Ledig stilling i Språkrådet

No image

(30.11.18) Språkrådet har ledig ei fast rådgivar-/seniorrådgivarstilling for deg som ønskjer å arbeide med å styrkje norsk språk i språkteknologiske løysingar. Stillinga er i seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning.

Seksjonen har ansvar for terminologi og fagspråk, språkbruk i høgare utdanning og forsking, språk i arbeids- og næringslivet, språk på kulturfeltet og i media, språkteknologi, strategisk språkrøkt og språklege rettar i samfunnet. Ei av dei viktigaste oppgåvene i seksjonen er å fremje statusen til og bruken av det norske språket på område der det er under press.

Arbeidsoppgåver

Rådgivaren skal arbeide strategisk for å leggje til rette for at språkteknologiske løysingar blir tilgjengelege i norskspråkleg versjon. Rådgivaren skal bidra til å styrkje Språkrådets strategiske arbeid overfor private utviklarmiljø, forskingsmiljø og offentleg sektor for å sikre tilgang til norsk språk i språkteknologiske produkt, både på nynorsk og bokmål og ulike talemål. Dei viktigaste oppgåvene er

  • å kartleggje behov for språkdata til språkteknologisk bruk
  • å arbeide strategisk for å gjere språkdata tilgjengelege for utviklarar av språkteknologi
  • å arbeide strategisk for å sikre tilgang til norsk språk i språkteknologiske produkt
  • å etablere og utvikle kontakt mellom Språkrådet og aktørar i privat og offentleg sektor
  • å skaffe relevant kunnskap om norsk språk i digitale løysingar på ulike samfunnsområde
  • å ta initiativ til og gjennomføre prosjekt med eksterne aktørar for å fremje tilgangen til og bruken av norsk språkteknologi

Når det trengst, skal rådgivaren òg utføre andre arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

Skal du søkje stillinga, må du ha høgare utdanning på masternivå, gjerne språkfag kombinert med samfunnsfag eller IT-fag. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse. Kunnskap om språkteknologi er nødvendig. Vi ønskjer oss ein person med god samfunnsforståing og kjennskap til privat og offentleg sektor. Dessutan må du ha solid kompetanse i norsk (begge målformer) og god formuleringsevne. Det er ein fordel om du har kjennskap til dei andre arbeidsområda i seksjonen.

Eigenskapar

Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å arbeide strategisk, sjølvstendig og heilskapleg. Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • høve til å påverke utviklinga av norsk språkteknologi
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • høve til å trene i arbeidstida

Stillinga blir lønt som rådgivar i stillingskode 1434, 488 500–534 100 kroner i året eller seniorrådgivar i stillingskode 1364, 544 400–619 300 kroner i året.

Språkrådet er ei IA-verksemd.

Staten legg vekt på mangfald. Alle kan søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Nina Teigland, tlf. 22 54 19 67 / 412 19 779.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter