2014 – totusenogfjorten eller tjuefjorten? (utdatert, nytt vedtak)
(17.4.08) Korleis skriv vi årstal i nær framtid som 2014 og 2025 med bokstavar?
Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.
Skrivemåtane er totusenogfjorten og totusenogtjuefem. Slik bør årstala dessutan lesast i formelle samanhengar der ein følgjer rettskrivinga òg munnleg, som i radio og fjernsyn.
I uformell daglegtale høyrer vi at kortformer som tjuefjorten og tjuetjuefem òg er i bruk.
Litt om innarbeidd språkbruk om årstal og lange tidsrom
Tidsperioden 2000–2099 kallar vi totusentalet (eller 2000-talet, òg kalla det 21. hundreåret). Det blir parallelt med at vi seier tusentalet om hundreåret frå år 1000 og utover, som i setninga «kristendommen vart innført på tusentalet». Hundreåra før tusenårsskifta heiter nittenhundretalet og nihundretalet.
Slik skriv vi vanlegvis årstal med bokstavar (alltid i eitt ord):
914 nihundreogfjorten
1014 tusenogfjorten
1030 tusenogtretti
1914 nittenfjorten
2008 totusenogåtte
2014 totusenogfjorten
For nokre år sidan begynte vi på eit nytt tusenår, og vi lever i det tredje tusenåret e.Kr.
Sida blei oppdatert 12.2.2014