– Det trengst meir kunnskap om forvaltinga av norsk språk

No image

(23.6.23) Det er eit behov for kunnskap om dei arenaane og prosessane der norsk språk reint faktisk står på spel, seier Åsne Dahl Haugsevje i Telemarksforsking. Og eit fast forskings- og utviklingsmiljø for norsk språk bør ha hovudsete ved Universitetet i Bergen (UiB), skriv forskargruppa i ein ny rapport.

Rapporten, som er laga på oppdrag frå Språkrådet, vart presentert i Målstova på Nasjonalbiblioteket 23. juni.

Naturleg utviding av eit eksisterande miljø

Telemarksforsking meiner at eit forskingssenter for norsk språk ved UiB vil vera ei naturleg utviding og styrking av det eksisterande fagmiljøet som er knytt til Språksamlingane med Termportalen og ordboksarbeidet som går føre seg der allereie.

– Eit slikt forskingssenter kan bidra til å stimulera kompetansebygginga innanfor terminologi, leksikografi og namnegransking. Ved senteret kan ein også driva forsking på desse områda og dekkja behovet for termbasar, ordbøker og språkdata, seier Åsne Dahl Haugsevje, som har leidd arbeidet med rapporten, når ho presenterer han i Målstova. Ho understrekar behovet for denne kunnskapen.

– Ei gjentakande tilbakemelding frå mange informantar som representerer ulike samfunnssektorar, har vore at det er eit behov for kunnskap om dei arenaane og prosessane der norsk språk reint faktisk står på spel, til dømes i forvaltinga, i utdanningssystemet og i helsesektoren. Dette kan ikkje Kultur- og likestillingsdepartementet ta ansvar for åleine. Språkpolitikk er kulturpolitikk, men det er også langt meir enn det. Dersom norsk skal vera eit samfunnsberande språk i alle delar av det norske samfunnet også i framtida, er det heilt nødvendig å sikra ei forskingsfinansiering på tvers av departementsstrukturen.

Forvaltinga treng spesialistkompetanse på språkfeltet

Målet med eit slikt forskings- og utviklingsmiljø er å syta for at stat, styring, skuleverk og arbeidsliv har tilgang til dei språkverktøya – til dømes ordbøker, korpus, talemålssamlingar og basar over ord, namn eller termar – dei treng for å sikra forsvarleg drift på norsk. I tillegg skal miljøet tryggja at forvaltinga har tilgang til den spesialistkompetansen som trengst for å forvalta lovverka på språkfeltet.

Forskingsgruppa tilrår også at det vert oppretta ein eigen forskings- og utviklingsseksjon i Språkrådet som bør få eit utvida ansvar for å overvaka, kartleggja og dokumentera bruken av norsk i ulike samfunnssektorar.

I tillegg tilrår dei at forsking på norsk språk, særleg i skjeringspunkta mellom teknologi og jus, vert prioritert i programporteføljen til Forskingsrådet, og at denne forskinga vert finansiert av fleire departement i fellesskap.

Språkfaglege emne er under press

Leiv Inge Aa, førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU, representerer dei som rapporten kan få konsekvensar for i universitets- og høgskulesektoren.

– Språkfaglege emne som leksikografi, namnegransking og terminologi har vorte skvisa på alle nivå det siste kvarthundreåret, slår Aa fast.

– Vi skal alle vera einige om at det ikkje akkurat smakar European Song Contest av ord som leksikografi, namnegransking og terminologi, seier han, men avslutningsvis nøstar han opp årsaka til at me må bevara desse faga.

– Når vi stadig driv og skriv, så er det ikkje på grunn av skrivinga i seg sjølv, men det er for å forvalta tenkinga. Og det er på grunn av tenkjeforvaltinga at vi treng desse emna. Her trur eg eit nytt forskingssenter kan verta ein uvurderleg ressurs for oss som står midt i utdanningssektoren med studentar eller elevar. Dette senteret bør brukast!

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, er takksam for at utgreiinga no er på plass.

– Me les tilrådingane frå Telemarksforsking med stor interesse, og me ser fram til å bruka dette viktige kunnskapsgrunnlaget i det vidare arbeidet vårt for å sikra den nødvendige språklege grunnmuren for norsk språk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.06.2023 | Oppdatert:29.08.2023