Styret i Språkrådet vil halda fram med å førebu revisjon av nynorskrettskrivinga

(07.01.08) I brev til Kultur- og kyrkjedepartementet 19. desember 2007 skriv styret i Språkrådet at det vil halda fram med å førebu revisjonen av nynorskrettskrivinga. Det inneber at styret kjem til å oppnemna gruppa for nynorskrevisjonen i februarmøtet 2008, slik at innleiande grunnlagsarbeid kan ta til, skriv styret.

Styrevedtak 13. september 2007

Styret i Språkrådet vedtok 13. september å setja i gang arbeid med å laga «ei tydeleg, enkel og stram nynorsknorm utan sideformer». Føresetnaden var at departementet godkjende styrevedtaket.

Brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet 13. november 2007

I brev til Språkrådet 13. november bad Kultur- og kyrkjedepartementet Språkrådet om å venta med vidare arbeid i saka: «Departementet tek sikte på å drøfta spørsmål som gjeld nynorskrettskrivinga i den komande språkmeldinga. Det er derfor naturleg at Språkrådet ventar med vidare arbeid i denne saka til etter at meldinga er behandla i Stortinget.»

Brev frå styret i Språkrådet 19. desember 2007

I brevet til departementet 19. desember 2007 skriv styret i Språkrådet:

«Styret har merkt seg at rettskrivinga for nynorsk no blir teken inn som tema i stortingsmeldinga om strategisk språkpolitikk. Styret kjem til å sørgja for at det som står der, blir formidla vidare til dei som skal arbeida med den komande revisjonen av nynorsknorma. Styret ønskjer likevel å nemna at det kom overraskande at rettskrivingsspørsmål (for nynorsk) blir ein del av den komande debatten om ein meir overordna språkpolitikk.

Sidan det planlagde normeringsarbeidet for nynorsken skal vara fram til vinteren 2009, vil den gruppa som skal utforma framlegget, ha god tid til å trekkja inn i arbeidet sitt synspunkt frå stortingsmeldinga og debatten i Stortinget. For å utnytta tida på beste vis fram til vinteren 2009 vil styret likevel halda fram med å førebu revisjonen. Det inneber at styret kjem til å oppnemna gruppa for nynorskrevisjonen i februarmøtet 2008, slik at innleiande grunnlagsarbeid kan ta til.

Då styret gjorde sitt vedtak om igangsetjing, var det mellom anna med bakgrunn i kulturmeldinga, St.meld. nr. 48 (2002–2003). Meldinga slo fast (s. 14) at 'norsk rettskriving skal stabiliserast'. Bokmålet fekk avslutta og godkjent sin revisjon kort tid etter, i 2005, og då må det etter styret si meining vera ei prioritert oppgåve å ikkje lata nynorsken bli liggjande etter lenger enn nødvendig. Styret minner òg om at departementet ikkje godkjende det førre forslaget til revidert nynorsknorm (bokmålsforslaget vart godkjent). Ei vesentleg innvending den gongen mot godkjenning var at klammeformene framleis var med.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter