Ledig stilling i Språkrådet (fristen er utløpt)

No image

(12.2.20) I Språkrådet er det ledig eit 12-månaders engasjement som rådgjevar/seniorrådgjevar med juridisk kompetanse. Vi ser etter deg som har solid kunnskap om forvaltninga og forvaltningsjussen, som trivst med nybrottsarbeid, og som er oppteken av språklege rettar.

Arbeidsoppgåver

Som tilsett i denne stillinga får du hovudansvaret for å greie ut om rettar og plikter etter den komande språklova, som Kulturdepartementet legg fram for Stortinget våren 2020. Ei sentral oppgåve blir å lage rettleiingsmateriell om kva den nye lova inneber for ulike aktørar, i samarbeid med andre i Språkrådet. Du skal dessutan drive sakshandsaming, hovudsakleg svare på spørsmål om språklova frå det offentlege og frå privatpersonar.

Kvalifikasjonar

Den som søkjer stillinga, må ha høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå universitet eller høgskole, med juridiske fag i fagkrinsen. Søkjarar må òg ha solid forvaltningsrettsleg kompetanse. Ein må meistre både bokmål og nynorsk.

Den nye språklova vil erstatte reglane som finst i den gjeldande lova om målbruk i offentleg teneste (mållova). Difor er det ein føremon om du har kjennskap til mållova og korleis ho blir brukt i dag.

Vi legg vekt på

  • relevant erfaring frå offentleg sektor
  • erfaring frå utgreiingsarbeid, sakshandsaming og bruk av juridisk metode
  • kjennskap til språkpolitikken
  • evne til å skrive klart, korrekt og presist

Personlege eigenskapar

Du må vere initiativrik og sjølvgåande og kunne ta ansvar for eigne tiltak og prosjekt. Sidan mykje av arbeidet i stillinga vil vere nybrottsarbeid, må du vere analytisk, konstruktiv og idérik. Du må òg ha særs gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønt som rådgjevar i stillingskode 1434, 496 100–542 400 kroner i året (lønssteg 56–61), eller som seniorrådgjevar i stillingskode 1364, 552 800–627 700 kroner i året (lønssteg 62–69). For særleg kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

Staten legg vekt på mangfald. Ein kan søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Språkrådet oppmodar kandidatar som har stått utanfor arbeidslivet, eller som har nedsett funksjonsevne, om å søkje.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Margrethe Kvarenes, telefon 22 54 19 74, mobil 94 89 47 89.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter