Utlysing av to oppdrag for prosjekt om genusvariasjon (søknadsfristen er ute)

(12.2.16) Språkrådet ønskjer å gjennomføre eit større prosjekt for å kartleggje genusvariasjon i bokmål og nynorsk, i første omgang variasjon innanfor dagens normer. Målet med prosjektet er å skaffe til vegar oppdatert kunnskap på feltet, som skal gje betre grunnlag for normeringsarbeidet i Språkrådet.

Det er ikkje ein føresetnad at prosjektet treng å munne ut i endringar i bokmåls- og nynorsknorma, men det vil vere eit viktig grunnlag for å vurdere slike endringar.

Første steg av prosjektet inneber eit grunnlagsarbeid i form av to delprosjekt som skal utførast tidleg i 2016. Éin og same person står fritt til å søkje om å få utføre begge delprosjekta.

Delprosjekt 1: Eitt månadsverk til utarbeiding av ei litteraturoversikt i form av ein kommentert bibliografi

Dette delprosjektet går ut på å skaffe oversikt over eksisterande forsking om genusvariasjon og genustilordning i norsk og utarbeide ein kommentert bibliografi over dette. Månadsverket skal òg brukast til skaffe oversikt over forskingsmiljø som er aktive på feltet, og knyte kontaktar til desse miljøa. Arbeidet skal munne ut i ein rapport som inneheld sjølve bibliografien med korte samandrag av (dei viktigaste) arbeida og lenkjer til aktuell og utfyllande informasjon om aktuelle forskingsmiljø.

Kandidatar til oppdraget må ha relevant utdanning på universitets- eller høgskolenivå innan norsk/nordisk språk. Røynsle frå liknande arbeid er ein føremon.


Delprosjekt 2: To månadsverk til å undersøkje korleis valfridommen i rettskrivinga er utnytta på grunnlag av oversikt over inventaret av leksem i Norsk ordbank med to eller tre normerte genus.

Dette delprosjektet går ut på å kartleggje valfridommen i dei gjeldande normene for bokmål og nynorsk gjennom Norsk ordbank og ut frå dette grunnlaget undersøkje korleis valfridommen er utnytta i skriftlege kjelder. Det kan bli nødvendig å gjere eit utval av ord, t.d. substantiv som er både hankjønn og inkjekjønn. Valfridommen skal kartleggjast ved systematisk undersøking av førekomstar i aktuelle korpus, som Leksikografisk bokmålskorpus, Norsk aviskorpus og Norsk Ordboks nynorskkorpus. Arbeidet skal munne ut i ein rapport med skildring av funna undersøkinga har gjeve, og resultata skal leggjast fram i samband med Språkdagen 16. november 2016.

Kandidatar til oppdraget må ha relevant utdanning, helst på masternivå, innan norsk/nordisk språk eller eit anna språkfag. Dei må ha røynsle frå arbeid med datamaskinell behandling av språklege data, til dømes arbeid med korpus eller andre digitale språkressursar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter