«Nye perspektiv på språkteknologi» – ope halvdagsseminar om språkteknologi tysdag 15. november

(1.11.16) Korleis går ein fram om ein vil utvikle appar og dataprogram som handsamar språklege inndata? Det er etablert mange grunnlagsressursar innanfor språkteknologi, men kvar går vegen vidare?

Seminaret, som vi arrangerer i samarbeid med Nasjonalbiblioteket, tar føre seg korleis ein kan arbeide vidare med ressursane, og korleis større aktørar på feltet har tatt dei i bruk.

På seminaret syner vi fram korleis ei satsing på språkteknologi opnar for nyvinning og nyutvikling, og vi demonstrerer siste nytt innanfor språkteknologisk og digital utvikling i Nasjonalbiblioteket. Studentar frå UiO og NTNU presenterer masteroppgåvene sine om ressursane i Språkbanken, og det blir føredrag med aktørar frå næringslivet.

Stad: Nasjonalbiblioteket
Tid: 12.30–16.00

Program
12.30 Velkommen v/Nasjonalbiblioteket
12.40 Nasjonalbiblioteket: Om språkteknologisk og digital utvikling
13.10–14.10

Tre masterstudentar frå UiO og NTNU fortel om oppgåvene sine

  • Automatisk utviding av ordnett ved hjelp av vektorrommodellar v/Heidi Sand
  • Ordklassetagging og syntaktisk parsing av norsk v/Petter Hohle
  • Taleattkjenning på norsk v/Øystein Staven
 14.10 Pause
 14.30 Taleattkjenning for alt og alle: Intensjonar, utfordringar og mogelegheiter v/Line Adde, Max Manus
 15.00 Om kunnskapssystemet Watson v/Loek Vredenberg, IBM
 15.30 Avslutning v/Åse Wetås, Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.10.2016 | Oppdatert:09.11.2016