Rammsunds målpris til Språkrådet

(31.8.09) Tungrockgruppa Rammsund har gjeve Målprisen 2009 til Språkrådet. Prisen er ny av året.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Direktør Sylfest Lomheim tok imot prisen på vegner av Språkrådet under ein Rammsund-konsert på Rockefeller i Oslo 28.8.

Rammsund framfører musikken til den tyske gruppa Rammstein – omsett til nynorsk. Rammsund har tidlegare fått rettleiing frå Språkrådet i arbeidet med å omsetje tekstar frå tysk til nynorsk.

I grunngjevinga for prisen heiter det at medlemmene i Rammsund lenge ønskte å omsetje Rammstein-tekstar. I 2003 gjekk dei i gang med dette, og vende seg til Språkrådet for å få hjelp i arbeidet.

”Sylfest Lomheim har vore direktør i Språkrådet sidan 2004, og har vore ein god støttespelar”, skriv Rammsund i grunngjevinga for det dei håpar blir den fyrste av mange målprisar frå gruppa.

For kommentar til saka:
Sylfest Lomheim, tlf. 957 92 783

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.08.2009 | Oppdatert:19.11.2021