Kurdisk

No image

Kurdarar i Irak har nettopp stemt for eller mot sjølvstende. Vi ser nærare på språka deira.

Denne veka var det folkeavrøysting i dei kurdiske delane av Irak, der folk fekk svare ja eller nei på om dei ønskte sjølvstende for irakisk Kurdistan. Mellom 25 og 30 millionar menneske i Midtausten reknar seg som kurdarar. Dei fleste bur i Tyrkia, Irak, Syria og Iran, og dei kurdiske områda i desse landa dannar ein samanhengande region som vi ofte kallar Kurdistan, landet til kurdarane. Kurdistan har aldri vore ein sjølvstendig stat, men mange kurdarar arbeider altså for sjølvstende i ei eller anna form. Også i Noreg bur det ein del kurdarar.

Vi snakkar av og til om kurdisk språk, men meir presist er det snakk om ei språkgruppe med fleire dialektar eller separate språk. Ein skil mellom tre hovudgrupper: nordkurdisk/kurmandsji, sentralkurdisk/sorani og sørkurdisk. Dei fleste norske kurdarane snakkar anten kurmandsji eller sorani. Desse to er ikkje utan vidare gjensidig forståelege. Ein markant skilnad er at kurmandsji blir skrive med det latinske alfabetet, medan ein på sorani bruker arabiske bokstavar.

Dei kurdiske språka er i slekt med persisk, og dei høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien, til liks med norsk og dei fleste andre språka i Europa. (Merk at kurdisk ikkje er i slekt med tyrkisk.) Nokre kurdiske ord kan vi kanskje kjenne att, til dømes kurmandsji ‘ny’ og sorani bira ‘bror’. På sidene til LEXIN-ordbøkene hos Utdanningsdirektoratet finn du fritt tilgjengelege nettordbøker frå nynorsk og bokmål til kurmandsji og sorani.

 

Publisert 29. september 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter