Sjå høgdepunkt frå Språkdagen!

No image

(6.11.20) Gjekk du glipp av Språkdagen? Her kan du sjå nokre høgdepunkt frå sendinga.

Konferansier Åse Wetås og debattleiar Fredrik Solvang var vertar for Språkdagen, som baud på både innlegg og debattar om helsespråk, språk og digitalisering og mindretalsspråka i Noreg.

Åse Wetås og Fredrik Solvang

Språkdirektør Åse Wetås og NRK-journalist Fredrik Solvang var verter for Språkdagen 2020.

 

Ekstraordinær pris til Espen Rostrup Nakstad

Utan forvarsel vart det delt ut ein ekstraordinær språkpris til assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad. Han får prisen for å ha kommunisert klart og godt gjennom koronakrisen.

– Eg kallar deg berre Espen, sidan eg har spist frukost saman med deg kvar morgon sidan mars, sa direktør i Språkrådet, Åse Wetås, humoristisk da ho skulle dele ut prisen.

Wetås sa vidare at ingen har kommunisert informasjon om smittevern betre enn Nakstad. Han har ein enkel og liketil stil, som gjer vanskelege saker enkle å forstå. Han trekkjer inn eksempel frå kvardagslivet for å forklare kva ulike tiltak inneber i praksis.

Nakstad kvitterte med å seia at han formidlar koronainformasjon med det same språket som han brukar til vanleg, og at det eigentleg ikkje ligg så mykje planlegging bak.

Flest mogleg må forstå. Dei må forstå det same, og dei må forstå det samtidig. Espen Nakstad

Espen Nakstad og Åse Wetås

 

Språkpolitikk er demokratipolitikk

Den nye språklova var eit underliggjande tema for Språkdagen. Lova vart lagd fram i mai og er nå til handsaming i Stortinget.

– Språklova fremjar gode verdiar for eit liberalt demokrati. Ho tek omsyn til ulike mindretal og erklærer staten som fleirspråkleg. Det gjer demokratiet vårt sterkare, sa kultur- og likestillingsminister Abid Raja i opningstalen.

 

Abid Raja og Fredrik Solvang

 

– Kva står eigentleg på spel i språklova? spurte Fredrik Solvang.

– Det norske språket er under eit stort press frå engelsk. Vi er bekymra for at engelsk skal ta over for det norske språket, særleg i akademia og næringslivet, svarte Abid Raja.

Språkpolitikken er ikkje berre Kulturdepartementets ansvar, alle departement må bidra til det beste for innbyggjarane og samfunnet. Abid Raja

Helse, digitalisering og mindretalsspråk

Språkdagen gav publikum interessante debattar om helsespråk, språk og digitalisering og mindretalsspråk i Noreg. Lege Wasim Zahid bidrog med ein video om medisinsk fagspråk, og sametingspresident Aili Keskitalo var intervjua om dei samiske språka.

Situasjonen for hørselshemma barn er verre nå enn for 30 år sidan. Mange døveskular er borte, og dermed finst det færre språkarenaer for barna. Petter Noddeland, generalsekretær i Norges Døveforbund

 

Helgelandssjukehuset brukte to millionar kroner ekstra kvart år fordi ein del pasientar ikkje forstod innkallingsbreva. Nasjonalt kan kostnaden vera over hundre og førti millionar kroner årleg. Vibeke Herikstad, Helse sør-øst

 

Vi brukar ikkje ordet «sjukehus» lenger i Noreg. Vi har helseføretak. Men ganske få forstår skilnaden på eit regionalt helseføretak og eit helseføretak. Det siste er faktisk eit sjukehus. Espen Nakstad, assisterande helsedirektør

 

Det er skilnad på å ha rett og å få rett. Korkje folkerett eller lover verkar av seg sjølve. Skal språkrettane bli realiserte, er ein avhengig av gode system, økonomi og kunnskap. Jon Christian Fløysvik Nordrum

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter