Ope dagskurs i nynorsk tysdag 31. januar 2017
(31.10.16) Språkrådet tilbyr eit ope dagskurs i nynorsk for statstilsette, med plass til 25 deltakarar. På kurset går vi gjennom dei viktigaste delane av formverket og stilideala i nynorsken.
Éin dag er ikkje mykje, og Språkrådet ventar difor ein viss forkunnskap i nynorsk. For dei som treng det, tilrår vi nettkurset vårt i nynorsk.
Som ein del av kursopplegget skal deltakarane sende inn sjølvskrivne tekstar før (innsendingsfrist: onsdag 25. januar) og etter kursdagen. Dei får individuell tilbakemelding på begge tekstane.
Tid: tysdag 31.1.17 kl. 8.30–15.30
Stad: lokala til Språkrådet (møterom 70), Observatoriegata 1 B (ved Solli plass) i Oslo
Lunsj er inkludert, og kurset er gratis. Arbeidsgjevaren må dekkje eventuelle kostnader til reise og opphald.
Send påmelding til stat@sprakradet.no snarast råd. Skriv «Påmelding til ope nynorskkurs» i emnefeltet, og få med følgjande informasjon:
- fullt namn
- mobiltelefon
- arbeidsstad/statsorgan
- stilling
- arbeidsområde
Om pågangen blir stor, blir statstilsette som arbeider med skriving for nettsider og sosiale medium, prioriterte. Vi ber deg difor kort fortelje kva arbeidsområde du har, i påmeldinga.
Har du spørsmål om kurset, kan du skrive til stat@sprakradet.no eller ringje Aksel Torsnes Mehlum på tlf. 22 54 19 68.