Epidemi og pandemi

No image

Epidemi og pandemi er ord vi ser og høyrer oftare enn vi skulle ønskje for tida. Begge orda har gresk opphav og kjem frå medisinsk fagspråk.

Epidemi har vore brukt i allmennspråket lenge, medan pandemi kom i allmenn bruk først etter 2000. Etter utbrotet av sjukdommen covid-19 har bruken av begge orda spreidd seg som ei farsott – som var det dei kalla epidemiar før i tida.

Ein epidemi er eit sjukdomsutbrot som spreier seg raskt over kort tid i ei befolkning. Om epidemien omfattar store delar av verda, kan han kallast ein pandemi. Verdshelseorganisasjonen (WHO) definerer pandemi som ‘verdsomspennande spreiing av ein ny sjukdom’. Utbrotet av covid-19 blei klassifisert som ein pandemi av WHO i mars 2020.

Det gammalgreske adjektivet epidemios tyder ‘som er blant folk’, slik smittsame sjukdommar jo er. Det tilhøyrande substantivet er epidemia. Det er opphavet til vårt epidemi. Forstavinga epi- kan oftast omsetjast med, men ho kan òg tyde ‘(nær) ved’ og ‘i tillegg til’. Vi har mange ord med denne forstavinga i norsk, og eit anna av dei som er mykje brukt for tida, er det geologiske fagordet episenter (òg i forma episentrum). Episenteret for eit jordskjelv er det punktet på jordoverflata som ligg loddrett over senteret for skjelvet nede i grunnen, det såkalla hyposenteret (hypo- tyder ‘under’). I overført tyding blir episenter brukt om senteret eller utgangspunktet for ymse fenomen og prosessar, særleg av det negative slaget. Vi kan til dømes høyre at ein by eller eit distrikt er «episenteret for koronaepidemien» i eit land. Det vil seie at denne byen eller dette distriktet har spesielt mange sjukdomstilfelle, og at smitten spreier seg derfrå til andre stader i landet.

Elementet -demi i dei to orda kjem av gresk -demia, som er avleidd av substantivet demos ‘folk’. Det same elementet finn vi i demokrati ‘folkestyre’ og demografi ‘befolkningslære’.

Forstavinga pan- i pandemi er ei form av det greske ordet pas ‘all, heil’. Etter ei bokstavrett tolking er altså ein pandemi noko som råkar alle menneske. Også denne forstavinga kjenner vi frå andre ord, som panteon ‘tempel for alle gudar’ og panorama ‘allsyn’.

 

Publisert 17. april 2020

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter