Bruk av nynorsk og bokmål i statsorgana

(5.3.09) I informasjon som kjem frå sentrale statsorgan, skal ingen av målformene vere representerte med mindre enn 25 %. Statistikk frå 2007 viser at statsorgan som har laga ein eigen tiltaksplan for korleis dei skal følgje opp mållovsreglane, innfrir krava best.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Språkrådet fører tilsyn med korleis sentrale statsorgan under departementsnivå vekslar mellom nynorsk og bokmål i det norskspråklege informasjonstilfanget dei gjev ut i løpet av eit år. Ein gong i året rapporterer statsorgana om den språklege stoda på nettsidene og i papirtilfanget. Hovudregelen er at ingen av målformene skal vere representerte med mindre enn 25 %. Skjema skal finnast på begge målformer.  Språkrådet set saman statistikken og tolkar resultata frå rundt 160 statsorgan. Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 er no klar.

Hovudresultata er: I 2007 steig talet på statsorgan som oppfyller krava i mållova når det gjeld papirtilfang, medan talet på statsorgan som oppfyller krava på nettsidene, gjekk ned. Det var dobbelt så mange skjema i bruk i staten i 2007 som i 2006. Om lag halvparten av alle skjema ligg føre i begge målformer. Gjennomsnittsprosenten nynorsk i papirtilfang er stabil. Språkrådet har fått dobbelt så mange private klagesaker i 2007 som i 2006 frå folk som ikkje har fått eksamensoppgåve, skjema eller brevsvar på den målforma dei ønskjer.

Resultata viser også at dei statsorgana som har ein tiltaksplan for korleis dei skal følgje opp mållovsreglane, har ein noko høgare nynorskprosent enn dei som ikkje har ein slik plan. Språkrådet trur at dei 98 statsorgana som har levert tiltaksplan, innarbeider mållovsreglane betre i dei daglege rutinane. Det gjev resultat. Det er kultur- og kunnskapssektoren som har flest rapporteringspliktige statsorgan, flest statsorgan som ikkje har rapportert, og også har flest statsorgan som har under 5 % nynorsk i papirtilfang under 10 sider. Av dei 140 statsorgana som har levert rapport, er det 17 som oppfyller mållovskrava i alt papirtilfang. Dei fleste av dei finn ein i kultur- og kunnskapssektoren, ein stor sektor som pregar resultata positivt og negativt.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.03.2009 | Oppdatert:19.11.2021