Kva er ein norsk språkbank?

(30.4.09) Språkbanken vil danna ein infrastruktur for forskinga og og for utvikling av språkrelaterte elektroniske produkt. Innhaldet skal representera norsk språk i bruk i dag og vera henta frå alle samfunnsområde.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Innhaldet i Språkbanken skal brukast som underlag for norsk tekst og tale i nye elektroniske produkt og tenester. Eksempel kan vera utvikling av kunstige stemmer for dei som ikkje kan snakka sjølve, stemmer til opplesing av netttekst og e-post eller andre medium ein treng anten ein er blind, svaksynt eller av andre grunnar vil ha lese opp ein tekst. Tekst-til-tale kan vera nyttig for fleire.

Det motsette, tale-til-tekst, er alt i bruk av legar på sjukehusa. Legen les funna sine, t.d. frå ei røntgenundersøking, rett inn i ein elektronisk pasientjournal. Det sparar tid når ein pasient må opererast raskt

Og: Kven vil ikkje heller snakka til datamaskinen enn å skriva med to fingrar?

Det offentlege ventar at vi nyttar nettet meir og meir når vi vender oss til dei. Det kan gjelda utfylling av skjema og søknader eller å finna fram til informasjon om rettar og plikter. I tekstbehandlingsprogramma har vi stavekontroll og grammatikkontroll, og det kjem stadig til nye omsetjingsprogram. Til forbetring og vidare utvikling treng vi innhaldet i Språkbanken. Målet er at Språkbanken skal levera språkleg materiale slik at ingen treng seia at det er for dyrt å laga eit program eller ei teneste på norsk. 

Til saman vil innhaldet i Språkbanken danna ein infrastruktur for forsking og for utvikling av språkrelaterte elektroniske produkt. Innhaldet skal representera norsk språk i bruk i dag og vera henta frå alle samfunnsområde. Kostnadene med å laga ei slik samling av språkleg materiale må berast av heile samfunnet, slik det offentlege finansierer annan infrastruktur, som t.d. vegar.

Språkbanken må ha om lag like store mengder tekst på bokmål og på nynorsk. Det må utviklast databasar med fagtermar og ordbøker, for språkprogramma må kjenna att orda som blir uttalte.

I talematerialet i Språkbanken må dei viktigaste dialektgruppene vera representerte, elles vert innhaldet lite brukeleg for dei som skal nytta det til utvikling av taletenester. Vi har ikkje noka offisiell uttalenorm i landet, men tvert om aksept for at alle kan bruka sin eigen dialekt i alle samanhengar. Taletenester og -produkt vil berre fungera godt om vi har stort nok underlag å testa dei mot.

Alt som skal leggjast inn i ein språkbank, må merkjast slik at datamaskinane kan kjenna det att og bruka det rett, og til det trengst det eigne program eller verktøy som personar med høg fagkompetanse i lingvistikk, grammatikk, fonetikk og IKT må utvikla.    

  • Meir om Språkbanken finn du under IKT og språk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.04.2009 | Oppdatert:19.11.2021