Ny termliste i lingvistikk ferdig

No image

(7.11.17) – Termlista vår vert nytta av studentane mine, som treng omsetjing av termane dei møter i den engelskspråklege litteraturen, seier Torodd Kinn, professor i nordisk språkvitskap ved UiB.

Eit toårig prosjekt for kognitiv lingvistikk er nettopp ferdig, og ei norsk-engelsk termliste med definisjonar for 113 omgrep er fritt tilgjengeleg i Språkrådets termwiki.

Kognitiv lingvistikk er eit teoretisk rammeverk i lingvistikk som mange språkstudentar møter på – oftast i engelskspråkleg litteratur. Det skapar vanskar når studentane skal skrive norsk, anten på eksamen eller i masteroppgåver. No kan dei slå opp den engelske termen i wikien og få både norsk term og ein forklarande definisjon.

Ei gruppe samansett av forskarar frå HiOA, UiB, UiO og UiT har i to år arbeidd seg gjennom grunnleggjande omgrep i kognitiv lingvistikk. For fleire av omgrepa har det mangla norsk term, og gruppa har difor danna fleire norske fagtermar undervegs, t.d. innprenting for entrenchment og primærdeltakar for trajector.

Termlista er ikkje berre nyttig for studentar. Språkvitarar som forskar innanfor kognitiv lingvistikk, har no eit felles fagspråk dei kan nytte i fagformidling i undervising eller til allmennheita.

Termprosjektet i kognitiv lingvistikk er eit av fleire prosjekt i UH-sektoren som tek sikte på å utvikle termlister mellom norsk og engelsk på sine felt. På Språkrådets nettsider finst ei oppskrift for andre som ønskjer å utvikle slike termlister, og som er basert på erfaringane til desse prosjekta.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter