Forenkling av rammeplanar for lærarutdanninga: Blir det endå ei svekking av nynorsken?

No image

(22.11.23) Nynorskkompetansen til lærarane er avgjerande for at bokmål og nynorsk skal vera jamstilte språk i praksis. No vil regjeringa vurdera rammeplanane igjen. Då kan språkkrav falla bort. Samstundes viser ei ny undersøking at nynorsken allereie står svakt i lærarutdanningane.

AV HEGE VILLANUEVA GROV

Nynorskkompetansen til lærarane er avgjerande for nynorskopplæringa til elevane, og nynorskopplæringa i skulen er avgjerande for jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Korleis dokumenterer og sikrar lærarutdanningane nynorskkompetanse hjå studentane?

Det er problemstillinga som ligg til grunn for ei ny undersøking utført av Nynorsksenteret.

Ida Marie Jegteberg | Foto: John Erik Bøe Lindgren / Språkrådet– Eit viktig funn i rapporten er at studentane som ikkje tek utdanning innan norskfaget, svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen sin, seier Ida Marie Jegteberg, som leidde undersøkinga.

Men over 73 000 elevar, som har nynorsk som hovudmål, skal ha undervisning på nynorsk i alle fag, ikkje berre i norskfaget.

–  Ei nedslåande overrasking var at studentane som går praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og lektorutdanning i andre fag enn norsk, ikkje må skriva på nynorsk på noko tidspunkt gjennom utdanninga si. Ifølgje emneplanane me har undersøkt, utgjer slike studentar ein ganske stor del av lærarane i framtida.

Treng fleire språkkrav, ikkje forenkling

– Eit viktig tiltak på styresmaktnivå vil vera å innføra språkkrav i rammeplanane for alle lærarutdanningar, ettersom rammeplanane legg føringar for kva som skjer i praksis. Eit viktig tiltak for utdanningsinstitusjonane er å få på plass ordningar som sikrar nynorskkompetansen til studentane i fellesemne, til dømes i pedagogikkfaget, og ikkje berre i norskfaget, seier Jegteberg.

Språkdirektør Åse Wetås minner om det språkpolitiske ansvaret Kunnskapsdepartementet sit med.

– Språklova gjev det offentlege eit særleg ansvar for å fremja nynorsk, som er det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Opplæringssektoren står i ei særstilling i arbeidet med å sikra norsk som eit språk som kan nyttast på alle samfunnsområde. Kunnskapsdepartementet med underliggjande organ er difor sentrale språkpolitiske aktørar. Særleg er det viktig at dei tek omsyn til språklege mindretal når det skal gjerast større systemendringar på opplæringsfeltet.

Nye vegar til læraryrket utan nynorsk

Lærarstudentar som ikkje har norsk i fagkrinsen, får svært sjeldan vurdert nynorskkompetansen sin gjennom utdanninga si. Det er uavhengig av kva for utdanning dei tek, viser undersøkinga. Det er likevel forskjell på lærarutdanningane.

Lærarane som kjem til skulen i dag, har ikkje alle gått på «lærarskulen». Grunnskulelærarutdanninga, (GLU 1–7 og GLU 5–10) er i dag i ferd med å bli erstatta av PPU eller femårig lektorutdanning. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at over halvparten av lærarstudentane som vart uteksaminerte i 2022, hadde valt PPU eller femårig lektorutdanning.

Viss desse utdanningane er den nye vegen inn i læraryrket, vil det få negative følgjer for nynorskopplæringa i skulen. Det er nemleg berre studentane som tek lektorutdanning med norskfaglege emne, og studentar som tek PPU med norsk i botnen, som blir vurderte i bokmål og nynorsk. 

Undersøkinga slår fast at det er ei heil gruppe med lektorar som blir uteksaminerte, og som er kvalifiserte til arbeid med elevar med både nynorsk og bokmål som hovudmål, men som ikkje har fått språkkompetansen sin testa i utdanninga.

Det er også verdt å merka seg at heller ikkje i rammeplanen for GLU 5–10 er norskfaget obligatorisk.

Nynorsk stemoderleg behandla

Undersøkinga viser også svakheiter i dei tilfella studentane blir vurderte i nynorsk.

Nynorskkompetansen og bokmålskompetansen til studentane blir sjeldan vurderte på lik linje.

Til dømes er det ein tendens til at språkkrava blir lagde til starten av studieløpet, og at det blir færre og færre krav til språkleg kompetanse etter kvart. Dermed er ikkje språkkrav noko som gjennomsyrar utdanningane, men framstår som noko ein vil bli fort ferdig med.

I dei tilfella nynorskkompetansen til studentane blir testa, viser undersøkinga at han ved dei fleste utdanningsinstitusjonane blir testa ved heimeeksamen. Det er altså ein testsituasjon utan tilsyn. Bokmålskompetansen blir derimot testa ved skuleeksamen.

Rammeplandebatten

Rammeplanane for barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanninga inneheld, trass svake punkt, føringar som skal sikra norskkompetanse. Det gjer ikkje rammeplanen for lektorutdanninga eller forskrifta om rammeplanen for PPU.

Kunnskapsdepartementet har i år endra rammeplanene for alle lærerutdanningene, etter forslag frå eit rammeplanutval, så dei har vorte mindre detaljerte. Endringane tok til å gjelda 30. juni. Dette har skapt stort engasjement blant fagorganiserte lærarar. Utdanningsforbundet meiner at handlingsrommet for dei einskilde studiestadane kan bli for stort.

– Me må sikra at me har tydelege rammeplanar som legg grunnlaget for kva lærarutdanningane skal innehalda. Det må liggja nokre overordna føringar for kva som er forventa, seier Ida Næss Hjetland i Utdanningsforbundet til Utdanningsnytt.

Rammeplanutvalet ynskte å fjerna § 4 punkt 3 i rammeplanane, som presiserer at studieplanen skal «beskrive hvordan institusjonens utdanningsprogram legger til rette for en progresjon i […] og utvikling av deres kommunikasjonsferdigheter – muntlige og skriftlige (bokmål og nynorsk)», men formuleringa vart ståande. 

Enn så lenge. For no har Kunnskapsdepartementet oppnemnd eit ekspertutval som skal sjå på den overordna styringa av lærarutdanningar, noko som famnar om ei ny vurdering av rammeplanar, skriv Khrono. Første delrapport frå ekspertutvalget kjem i desember, og endeleg rapport i juni. 

Språkrådet fryktar at eit auka handlingsrom for institusjonane kan føra til ei svekking av nynorskopplæringa. Kravet om at studieplanane skal gjera greie for korleis studentane skal oppnå norskkompetanse – og då særleg nynorskkompetanse – må bli ståande, skreiv Språkrådet i høyringssvaret sitt då forslag til forenklingar i forskrifter om rammeplanar for lærarutdanningane var ute på høyring.

Dette er dessutan eit vilkår for at det skal vera mogleg å oppnå målet som står omtala i § 2 i rammeplanane: Alle studentane som skal ut i arbeid i grunnskulen, skal kunne gje god opplæring i norsk, både for elevar som har nynorsk som hovudmål, og for elevar som har nynorsk som sidemål. Dette gjeld uavhengig av kva fagsamansetjing studentane har i utdanninga si.  


Arshak Asraf (27) går 3. året på GLU 5–10 på Oslomet. Han tek truleg master i norsk.

Arshak Asraf (27) går 3. året på GLU 5–10 på Oslomet. Han tek truleg master i norsk.

Kvar kjem du frå, og kva har vore hovudmålet ditt?

Eg vart fødd på Bømlo, men flytta til Oslo som eittåring og har hatt bokmål som hovudmål. Eg snakkar også tamilsk med familien og kan litt arabisk.

Kva tykkjer du om nynorskopplæringa du har hatt så langt i studieløpet ditt?

Det har ikkje vore ei grundig undervisning. Det har vore eit par timar med grammatikk, og sidan eg er fleirspråkleg, har eg lett for å blanda grammatikken til dei ulike språka. Eg saknar ei bakgrunnsforståing for kvifor eg må læra meg to skriftspråk like godt. Eg skulle gjerne hatt meir språkhistorie og skjønnlitteratur for å læra å verdsetja språket.

Korleis vil du vurdera din eigen nynorskkompetanse?

Om eg har god nok nynorskkompetanse til å undervisa nynorskelevar i alle fag i dag? Nei. Med åra? Ja. Eg tenkjer at eg vil læra det gjennom å undervisa. Og då vil eg leggja vekt på å finna motivasjonen for å læra nynorsk, så det får meining for elevane.

Kva tenkjer du om at det er så få krav til bruk av nynorsk og så lite testing av nynorskkompetanse i lærarutdanningane?

Sjølv er eg glad for at nynorskeksamen er heimeeksamen, for eg føler at eg har manglande kompetanse i språket. Andre lærarstudentar har fortalt at dei har betre karakter i nynorsk enn i bokmål fordi dei blir vurdert mindre strengt i nynorsk. Eg skulle ynskja det var meir nynorskundervisning, gjerne videoar for sjølvstudium. For oss som strevar med nynorsk, som kanskje er alle som ikkje har nynorsk som hovudmål, ville det vore flott med slike ekstraressursar.


Ida Johansson Bjarmann (22) går på GLU 5–10 på Oslomet. Ho ser for seg ein master i norsk.

Ida Johansson Bjarmann (22) går på GLU 5–10 på Oslomet. Ho ser for seg ein master i norsk.

Kvar kjem du frå, og kva har vore hovudmålet ditt?

Eg har vakse opp i Lørenskog og har hatt bokmål som hovudmål. 

Kva tykkjer du om nynorskopplæringa du har hatt så langt i studieløpet ditt?

Eg synest ikkje me har hatt så mykje nynorskundervisning som me kanskje burde hatt. Me har hatt undervisning i nynorsk grammatikk, i tillegg til at me har lese nokre bøker på nynorsk. Det har sjølvsagt hjelpt på nynorskkompetansen, men eg saknar likevel ei betre heilskapsforståing. Sjølv synest eg det hadde vore spennande å læra meir om korleis nynorsk kan knytast opp mot fleirspråklegheit, med tanke på at klasseromma i dag er meir mangfaldige enn før.

Korleis vil du vurdera din eigen nynorskkompetanse?

Nynorskkompetansen min er ikkje heilt der han bør vera for å kunna undervisa i det, men eg tenkjer likevel at eg kan meistra det den dagen eg står i eit klasserom. Etter 1,5 studieår med norsk tenkjer eg at eg har nok bakgrunnskunnskap til å kunna lesa meg opp før eg byrjar med undervisning. 

Kva tenkjer du om at det er så få krav til bruk av nynorsk og så lite testing av nynorskkompetanse i lærarutdanningane? 

I utgangspunktet tenkjer eg at studentar burde få ei grundigare innføring i nynorsk og kvifor me skal læra det. Då inneber det kanskje å testa studentane meir i nynorsk. Samtidig som eg også tenkjer at det er viktig at me ser meininga ved å læra nynorsk, og at det burde vore endå meir fokus på det. Då kan det jo henda at studentane hadde fått meir indre motivasjon til å læra meir.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.11.2023 | Oppdatert:24.11.2023