Kompetanseprøver i bokmål og nynorsk, laurdag 12. mars 2016

No image

(7.1.16) I 2006, 2008, 2010 og 2013 heldt Språkrådet kompetanseprøver for språkkonsulentar i bokmål og nynorsk. Laurdag 12. mars 2016 skal vi halde nye prøver.

Prøvene er skriftlege, og ingen hjelpemiddel er tillatne. Dei som greier prøvene, får eit kompetansebevis som viser at dei er svært kompetente språkkonsulentar som Språkrådet utan atterhald kan tilrå statsorgan å bruke.

Tid: laurdag 12. mars 2016
Stad: Høgskolen i Oslo og Akershus, auditorium 3 i Pilestredet 52 (Frydenlund)

Bokmålsprøva blir halden frå kl. 9.00 til kl. 12.30, nynorskprøva frå kl. 13.30 til kl. 17.00.

Det kostar ikkje noko å ta prøvene. Deltakarane må dekkje eventuelle reisekostnader sjølve.

Ein kan ta éi prøve eller båe. Det er plass til om lag 70 kandidatar til kvar av prøvene. Om det er stor pågang, vil dei som har meldt seg først, få plass.

For å kunne ta prøvene må ein ha fullført minst eitt års høgare språkfagleg utdanning i norsk eller framandspråk. Statsautoriserte translatørar kan ta prøva uavhengig av utdanningskravet.

Les meir om nynorskprøva og bokmålsprøva.

Påmeldingsfristen er torsdag 18. februar 2016. Du melder deg på via eit nettskjema.

Etter denne fristen sender vi ut nokre døme på oppgåver som kan bli gjevne på prøvene.

Har du spørsmål om prøvene, kan du kontakte rådgjevar Aksel Torsnes Mehlum på e-post aksel.mehlum@sprakradet.no eller telefon 22 54 19 68.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter