Leiar: Bokbål i by'n

Språknytt har i dette nummeret ein artikkel av Tor Guttu om Foreldreaksjonen i 1949–54. Han forklarer bakgrunnen for den kampen foreldre førte rundt 1950 mot den radikale rettskrivinga i Oslo-skulen som hadde vorte vedteken i 1939. Protesten munna ut i «Foreldrebevegelsen i sprogsaken», som sette fram krav om lesebøker på moderat bokmål. Guttu unnlet ikkje å nemna: «En reaksjon dels i kjølvannet av Foreldreaksjonen, dels som reaksjon på læreboknormalen da den endelig kom i 1959, var brenningen av ‘samnorskbøker’.»

Ja, vaksne folk brende bøker på gata i Oslo. Finn-Erik Vinje skriv: «Det var kort vei fra bokmål til bokbål.» Aldri har den norske språkstriden fått slike uttrykksformer som han fekk midt på 1900-talet. Truleg er det lite kjent no at det då var aksjonar av ein slik karakter at nordmenn flest vender seg i avsky når dei les om slikt i fjerne land i dag.

Det er ingen grunn til å rippa opp i den gamle striden om former som verden eller verda, dyp eller djup, troen eller trua – all den tid rettskrivinga i bokmålet etter 2005 på dei fleste punkt likestiller tradisjonelle (konservative) former og radikale (folkelege) former. Ein person som skriv bokmål i dag, har alle sjansar til å finna ei låm ho eller han kjenner seg heime i.

Difor har kampen om samnorsk og «skamnorsk» stilna heilt. I staden er det nynorsk som no må tola hetsen. Ein politikar i Hordaland brende nynorskbøker i samband med stortingsvalkampen i 2005. I etterkant distribuerte han ein video av seansen. Elevar på vestkanten i Oslo brende «spyordlister» i protest mot sidemålsopplæringa for få år sidan. Dette er episodar. På det seriøse planet er det eit ubehageleg faktum at nynorskelevane ikkje får bøker og materiell på si målform til same tid og til same pris som bokmålselevar, og at det ikkje utan vidare er fritt å skriva nynorsk i næringsliv og kulturliv. Då ligg det nær å nemna at det aldri har vore rapportert om verken riksmålsbål eller danskebål nokon gong på ei norsk gate.

Professor Øystein Rian skreiv i ein kronikk i Aftenposten den 3. august i år bl.a. at «de største voldelige opptøyene i det moderne Norge rettet seg mot åpningen av Det Norske Teatret i 1913». Og vidare: «De som har strevd for et norsk skriftspråk og for en elitekultur åpen for norske impulser, har i generasjon etter generasjon blitt mobbet og følt seg fremmede og hjemløse i Kristiania/Oslo.» Eg meiner Rian har eit poeng: Norsk sjølvdiskriminering er eit fenomen.

 

Syfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter