Koronavirus og covid-19

No image

På norsk skriv vi koronavirus med k og med liten forbokstav.

Ordet korona kjem frå latin corona ‘krans, krone’. Vi skriv korona med k på norsk, og samansetjinga koronavirus er eit vanleg samnamn som skal ha liten forbokstav. Korona bør uttalast bokstavrett, med to o-lydar.

Korona blir ofte brukt både om viruset og sjukdommen, men om ein skal vere presis, må ein skilje mellom viruset SARS-CoV-2 og sjukdommen covid-19.

Koronavirus er ei gruppe virus som kan gje sjukdom hos pattedyr og fuglar. Saman med rhinovirus er koronavirus den vanlegaste årsaka til forkjøling hos menneske. I desember 2019 blei det påvist ein ny type koronavirus i byen Wuhan i Kina. Viruset spreidde seg på nokre månader til heile verda. Viruset gir sjukdommen covid-19; dette namnet er ei forkorting for «coronavirus disease 2019». Vi tilrår å skrive covid-19 med små bokstavar på norsk. Det følgjer same mønster som hiv og sars.

Det koronaviruset som er årsak til covid-19, har i det internasjonale medisinske fagspråket fått namnet SARS-CoV-2, ei forkorting for «Severe acute respiratory syndrome coronavirus 2». Det er vanleg å kalle dette nye viruset koronaviruset, sjølv om det altså berre er eitt av fleire slags koronavirus.

I eit elektronmikroskop kan ein sjå at koronavirus har ein membran med små piggar på. Dette kan minne om den ytste delen av solatmosfæren, den såkalla koronaen, og denne likskapen er bakgrunnen for namnet.

Du kan lese meir om covid-19-pandemien i Store norske leksikon.

 

Publisert 28. januar 2020 / Oppdatert 27. mars 2020

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.01.2020 | Oppdatert:03.08.2021