Difi og Språkrådet lanserer nettkurs i klarspråk

No image

(2.6.16) Kven skriv vi eigentleg for i det offentlege? Og korleis kan vi skrive slik at mottakarane forstår? Med nettkurset «Den gylne pennen» får stat og kommune eit gratis kurstilbod til hjelp i kampen mot byråkratspråk og språktåke.

– Vi har jobba med klarspråk i over eit tiår, men det er framleis eit stort behov for bevisstgjering og grunnleggjande informasjon om gode skriveteknikkar i forvaltinga, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås.

Kurset er eit samarbeid mellom Språkrådet og Difi og er ein del av Difis satsing «På nett med læring». Det er eitt av fleire nye nettkurs som blir lanserte i dag. Språkrådet har ansvaret for det språkfaglege innhaldet i «Den gylne pennen». Målgruppa er medarbeidarar i stat og kommune som skriv i jobben sin, men det er sjølvsagt fritt fram å bruke kurset for alle som ønskjer det.

– Klarspråk er eit demokratiprosjekt. Klart forvaltingsspråk bidrar til at fleire forstår kva for rettar og plikter dei har. Med dette kurset kan mange fleire få grunnleggjande kunnskapar om klarspråk, seier Wetås.

Gir ei innføring i klarspråksteknikkane

Kurset er eit grunnkurs som gir ei innføring i dei viktigaste klarspråksteknikkane. I eit teikna univers møter kursdeltakarane innbyggjarar som i ulike situasjonar mottar tekstar frå det offentlege. Ein fagperson rettleiar og forklarar gjennom forelesingar og eksempel, og gjennom oppgåver får deltakarane trene på å følgje råda frå fagpersonen.

Kurset er gratis, og du kan ta det anten aleine eller i gruppe. Det tar 45–60 minutt å gjennomføre heile kurset. I tillegg kan du velje å jobbe med ein eigen tekst parallelt.

Leiarar har ei avgjerande rolle i klarspråksarbeidet, blant anna fordi dei kan leggje til rette for og bidra til å byggje ein skriftkultur der mottakaren står i sentrum. Kurset har derfor òg ein eigen del for leiarar, med råd og rettleiing om deira rolle i klarspråksarbeidet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter