Skjerpa språkkrav i akademia

No image

(27.9.23) Norske institusjonar har fått skjerpa språkkrav, og fleire er i gang med å laga ny språkpolitikk og -strategi. Lær meir om krava, og finn tips om korleis de kan jobba med språk på din arbeidsplass. 

AV HEGE KAMBO GROV

I juni 2023 la regjeringa fram forslag til ei ny universitets- og høgskulelov (UH-Lova), og ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia vart lansert. Målet var å styrkja norsk fagspråk i sektoren og samstundes snu og motverka domenetapet til engelsk (les meir om domenetap i denne undersøkinga).

Behov for kartlegging

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har kome med nye språklege retningslinjer etter at den nye språklova tok til å gjelda. Eitt av forslaga frå gruppa som arbeidde med framlegg til retningslinjer, var å oppretta eit språkpolitisk utval. Kjersti Faldet Listhaug er leiar av dette språkutvalet.

Kjersti Faldet Listhaug– Mandatet til utvalet er å følgja med på språksituasjonen og gje rektor råd i språkpolitiske spørsmål. Aller viktigast blir det å auka medvitet om korleis me nyttar språket ved NTNU, seier Listhaug.

– Me må innarbeida retningslinjene på alle nivå, slik at det blir skapt ein kultur for språk i alt me gjer.

Listhaug trur at kartlegging blir ein viktig del av jobben til utvalet.

– Me må ha eit grunnlag for råda me gir. Særleg når det gjeld fagspråk har me for lite oversikt over kva me gjer.

Det blir viktig for språkutvalet på NTNU å utarbeida eit system for å følgja opp språkpolitikken, understrekar Listhaug.

– Men det er for tidleg å seia noko om kva prioriteringar me kjem til å gjera.

Rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Svein Stølen, er samd i at språkarbeidet må ha utgangspunkt i ei god oversikt over situasjonen.

Både norsk og engelsk fagspråk

Svein Stølen– Universitetet må setja dei overordna retningslinjene for fagspråkarbeidet. Deretter må kvar einskild fagretning vurdera tilstanden for norsk fagspråk slik det er no, og korleis ein kan arbeida for å styrkja det. Tiltaka må byggja på solid kunnskap for kvart einskilt fag.

UiO har sett ned ei arbeidsgruppe som skal laga nye språklege retningslinjer.

– Me må ta vare på norsk fagspråk og terminologi, samstundes som me held fast ved at UiO skal vera eitt av Europas leiande forskingsuniversitet. Ein viktig føresetnad er at me utdannar studentar som kan nytta både norsk og engelsk fagspråk. Me må òg vera fleksible nok til å ta omsyn til særtrekka ved dei ulike faga, seier Stølen. Han meiner at dei nye språkkrava inneber høge forventningar til alle fast tilsette og til universitetet som arbeidsgjevar.

– Dei fast tilsette må kunna både norsk og engelsk. Universitetet må leggja til rette for dette. Det er òg viktig for å skapa eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og det er viktig for universitetsdemokratiet. Ved eit internasjonalt konkurransedyktig universitet vil det alltid vera mange studentar og unge forskarar som ikkje meistrar norsk. Med andre ord, parallellspråklegheit er grunnlaget for arbeidet, seier han. 

Dette er dei nye språkkrava

Men kva går dei nye språkkrava til universitets- og høgskulesektoren eigentleg ut på? Her er ei forenkla oversikt:

1. Bruka, utvikla og styrkja norsk

Språklova slår fast at offentlege organ skal bruka, utvikla og styrkja norsk språk. Paragraf 2-3 i forslaget til ny UH-lov har fått ein liknande ordlyd: «Universiteter og høyskoler skal bruke, utvikle og styrke norsk fagspråk, både bokmål og nynorsk». 

Både i lovforslaget og i handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia er det konkretisert korleis institusjonane kan oppfylla desse krava.

2. Bruka norsk eller samisk som undervisningsspråk

I lovforslaget står det: «Undervisningsspråket skal være norsk eller samisk. Institusjonene kan gjøre unntak dersom det er faglig begrunnet».

I proposisjonen blir det lagt vekt på at norsk eller samisk skal vera hovudspråket og det føretrekte språket ved norske universitet og høgskular, med mindre det er særskilde grunnar til at ein bør bruka engelsk eller eit anna framandspråk.

3. Utarbeida norske fagord

Å utvikla norsk fagspråk vil seia at institusjonane må utarbeida norske fagord, altså termar, på bokmål og nynorsk i takt med importen av nye engelskspråkleg termar. Eitt av punkta i handlingsplanen handlar om korleis ein kan styrkja arbeidet med å utarbeida terminologi og gjera han tilgjengeleg, mellom anna ved å leggja til rette for vidare utvikling og bruk av Termportalen ved Universitetet i Bergen.

4. Utvikla norskspråklege læremiddel

Å bruka og styrkja norsk fagspråk vil seia at institusjonane må bruka dette fagspråket når dei formidlar på norsk, og når dei publiserer på norsk. Dei må også medverka til at det blir utvikla norskspråklege læremiddel for høgare utdanning.

Det er viktig at studentane får tilgang til det norske fagspråket som ein del av undervisninga. Dette kan gjerast ved at studentane får tilgang til termlister (fagordlister) med parallell terminologi på engelsk og norsk (både bokmål og nynorsk). Samstundes må institusjonane signalisera tydeleg at vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk er ein forpliktande del av undervisninga.

5. Tilby norskopplæring

Skal universiteta og høgskulane klara å bruka, utvikla og styrkja norsk fagspråk og ha undervisning på norsk, er dei nøydde til å gje dei ikkje-norskspråkleg tilsette nødvendig opplæring i norsk. Denne opplæringa må vera ein del av ein gjennomtenkt og heilskapleg strategi for internasjonal rekruttering. I handlingsplanen finn vi dette att som forslag om å forskriftsfesta visse krav om norskkompetanse for fast tilsette som har undervisningsoppgåver. Det same gjeld doktorgrads- og postdoktorstipendiatar, men for den gruppa er krava lågare.

Ressursar

Var lista med nye språkkrav litt overveldande? Her er nokre verktøy og råd som Språkrådet har utarbeidd for å hjelpa universitet og høgskular til å gjera betre språkval når det gjeld norsk og engelsk, og til å oppfylla plikta til å ta vare på og vidareutvikla norsk fagspråk:

Termportalen ved Universitetet i Bergen er ein nasjonal nettportal for terminologi. Her kan fagmiljø byggja opp og gjera eigne termbasar tilgjengelege. Studentar, forskarar og fagfolk i ulike sektorar, og også andre som treng det, kan søkja etter fagtermar på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk på tvers av fagområde.

Illustrasjonsfoto: NTNU – Åpen dag på NTNU (Lisens: CC BY 2.0)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.09.2023 | Oppdatert:27.09.2023