 1860-åra hadde det vakse fram aktive landsmålsmiljø blant elevane ved fleire lærarskular. Men enno ved inngangen til 1890-åra vart det forventa at elevane skreiv stilane ved avgangseksamen (den høgre lærarprøva) på bokmål. Kva ville skje dersom dei leverte svara sine på landsmål? I 1894 ville dei prøve ut dette ved seminara i Levanger og Elverum. Norsklæraren i Levanger, den kjende målmannen Matias Skard, skreiv til departementet og bad innstendig om at elevane måtte få skrive norskstilen på landsmål. Han meinte at vedtaket frå 1885 om språkleg jamstilling gav dei rett til dette. Da det kvelden før stilen skulle skrivast, enno ikkje var kome svar frå departementet, «so var det sjau seminaristar – tri gutar og fire gjentur – som gjekk saman og gav kvarandre handi på, at dei skulde skriva landsmål – sopass vilde dei våga fyr ei sak dei hadde kjær».

Svaret frå departementet kom etter at norskeksamen var over: Norskstilen kunne skrivast på landsmål, men eleven måtte skrive minst eitt av dei andre eksamenssvara på bokmål for å dokumentere at han også var i stand til å bruke denne målforma. Som vi har sett, vart det same prinsippet lagt til grunn for gymnasa i den nye loven om høgre allmennskular to år seinare, i 1896. Målfolket hadde kome eitt steg vidare – landsmålet var godkjent som eksamensspråk, men det var enno ikkje tale om prinsipiell språkleg likestilling. Siste etappen stod att. Og igjen skulle lærarskulane fungere som spydspiss.

Motstanden mot landsmålet som skulespråk hadde fram til slutten av 1890-åra vore forholdsvis sterk, men lite samordna. Men i 1899 gjekk bokmålstilhengjarane til aksjon med Bjørnstjerne Bjørnson i spissen og organiserte Norsk rigsmålsforening. Programmet låg eigentleg innbaka i det nye namnet på språket: Bokmålet skulle vere det norske skriftspråket, aleine. Dette var også bodskapen i ein omfattande resolusjonskampanje mot jamstillingsvedtaket frå 1885 og dei rettane landsmålet sidan hadde fått i skuleverket. Resolusjonen hadde visstnok samla bortimot tretti tusen underskrifter da han vart overlevert til Stortinget.

Riksmålsaksjonen hadde klar adresse til skulefolket og dei politikarane som på denne tida arbeidde med ein ny lærarskulelov. Men han førte ikkje fram. Her gjekk det mot gjennomført språkleg likestilling, med to val for elevane ved avgangseksamen: Anten kunne dei skrive ein norskstil på kvar målform, eller dei kunne bruke same målet i begge og i tillegg skrive ein lett stil, eventuelt attforteljing, på sidemålet. Landsmålsfolket sitt trumfkort i kampen var holdninga til lærarorganisasjonane – eit fleirtal av dei gjekk inn for ei slik ordning. Det gjorde også eit fleirtal av stortingsrepresentantane.

Med eksamensordninga i lærarskuleloven av 1902 hadde målfolket fått det springbrettet dei trong for ein framstøyt mot gymnaset. Og da unionsoppløysinga kom tre år seinare og med den ei nasjonal stemningsbølgje, var tida inne til å handle. Tidleg i februar 1906 møttest målfolk frå heile landet til målmannsstemne i Kristiania. Her vart Norigs maallag stifta og eit politisk program sett opp. Det første punktet var krav om obligatorisk stil på landsmål til examen artium.

Stil med brubyggarfunksjon

Frå første tid hadde målarbeidet vore knytt til venstrekreftene i politikken, og det var Venstre som stod bak vedtaket i 1885 om å jamstille «det norske folkesprog» med det vanlege skriftspråket. Vedtaket føyer seg pent inn i rekka av demokratiserande reformer som vart gjennomførde da den konservative embetsmannsregjeringa etter lang tids maktkamp var blitt nedkjempa året i førevegen. Men dette tydde slett ikkje at venstremenn flest var målfolk – i alle fall ikkje i «By-Venstre». Det vart vanskeleg for mange å fordøye argumentasjonen frå landsmålshald om at deira eigen kultur, den byborgarlege, var unorsk og følgjeleg skulle vike for norsk bondekultur. Eit anna problem var den nasjonale kløyvinga som språkstriden førte med seg. Mange såg eit paradoks her: Kulturkampen mellom by og land og splittinga i to skriftspråk svekte nasjonen og motverka nasjonsbygginga. Og det i ei tid da forholdet til unionspartnaren Sverige gjorde det maktpåliggande å ha eit sterkt nasjonalt samhald.

Det fanst ein veg ut av dette uføret: å jenke saman dei to skriftspråka til eitt felles riksspråk og slik etter kvart få bygd bru mellom dei historieskapte kulturmotsetningane som landet sleit med. Ved hundreårsskiftet stod samlingstanken sterkt på begge sider i språkstriden. Arne Garborg, som var frontfigur i målrørsla, gav klare signal i 1897: «Det er tydeligvis en art forening af de to sprog, som må tilstræbes. Det enes norskhed må forbinde sig med det andets kultur. Da står vi ved målet.»

I stortingsdebatten i 1907 om obligatorisk landsmålsprøve ved examen artium gav mange talarar si tilslutning til samlingstanken. Blant dei var den kjende venstrepolitikaren Hans Jacob Horst, som såg fram mot «et samlet Norge, ett land, ett folk og ett sprog». I dette perspektivet fekk sidemålsstilen ein viktig funksjon som språkleg brubyggar og ein reiskap for kulturell og sosial samling.

Her må det tilføyast at slett ikkje alle i målrørsla ønskte å få landsmålet inn som obligatorisk eksamensfag, verken i lærarskulane eller i gymnasa. Dei konservative kreftene, som hadde sterk forankring i Vestmannalaget i Bergen, ville i staden ha «reine» skular, der all undervisning skulle gå for seg anten på landsmål eller på bokmål. Deira krav om det dei kalla «heilnorske» skular, reflekterte også kva siktemål dei hadde i språkstriden: full siger til det norske målet, det vil seie landsmålet – ingen språkleg integrasjon. Men fundamentalistane var ikkje sterke nok til å få resten av målrørsla med seg.

Kjelder:

Framstillinga bygger stort sett på dei to bøkene mine om språkspørsmålet: Striden kring sidemålsstilen (1971) og Striden om skulespråket (1985).

 

-- Kjell Haugland er dr.art. og lektor ved Oppdal videregående skole. Han har skrive fleire bøker og artiklar om språkhistorie og kulturnasjonalisme og om lokalhistoriske emne.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter