Er kurdisk ein dialekt av tyrkisk?
Eg har norsk-tyrkisk bakgrunn og har høyrt at kurdisk ikkje er eit eige språk, men berre ein dialekt av tyrkisk. Stemmer det?
Nei, kurdisk er langt ifrå ein dialekt av tyrkisk. Kurdisk høyrer til dei indoeuropeiske språka og er i slekt med persisk, og med norsk, men ikkje med tyrkisk.
Til dei indoeuropeiske språka høyrer nesten alle språk i Europa og dessutan asiatiske språk som urdu og hindi.
Kurdisk høyrer til den iranske undergruppa av dei indoeuropeiske språka. Dialektar av kurdisk blir snakka ikkje berre i Tyrkia, men òg i Irak, Iran, Syria og Armenia.
Språkslektskap er noko anna enn innlåning av ord frå andre språk. Ein seier at to språk er i slekt når ein reknar med at dei stammar frå eit felles «urspråk» som dei har utvikla seg frå. Eit språk kan godt bli påverka av eit anna språk, og til dømes ta imot lånord frå det, sjølv om dei to språka ikkje er i slekt. Såleis finst det tyrkiske lånord i det kurdiske språket i Tyrkia, men tyrkisk og kurdisk er altså ikkje i slekt for det.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).