Seminar om grammatisk kjønn i Trondheim

No image

(7.6.17) Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon arrangerer 14. juni eit seminar om grammatisk kjønn – på fagspråket kalla genus. Det blir innlegg av fagfolk både frå NTNU og andre norske universitet, og spørsmål knytte til grammatisk kjønn i norsk blir drøfta frå ulike synsvinklar.

Genus er eit satsingsområde for fagrådet, som i tida framover tar sikte på å behandle fleire saker om innsnevring av valfridomen for ord som i dag er normerte med to eller tre genus.

Seminaret er ope for alle interesserte. Påmelding er ikkje naudsynt.

Tid: onsdag 14. juni 10.00–15.30
Stad: ISL, Dragvoll, bygg 3, rom 3432

Program
10.00–10.15 Opning – kort innleiing ved fagrådet
10.15–10.55 Philipp Conzett (UiT):
Genusvariasjon i norsk skriftspråk 
10.55–11.35 Terje Lohndal, Mari Nygård og Tor Åfarli (NTNU):
Genustilordning
11.35–12.15 Terje Lohndal,  Guro Busterud og Tina Louise Ringstad (NTNU):
Genus i barnespråk
12.15–13.15 Lunsj (for eiga rekning)
13.15–13.55 Ivar Berg (NTNU):
Genus i diakront perspektiv
13.55–14.35 Hans-Olav Enger (UiO):
Tilfeldig? Neppe! --- Eller kanskje litt.
14.35–14.50 Kaffi
14.50–15.30 Brita Ramsevik Riksem (NTNU):
Nye rammer for språknormering
15.30–15.45 Oppsummering / oppsummerande diskusjon

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter