Internasjonalisering og digitalisering pregar i stor grad vilkåra for norsk språk

No image

(21.11.18) Globalisering, migrasjon og ei rivande teknologiutvikling har skapt store endringar i samfunnet. Desse endringane påverkar vilkåra for norsk språk. Skal vi møte utfordringane, treng vi ein sektorovergripande språkpolitikk. Språkrådets framtidsutval peiker ut ei rekke område der norsk språk må styrkast for å halde på statusen som det samfunnsberande språket i Noreg. 

Hausten 2017 nemnde Språkrådet opp eit framtidsutval som hadde som mandat å peike ut dei viktigaste innsatsområda for å sikre at norsk språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk står sterkt på alle samfunnsområde også i framtida. Utvalet har tatt utgangspunkt i stortingsmeldinga om situasjonen for norsk språk i 2008 Mål og meining, og overleverer i dag rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur til kulturministeren.

– Samfunnsutviklinga er den same på felt etter felt med friare flyt av menneske, arbeidskraft og idear – med påfølgande språkleg standardisering, og der særleg engelsk er leiande. Vi finn det att på arbeidsplassen, på skolane, i høgare utdanning og i utviklinga av ny medieteknologi. Språk grip inn i mange sektorar i samfunnet, og vi meiner at fleire departement bør ha ein aksje i språkpolitikken, slik at språk blir det sektorovergripande politikkområdet det bør vere, seier Unn Røyneland, professor ved Universitetet i Oslo og leiar for framtidsutvalet.

Shahzad Rana, Terje Lohndal (nestleiar), Unn Røyneland (leiar), Wegard Harsvik, Hilde Sandvik, Hildegunn Soldal, Hilde Sollid

Viktig å sikre tilgang til språk

Ein raud tråd i rapporten er kor viktig det er med tilgang til språk både for brukarane av norsk, kvensk og norsk teiknspråk. Men også tilgang til å lære norsk språk for innvandrarar, tilgang til å bruke meir enn berre engelsk ved universitet og høgskolar, til eit norskspråkleg medietilbod for både barn og vaksne, og tilgang til talespråksdata på norsk til bruk for digitale assistentar og framtidig velferdsteknologi.

Norsk arbeidsliv er vorte fleirspråkleg. På 2000-talet har arbeidsinnvandringa auka kraftig, og fleire bransjar, til dømes byggbransjen, er dominerte av utanlandsk arbeidskraft. Ved utgangen av 2017 hadde bortimot 280 000 arbeidsinnvandrarar komme frå EØS-området (til dømes frå Polen og Litauen), og denne gruppa har verken rett eller plikt til å lære seg norsk.

 – Mange bedriftsleiarar opplever språkproblem, tryggleiken går ned, og språkproblem har ført til ulykker på fleire arbeidsplassar. Mange av arbeidsinnvandrarane etablerer seg i Noreg, men manglande norskkunnskapar gjer det vanskelegare å få fast arbeid og å bli skikkeleg inkludert i det norske samfunnet. Opplæring i norsk er sentralt i eit fleirspråkleg arbeidsliv, og vi tilrår mellom anna at språkopplæringa for EØS-innvandrarar blir løfta inn på bransjenivå som eit samarbeid mellom styresmakter, arbeidsgivarar og fagforeiningar (trepartssamarbeidet), og at staten stiller krav om at bedrifter som utfører statlege oppdrag, har gitt naudsynt norskopplæring til dei tilsette, seier Unn Røyneland.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, har sett fram til å få rapporten frå framtidsutvalet, og ho vil ta med seg tilrådingane frå utvalet i det vidare arbeidet.

 – Målet er heile tida å sikre at norsk og andre språk i Noreg skal stå sterkt i åra som kjem. Språket er den viktigaste infrastrukturen i samfunnet vårt. Når samfunnet endrar seg, vil også vilkåra til språka våre endre seg. Då er det viktig at vi har relevante språkpolitiske tiltak å sette inn på dei områda der vi ser det er naudsynt, seier språkdirektør Åse Wetås.

 

Kontakt

kommunikasjonssjef i Språkrådet Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter