Referat frå rundebordskonferanse i Alta

(17.6.09) Språkrådet hadde styremøte i Alta torsdag 11. juni 2009 og  arrangerte ein rundebordskonferanse om lokale og nasjonale språkspørsmål på Høgskolen i Finnmark dagen før. Her kan du lese om det som kom fram på konferansen 10. juni, og lese vedtak om fleirspråkleg vegskilting frå styret i Språkrådet.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Frå rundebordskonferansen i AltaStyreleiar Ida Berntsen sa at det er viktig for Språkrådet å snakke med folk og høyre kva utfordringar dei ser når det gjeld språk. Ved at Stortinget vedtok språkmeldinga Mål og meining i slutten av april, fekk Språkrådet ansvar for språksituasjonen i landet, og ikkje berre for norsk språk.

Direktør Sylfest Lomheim sa at det høyrer til den nye tida å la det fleirspråklege få godt spelerom, og introduserte ei elevgruppe som framførte to–tre gamle kvenske regler.

Synleggjering av språka i Finnmark var eit sentralt tema på konferansen. Det kom fram eit sterkt ønske om fleire fleirspråklege vegskilt i fylket, og Statens vegvesen fekk kritikk av dei inviterte deltakarane for at det er så få skilt med samiske og kvenske namn. Desse namna er usynlege dersom dei ikkje står på skilt. Vegvesenet har ansvar for at vedtekne namn kjem i bruk på skilt, men bryt stadig stadnamnlova utan at det får konsekvensar. Styret i Språkrådet vedtok på møtet dagen etter å følgje opp denne saka, og det vedtok òg at Språkrådet skal vere ein samarbeidspartnar i samisk og kvensk språkpolitikk, sjå dei to vedtaka nedst på sida.

Professor Jon Todal frå Samisk høgskole sa at det er viktig at lokalavisene bruker samiske namn og skriv dei rett, ikkje minst med tanke på elevane som skal lære å skrive språket. Politisk redaktør Jarle Mjøen i Altaposten forsikra at avisa vil vise respekt for samisk språk.

Seniorrådgjevar Dag Finn Simonsen frå sekretariatet i Språkrådet tok opp opphavlege samiske og kvenske namn som har fått ei tilpassa norsk form, og sa at mange av dei har ein lang tradisjon i skrift. Han spurde om slike namn ikkje bør aksepterast som fullverdige norske namn, ikkje berre namn som Karasjok og Kautokeino, men òg andre innarbeidde norsktilpassa namn. Han meinte at ein burde sjå nærmare på dette punktet. 

Rune Sundelin frå Norske Kveners ForbundRune Sundelin frå Norske Kveners Forbund ville gjere det fleirspråklege til ein ressurs og ikkje sjå på det som ei belastning. Mange i besteforeldregenerasjonen lærte to eller tre språk, og det er ein ressurs for regionen, slik han såg det. I dag må vi prøve å skape arenaer der barna kan snakke samisk og kvensk, meinte han.

Styremedlem Jan Olav Fretland sa at viktig nytt no er at språkpolitikk er eit politikkområde, og det vil seie at mange departement har eit språkleg ansvar. Han sa elles at sjølv om styrking av kvensk ikkje er særleg forpliktande omtalt i språkmeldinga, er det jamt og sikkert grunnlagsarbeid som kan føre vidare.

Sekretær for kvenske stadnamn, Irene Andreassen, sa at skolen ikkje kan berge språket, det må fleire arenaer til. Det er berre vi som kan berge språket, det blir ikkje overført automatisk, sa ho.

Leiar av hovudutvalet for barn og unge i Alta kommune, Otto Erik Aas, sa at Alta faktisk har 20 % av all samiskundervisning i landet. Det er tre variantar av samisk i skolen (ein av variantane er for dei som ikkje har samisk tilknyting), og det er òg ein samiskspråkleg barnehage. Til hausten blir det eit tilbod med undervisning i og samisk. Han meinte at samiskopplæringa er sårbar, det er få kompetente lærarar.

Mjøen kom inn på debatten som har vore om samiskopplæringa og tilbodet om ein eigen samisk klasse. Han syntest det er prinsipielt vanskeleg: Det samiske språket skal styrkjast, men er det rett å ta barna ut av det naturlege oppvekstmiljøet?

Fleire andre var òg opptekne av korleis opplæringa i samisk fungerer. Det er eit problem at samiskundervisninga kan gå ut over andre fag – norsk, engelsk eller matematikk. Det er eit faktum at det er nedgang i samisk som andrespråk i landet under eitt. Det kom fram ein idé om å lage ei SMS-ordbok for samisk, for SMS-språket kan vere ein ressurs i språkopplæringa.

Høgskolelektor Carola Kleemann frå Høgskolen i Finnmark sa at det er eit tredje alternativ i samiskopplæringa: tospråkleg undervisning, som kan gjennomførast når lærarane er tospråklege. Slik undervisning kan òg vere eit tilbod til dei einspråkleg norske.

Prorektor Beathe Sætveit opplyste at Høgskolen i Finnmark har eit forskingsprosjekt om barnehagen som inkluderande fellesskap, med støtte av Noregs forskingsråd. Det er framtida i Finnmark, sa ho. Ho minte om at det òg er ein del nye russiske innvandrarar i Alta.

Todal sa at dei som har samisk som første- eller andrespråk, er fritekne for eksamen i nynorsk. Andre elevar som tek samisk frå åttande klasse, får òg fritak for nynorsk. Resultatet er at dei får ein lettversjon av både samisk og norsk, sa han, og den er dei lite tente med.

Direktør Brita Leiros i Alta NæringsforeningDirektør Brita Leiros i Alta Næringsforening sa at også i næringslivet er det eit stort behov for å forstå dei ulike språka som er brukte i kommunen. Næringslivet kommuniserer på mange språk, også russisk og engelsk. Ho poengterte at språkopplæringa må leggje meir vekt på det munnlege, ikkje berre på grammatikk.

Styremedlem Ottar Grepstad sa at han var ikkje redd for spådommane om språkdød. Språk døyr ikkje, dei kan komme i bruk igjen, sa han. Han meinte òg at i språkpolitikken mellom norsk og samisk og mellom norsk og kvensk kunne det vere erfaring å hente frå forholdet mellom bokmål og nynorsk. Omvendt kan fleirspråklege erfaringar frå Finnmark vere nyttige i det nye språkmangfaldet i resten av landet.

Berntsen takka for ein lærerik diskusjon og innspel til språkpolitikken.

 

Styret i Språkrådet vedtok på møtet 11. juni 2009:

«I lys av informasjon fremkommet under Språkrådets rundebordskonferanse i Alta 10.6. vil Språkrådet kontakte Samferdselsdepartementet og be om en redegjørelse av Statens vegvesens praksis for skilting i flerspråklige områder og hvordan gjeldende lovverk blir fulgt.»

Om oppfølging av stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk:

«Styret viser til dei tiltaka som gjeld samisk språk og kvensk språk, og som Stortinget slutta seg til i plenumsbehandlinga den 28. april 2009. Vedtaka gjev òg Språkrådet ei ny rolle å spela i samfunnet, bl.a. i høve til samisk og kvensk. Språkrådet vil følgja opp dette ved å vera samarbeidspartnar og støttespelar når det gjeld samisk og kvensk språkpolitikk. Nærliggjande saksområde kan vera handlingsplanen for samisk og standardiseringa av kvensk språk.»


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2009 | Oppdatert:19.11.2021