Nettseminar: Små krav, store skilnader

No image

Norskkompetansen i lærarutdanninga

Får lærarstudentane god nok norskkompetanse? Nei, går det fram av ein fersk rapport som blir lagd fram på dette nettseminaret.

Statlege universitet og høgskular utdannar lærarar til heile landet. Over 70 000 elevar skal ha all undervisning på nynorsk. Heile Noreg treng lærarar, men korleis utdanne lærarar til heile den norske skulen?

Det er Nynorsksenteret som har skrive rapporten på oppdrag frå Språkrådet.

Tid: 27. november kl. 9.00–11.00

Timeplan
9.00–10.00 Ein skuletime med Språkrådet
Pedagogikk Ida Marie Jegteberg og Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret om funna frå den nye rapporten
Norsk Hjalmar Trond Eiksund ved Høgskulen i Volda om kva det vil seie å ha kompetanse i norsk
Samfunnskunnskap Endre Brunstad ved Universitetet i Bergen om lærarstudentane sine språkkunnskapar i eit større perspektiv
Leksehjelp Pål Lundberg viser fram god praksis ved Oslomet
10.00–10.05 Storefri med videoinnslag
10.05–11.00 Munnleg gruppeoppgave

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, møter:

  • Morten Rosenkvist, direktør i Utdanningsdirektoratet
  • Ida Marie Jegteberg, stipendiat ved Nynorsksenteret
  • Ragnhild Tungesvik, divisjonsdirektør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • Ida Næss Hjetland, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet
  • Vibeke Bjarnø, instituttleiar ved Oslomet

Med atterhald om endringar. Arrangementet blir tolka til teiknspråk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.10.2023 | Oppdatert:24.11.2023