Ledig stilling i Språkrådet (fristen er utløpt)

No image

(23.10.19) I Språkrådet er det ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar. Hovudoppgåvene er klarspråksarbeid og kommunikasjonsarbeid.

Medarbeidaren blir tilsett i seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning, men om lag halvparten av arbeidsoppgåvene høyrer inn under seksjonen for kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver

Den tilsette får i oppgåve

  • å fremje klarspråk i offentleg sektor saman med kollegaer i seksjonen og eksterne samarbeidspartnarar
  • å skrive pressemeldingar, kronikkar og reportasjar til publikasjonane Statsspråk og Språknytt
  • å skrive og publisere nyheitsartiklar til nettsidene klarspråk.no og språkrådet.no
  • å arbeide med mediekontakt og sosiale medium

Medarbeidaren skal òg ta del i andre av dei daglege oppgåvene til Språkrådet.

Kvalifikasjonar

Skal du søkje, må du ha høgare utdanning med minst eitt språkfag i fagkrinsen. Stillinga krev dokumentert erfaring frå kommunikasjonsarbeid eller journalistikk og erfaring frå klarspråksarbeid. Du må dessutan ha ein sikker penn, god formidlingsevne og solid kompetanse i begge målformer. Vi kan be deg dokumentere denne kompetansen. Det er eit pluss om du har god kunnskap om forvaltninga og kjennskap til EpiServer og nettutviklingsarbeid.

Personlege eigenskapar

Du må vere initiativrik og sjølvgåande og kunne ta ansvar for eigne tiltak og prosjekt. Sidan mange av oppgåvene i stillinga krev at du samarbeider med andre miljø, må du like utetterretta arbeid og ha særs gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • høve til å påverke utviklinga på klarspråksfeltet i Noreg
  • høve til å arbeide med både dagleg og strategisk kommunikasjonsarbeid
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • god kaffi
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Stillinga vert lønt som rådgjevar i stillingskode 1434, 496 100–542 400 kroner i året (lønssteg 56–61) eller seniorrådgjevar i stillingskode 1364, 552 800–627 700 kroner i året (lønssteg 62–69).

Staten legg vekt på mangfald. Alle kan søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn eller funksjonsevne. Hòl i CV-en er heller inga hindring for å søkje.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Margrethe Kvarenes, tlf. 948 94 789.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter