Søk om å bli «Årets nynorskkommune 2015»

(23.10.15) Kulturdepartementet skal kåre årets nynorskkommune i 2015. No ber departementet kommunar som har gjort ein ekstra innsats på nynorskfronten, om å søkje.

Søkjarkommunane må ha arbeidd aktivt med å løfte fram nynorsk som bruksspråk. Det kan vere gjennom tidleg nynorskinnsats i barnehage og skule, aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i tekstar frå kommunen eller gjennom tiltak for å fremje god målbruk blant dei tilsette.

Føremålet med prisen er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane.

Utdelinga blir i desember 2015, og vinnaren får 100 000 kr.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter